Passasjerar går av og på Bybanen på Birkelandsskiftet.

Årsrapport 2023 – strategi for berekraftig mobilitet

Nøkkeltal 2023

Forord

Vis transkripsjon av forordet

2023 har vore eit godt år for utviklinga av kollektivtrafikken i Vestland fylke. Med litt over 89 millionar påstigingar på buss, båt og bybane vart 2023 eit rekordår. Forrige rekord var før koronapandemien, i 2019, med nær 82 millionar påstigingar.

Noko av denne auken har kome på Bybanen. Fjoråret vart det første heile året med to linjer på Bybanen. Dette viser også att på statistikken. Totalt var det litt over 24 millionar påstigingar på bybanen i 2023, mot 19 millionar året før. Her snakkar vi om ein vekst på 27 prosent. Bybanens linje 2 har ikkje minst blitt populær blant dei mange som reiser til og frå Haukeland universitetssjukehus.

Vi har også hatt god vekst i antal påstigingar på buss- og båtreiser. På buss har vi hatt ei auke på ni prosent frå 2022, og på båt har vi hatt ei auke på ti prosent. Det er veldig kjekt å sjå at tilbodet blir godt brukt, og at stadig fleire vel å reise kollektivt.

I strategi for berekraftig mobilitet – som vart vedtatt av fylkestinget i 2021 – vert det blant anna lagt vekt på at vi skal gjere det enkelt å reise. Dette har Skyss jobba mykje med dei siste åra, mellom anna med å gjera kjøpsløysingane våre betre og meir tilgjengelege.

I dag kjøper dei aller fleste billett i app, men det er ikkje alle det passar for. Eitt av alternativa er billettautomatane på bybanestopp. Der har det kome nye automatar på plass i 2022 og 2023. I arbeidet med dette vart det henta inn innspel frå ulike brukargrupper, både når det gjeld fysisk utforming, funksjonalitet og brukargrensesnitt. Høgda på automatane er tilpassa rullestolbrukarar. Dette er små, men viktige steg, når det gjeld å gjera det enklare for alle å reisa kollektivt.

Med strategi for berekraftig mobilitet gjekk Skyss også frå å vere ein kollektivaktør til å vere ein mobilitetsaktør. Vi skal med andre ord ha eit overordna blikk på mobilitet, altså på korleis den enkelte kjem seg rundt. Det inneber også å ta i bruk nye løysingar. Sidan september 2023 har vi, i samarbeid med Miljøløftet og selskapet Nabogo, for eksempel testa ut ei løysing for å fremme samkøyring. Ved hjelp av ein app kan privatpersonar få eller tilby skyss med privatbil mellom Bergen og Askøy og Øygarden.

I denne årsrapporten kan du lese meir om både Bybanen, buss og båt, om kjøpsløysingar og om nye mobilitetsløysingar. Og om mykje anna. Vi i Skyss ønsker deg god lesing.

Målfrid Vik Sønstabø
direktør i Skyss

Frå Haukeland terminal.

Eit godt år for kollektiv­transporten

2023 vart året då vi endeleg kunne friskmelde kollektivtrafikken heilt etter covid19-pandemien. Med ein solid auke i talet på påstigingar i kollektivtrafikken i Vestland i 2023 passerte vi førre toppår, som var 2019.

Totalt var det 89,1 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland i 2023, mot 78,5 millionar i 2022. I 2019 var talet 81,8 millionar. Talet for 2023 vart dermed 14 prosent høgare enn året før, og 9 prosent høgare enn «normalåret» 2019.

Vekst på bybanen etter nyopning

Totalt var det 24,3 millionar påstigingar på bybanen i 2023, mot 19,1 millionar året før, ein vekst på 27 prosent. Ein stor del av denne store auken heng naturleg saman med at linje 2 til Fyllingsdalen vart opna 21. november 2022. 2023 var det første heile året med drift på to linjer, som ga mange fleire reisande totalt sett. Linje 2 fangar opp ein del reisande på Fyllingsdalen terminal som tidlegare reiste med buss, og linja er også blitt særskilt populær blant reisande som skal til og frå Haukeland universitetssjukehus.

Linje 2 har berre ni stopp mot linje 1 sine 27, og delar av traseen går over Mindemyren som er eit område med få reisande i dag, men der det er store utbyggingsplanar for framtida. Reisetala speglar desse tilhøva, og linje 2 er veslebror i nettverket med 4,9 millionar reisande i 2023, mot 19,3 millionar på linje 1.

Linje 1 mellom Bergen sentrum og flyplassen har hatt passasjervekst på eiga hand. I 2022 var det 18,6 millionar påstigingar på denne linja, som auka med 4 prosent til 19,3 millionar i 2023.

Påstigingar på bybanen, per linje

Millionar påstigingar. Linje 2 opna 21. november 2022.

Vis tala bak grafikken
Påstigingar på bybanen, per linje
ÅrLinje 1Linje 2
201918,7 mill.0,0 mill.
202012,4 mill.0,0 mill.
202113,9 mill.0,0 mill.
202218,6 mill.0,5 mill.
202319,3 mill.4,9 mill.

I snitt er det om lag 70 000 påstigingar på linje 1 kvar dag, og om lag 20 000 på linje 2.

Bybanen utgjorde 27 prosent av alle påstigingar på kollektivtrafikken i Vestland i 2023.

Ni prosent auke for buss

Det var ein auke på ni prosent for påstigingar på buss i heile Vestland samanlikna med 2022. Hovudvekta av trafikken er i Bergen og dei kringliggande kommunane. Bergensområdet sto for 92 prosent av påstigingane på buss, bybane og hurtigbåt i heile Vestland i 2023.

Passasjerutviklinga for buss på innfartsårene til Bergen sentrum var aukande heile året. Den største veksten har kome på innfartsårer der Skyss har endra eller styrkt rutetilbodet. E39 mellom Os og Bergen vart fornya med motorveg mellom Svegatjørn-Rådal, som opna 31. oktober 2022. Skyss endra busstilbodet for å tilpasse det til nytt og gammalt vegnett, og det samla talet på bussavgangar auka. Det nye veganlegget gjorde det lettare for bilistane, og ein var på førehand usikker på effekten for bussane, men nye linje 600 mellom Osøyro og Bergen vart ein stor suksess. Høge passasjertal gjorde at Skyss styrkte busstilbodet ytterlegare i mars 2023. Tilbodet er enkelt å forstå for dei reisande og har høg frekvens i rushtida, med avgangar opptil kvart 10. minutt. Samstundes er det høge bomkostnadar for privatbil og låge busstakstar på strekninga, og effekten syner at slike insentiv fungerer etter hensikta.

Svært gode reisetal for båt

Båtrutene til Skyss hadde over 1,7 millionar reisande i heile Vestland i 2023. Dette var ein auke på 10 prosent frå året før, og 17 prosent høgare enn før pandemien.

Nordhordlandsruta hadde 164 000 påstigingar i 2023, mot 117 000 i 2022, som er ein auke på heile 40 prosent. Veksten heng truleg saman med reduksjonen av billettprisen 20. juni 2022, då reiser med båten fekk same pris som bussreiser innanfor sone A. 2023 var det første året med full effekt for denne endringa.

Talet på reisande på Askøyruta auka også, med 657 000 påstigingar i 2023 mot 588 000 i 2022, noko som utgjer ein vekst på 12 prosent.

Fleire reiste med ferje

På fylkesvegferjene var det nær 5,4 millionar passasjerar i 2023, ein auke på 3 prosent. Det var nær 3,1 millionar køyretøy som reiste med ferjene, eller opp mot 4,4 millionar personbileiningar i 2023, som er 5 prosent meir enn året før.

Bestillingsbuss på Tertnes

I oktober 2022 starta Skyss opp eit toårig prøveprosjekt med bestillingsbuss på Tertnes, og 2023 var det første heile året tilbodet var i drift. Tilbodet er ein minibuss som folk kan bestille på førehand for å reise mellom Tertnes og sentrale delar av Åsane, frå morgon til ettermiddag på kvardagar. Bestillingsbussen hentar folk der dei er og køyrer dit dei skal. Ruta vert digitalt planlagt i sanntid etter kvar dei reisande skal.

Det vart køyrd 6400 turar for i alt 11 000 passasjerar i 2023. Nøkkeltala som syner om ei bestillingsteneste er effektiv og berekraftig, har betra seg jamt gjennom året etter kvart som Skyss har jobba med kontinuerlege forbetringar og justeringar.

80 prosent av brukarane nyttar digital sjølvbetening. Dette er eit godt signal om at tenesta lar seg skalere til andre område. Samkøyringsgraden (talet på turar som blir køyrd med fleire passasjerar) er 46 prosent, som er eit sterkt tal både nasjonalt og internasjonalt. Det er i snitt 1,7 passasjerar per bestilling, og stort sett køyrer bussen med fleire enn ein passasjer.

Kostnaden per passasjer gjekk ned frå 400 kroner i desember 2022 til 144 kroner i desember 2023, medan kostnaden per tur vart redusert frå 390 kroner til 240 kroner. Av 6400 turar var det berre 40 turar som vart forseinka utover dei 15 minutta som er lagt inn som margin med tanke på hentefleksibilitet og moglege omkøyringar.

Gode reisetal for bybussane i Førde og Florø

I juni 2022 innførte Skyss takstsoner for buss i heile Vestland. Dette erstatta avstandsbasert prising av bussreiser i Sogn og Fjordane. I Førde og Florø vart det misnøye, fordi bybussane hadde hatt eigne prisar der billetten berre kosta 20 kroner for vaksen. Med dei nye takstsonene vart prisen for korte reiser inne i Førde og Florø dobla til ny minstepris, som var 40 kroner.

I 2023 syner reisetala for bybussane at bruken ikkje vart råka av prisendringa. Frå 2022 til 2023 auka talet på påstigingar på bybussen i Florø med heile 22 prosent, og passerte med god margin 2019, normalåret før pandemien. I Førde hamna 2023 like oppunder tala frå 2019, og veksten frå 2022 til 2023 var på solide 14 prosent.

Påstigingar på bybussane i Førde og Florø

Tusen påstigingar

Vis tala bak grafikken
Påstigingar på bybussane i Førde og Florø
ÅrFørdeFlorø
2019159 000147 000
2020113 000113 000
2021126 000124 000
2022136 000134 000
2023155 000163 000

Samkøyring i Askøy og Øygarden

Sidan september 2023 har Skyss i samarbeid med Miljøløftet og selskapet Nabogo testa ut eit pilotprosjekt for samkøyring. Ved hjelp av ein app kan privatpersonar få eller tilby skyss med privatbil mellom Bergen og Askøy og Øygarden. Både passasjer og sjåfør blir påskjøna for å reise saman: Den som køyrer, får eit tilskot på minst 15 kroner for kvar passasjer. Passasjeren reiser gratis dei første 10 kilometrane, og får heile reisa inkludert om hen har periodebillett frå Skyss. Appen har fast definerte hentepunkt som gjer det lett å bestille og bekrefte turar for passasjer og sjåfør.

Før start estimerte ein om lag 100 samkøyringsturar i veka, men 1762 personar har lasta ned Nabogo-appen, og fram til veke 2 i 2024 vart det gjennomført 10 132 samkøyringsturar til og frå Askøy og Øygarden, og over 6000 turar internt i Bergen kommune.

Prosjektet har førebels finansiering ut 2024.

Eldre mann og ung kvinne pratar saman på bussen.

Kor nøgd er befolkninga og dei som reiser?

Gjennom Kollektivbarometeret / Benchmarking in European Service of Public Transport (BEST) får vi tal som syner kor nøgde befolkninga er med ulike sider av kollektivtilbodet.

Dei som svarer på undersøkinga, må ta stilling til ei rekkje påstandar, og prosentdelane som blir vist under, er dei som er heilt eller delvis samde.

For fleire av punkta er prosentdelen sett med utgangspunkt i snittverdien frå fleire ulike spørsmål eller påstandar dei som har svart har tatt stilling til. Talet for tilfredsheit med kollektivtilbodet tar til dømes utgangspunkt både i kor samd befolkninga er i at kollektivtrafikken fungerer godt til ulike reiseformål (arbeid, skole og fritid) og ulike stader (i og utanfor sentrale område), og også i påstandar knytt til avstand til haldeplass, til reisetid, til ventetid ved overgangar og til talet på avgangar. Talet for «valuta for pengane» tar utgangspunkt både i om befolkninga opplever at kollektivtrafikken gir verdi for pengane, om prisane er rimelege og om Skyss har eit utval av billettar som dekker behovet.

Generelt ser vi små endringar frå 2022 til 2023.

Om vi samanliknar kollektivtilbodet på Vestlandet med tilbodet andre stadar i Skandinavia, ser vi at vi scorer bra på både punktlegheit, opplevinga av tryggleik og sikkerheit og opplevinga av at ein får valuta for pengane.

Kollektivbarometeret / BEST 2023: Vestland samanlikna med andre område

Del av befolkninga som er heilt eller delvis samde, prosent

VestlandDei andre områda
Samanlikn med:

Tal på svar: Vestland 1 965, Helsinki 2 230, København 1 409, Oslo / Akershus 1 013, Trøndelag 2 383, Rogaland 1 017. Kjelder: BEST 2023 (Vestland, Helsinki, København og Oslo / Akershus) og Kollektivbarometeret 2023 frå Kollektivtrafikkforeningen / Epinion (Trøndelag og Rogaland).

Vis tala bak grafikken
Kollektivbarometeret / BEST 2023: Vestland samanlikna med andre område
IndeksVestlandHelsinkiKøbenhavnOslo / AkershusTrøndelagRogaland
Kollektivtilbodet57 %74 %62 %74 %55 %57 %
Punktlegheit78 %78 %56 %62 %67 %66 %
Informasjon54 %69 %54 %62 %55 %59 %
Personalet si framferd79 %71 %74 %73 %80 %70 %
Tryggleik83 %76 %73 %81 %83 %80 %
Komfort70 %78 %62 %70 %73 %69 %
Kollektivtrafikken si rolle i samfunnet77 %76 %68 %80 %77 %73 %
Valuta for pengane53 %52 %37 %44 %43 %54 %
Befolkningstilfredsheit54 %72 %51 %70 %50 %52 %

Ein må ha i mente at undersøkinga er gjennomført blant eit representativt utval av befolkninga i Vestland fylke, som inkluderer både kollektivreisande og dei som ikkje reiser kollektivt. Derfor er det relevant å samanlikne med resultat frå ombordundersøkinga, som er gjennomført blant kollektivreisande i Vestland fylke.

I denne ser vi at 88 prosent er tilfredse med rutetilbodet til bybanen, 74 prosent er tilfredse med rutetilbodet for buss og 65 prosent er tilfredse med rutetilbodet for båt. Det er høgare tilfredsheit med tilbodet i bergensområdet enn utanfor. Det heng naturleg saman med at kollektivtilbodet er meir utvikla der, og med at rundt 85 prosent av påstigingane våre er i bergensområdet.

Også tala frå Kollektivbarometeret/BEST syner skilnader i korleis kollektivtilbodet vert opplevd i bergensområdet samanlikna med resten av Vestland. I bergensområdet er innbyggarane til dømes meir nøgde med informasjonen om kollektivtilbodet, noko som gjerne heng saman med at ein i større grad kan prioritere digitale avgangsskjermar, oppdaterte ruteplakatar og informasjon på haldeplassar.

På den andre sida er opplevd komfort betrakteleg høgare i resten av Vestland fylke enn i bergensområdet.

Kollektivbarometeret / BEST 2023: bergensområdet og resten av Vestland

Del av befolkninga som er heilt eller delvis samde, prosent

Vis tala bak grafikken
Kollektivbarometeret / BEST 2023: bergensområdet og resten av Vestland
IndeksBergensområdetØvrig Vestland
Kollektivtilbodet64 %45 %
Punktlegheit78 %79 %
Informasjon60 %43 %
Personalet si framferd77 %82 %
Tryggleik83 %83 %
Komfort69 %71 %
Kollektivtrafikken si rolle i samfunnet78 %75 %
Valuta for pengane53 %51 %
Befolkningstilfredsheit62 %42 %

Kor nøgde er dei reisande?

Mens Kollektivbarometeret / BEST er undersøkingar i befolkninga, har Skyss også tal frå kontinuerlege målingar av kundetilfredsheit gjennomført om bord i transportmidla våre. Her har vi i 2023 spurt 15 893 passasjerar om mellom anna tilfredsheit med reisa, inntrykk av Skyss, punktlegheit og tilfredsheit med rutetilbodet.

Frå undersøkingane ser vi at tilfredsheita hos dei reisande er høg. På ein generell basis held den seg på over 90 prosent både på reiser med båt, buss og bybane. Her går det igjen at tilfredsheita er høgst på reiser med båt, men på spørsmål om tilfredsheit med rutetilbodet er det bybanen som har best resultat.

Ombordundersøkinga 2023: kor nøgde er dei reisande?

Del av passasjerane som er nøgde, prosent

Vis tala bak grafikken
Ombordundersøkinga 2023: kor nøgde er dei reisande?
IndeksBussBybaneBåt
Alt i alt tilfredsheit med denne reisa93 %94 %98 %
Inntrykk av Skyss84 %87 %85 %
Punktlegheit84 %88 %95 %
Tilfredsheit med rutetilbodet74 %88 %65 %

Kundane si oppleving av informasjonsarbeidet til Skyss

I 2023 har Skyss også gjennomført ei merkevareundersøking. Undersøkinga blir gjennomført årleg i eit tverrsnitt av befolkninga i Vestland fylke og måler Skyss sitt omdømme, haldningar til Skyss, kunnskap om tilbodet til Skyss og tilfredsheit med tilbodet til Skyss.

I undersøkinga kjem det fram at kundane er svært nøgde med informasjonen dei får om billettløysingane, og at dei synast det er enkelt å kjøpe billettar. Her har vi hatt ein auke på heile seks prosentpoeng, som tyder på at dei nye billettordningane har gjort reisekvardagen til kundane enklare. Undersøkinga tyder også på at vi har blitt betre på å nå ut med god informasjon om reisemoglegheitene, med ein auke frå 42 prosent til 50 prosent som synast det er lett å finne informasjon om korleis ein byter mellom ulike linjer.

Merkevareundersøkinga: billettar og informasjon

Del av befolkninga som er samde, prosent

Vis tala bak grafikken
Merkevareundersøkinga: billettar og informasjon
Påstand20232022
Skyss sine billettar er enkle å bruke69 %68 %
Skyss sine billettar er enkle å få kjøpt75 %69 %
Skyss har billettar som passar for meg og mine reisebehov52 %53 %
Det er lett å finne informasjon om korleis ein skal byte mellom ulike linjer50 %42 %
Skyss sitt rutetilbod er enkelt å forstå62 %65 %

Marknadsaktivitetar i 2023

Dei tre viktigaste prioriteringane for marknadsarbeidet i 2023 var:

  • Salsfremjande tiltak for å auke bruken av kollektivtransport i heile Vestland
  • Tiltak for å styrke merkevara
  • Tiltak for å redusere snikandelen

Salsfremjande tiltak

Målet for Skyss sine salsfremjande tiltak er å stimulere til å ikkje bruke eigen bil, men snarare velje alternativ, inklusive kollektivtransport. På dette området vart det mellom anna gjennomført ein kampanje retta mot arbeidsreisande, kalla «Kvardagsluksus».

Det vart også gjennomført ei rekkje bedriftsbesøk og utarbeidd ein konkurranse retta mot bedrifter for å få flest mogleg til å la bilen stå, «Billettlotteriet».

I løpet av 2023 hadde vi ein eigen kampanje i samband med dobling av bompengetakstane for elbil, og vi lanserte ein bilkalkulator etter modell frå Kolumbus. Vi har også hatt kampanjar knytt til innføringa av 40 prosent rabatt på enkeltbillett for student, den utvida familierabatten, og for ungdomsbilletten, periodebillettar og bodskap retta mot nye studentar.

Filmsnutt frå kampanjen «Kvardagsluksus».

Vis transkripsjon

Video utan lyd, og med teksten «Kvardagsluksus er å sleppe bekymringa for at bompengar for el-bil doblar seg. Velkommen om bord!», og bilete av ein raud elbil som undervegs i filmen blir til to raude elbilar.

Styrke merkevara

Merkevarebyggande aktivitetar er ein viktig del av marknadsarbeidet, og vi har hatt «drypp» gjennom heile året med små filmsnuttar, som har vore dels nye produksjonar og dels gjenbruk frå tidlegare.

Vi har også hatt eigne kampanjeaktivitetar for å påverke unge til å få gode kollektivvaner alt frå ung alder.

Redusere snikandelen

Snik medfører betydeleg tapte inntekter for Skyss, og med det mindre pengar å bruke på kollektivtilbodet.

Haldningsskapande arbeid for å redusere snik er derfor viktig. Vi har hatt kampanjeaktivitetar heile året, og hausten 2023 lanserte vi ein ny snikkampanje kalla «Gladmelding».

To reisande ser på ein mobiltelefon.

Nye betalings­løysingar og kjøps­kanalar

I Skyss har vi eit mål om å forenkle og forbetre tenestene våre. Dette inneber mellom anna å sikre brukarvennlege salskanalar og betalingsløysingar.

Kundane våre skal oppleve ein enkel og effektiv reisekvardag. For dei fleste er mobilappen den enklaste måten å kjøpe billett på. I appen kan ein kjøpe alle billettar Skyss tilbyr, for buss, båt og bybane.

Dei som treng alternative betalingsløysingar, kan kjøpe billettar i nettbutikk, på automatar langs bybanen eller om bord i bussar og båtar.

I 2023 blei det gjennomført 13,3 millionar kjøp. Over 85 prosent av billettane blei kjøpt i digitale kanalar, og Skyss billett-appen stod for 82 prosent av kjøpa. I sone A blei 88 prosent av billettkjøpa gjort via mobilappen. Utanfor sone A blir dei fleste billettane framleis kjøpt om bord i bussen, og berre 40 prosent av kjøpa via mobilappen. Det syner at vi har eit potensial for å auke graden av digitale kjøp utanfor sone A.

Billettkjøp per salskanal, 2023

Prosent av kjøpa

Vis tala bak grafikken
Billettkjøp per salskanal, 2023
OmrådeMobilappOm bordBillettautomatKommisjonærNettbutikkSMSKundesenter
Heile Vestland82,4 %9,9 %3,6 %1,6 %0,5 %1,7 %0,3 %
Sone A87,6 %3,9 %4,1 %1,7 %0,4 %1,9 %0,3 %
Utanfor sone A40,1 %58,5 %0,0 %0,5 %0,8 %0,0 %0,0 %
Billettkjøp per salskanal for honnør og barn, 2023

Prosent av kjøpa

Vis tala bak grafikken
Billettkjøp per salskanal for honnør og barn, 2023
KategoriMobilappOm bordBillettautomatKommisjonærNettbutikkSMSKundesenter
Honnør77 %17 %3 %0 %0 %3 %1 %
Barn78 %15 %2 %0 %2 %3 %0 %

Nye billettautomatar

Sidan det ikkje er billettsal om bord i bybanen, tilbyr Skyss kundar utan app å betale for reisa på billettautomatar på haldeplassane.

Dei gamle automatane kom i drift i samband med oppstarten av linje 1 i 2010. Etter eit dusin år var teknologien moden for utskifting. Langs linje 2 stod nye automatar klare då linja opna i november 2022. Langs linje 1 var alle dei nye automatane på plass i mars 2023.

I arbeidet med nye automatar har Skyss henta inn innspel frå ulike brukargrupper, både når det gjeld fysisk utforming, funksjonalitet og brukargrensesnitt. Automatane har mellom anna teleslynge og tekstopplesing for personar med synsvanskar. Høgda på automatane er tilpassa rullestolbrukarar.

På dei nye automatane kan du kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett for sone A, det same som du kan kjøpe om bord i buss. På automatane betaler du med bankkortet, og etterpå kan du bruke bankkortet som billett.

Auka salstal tyder på at dei nye automatane er enklare å bruke enn dei gamle. 500 000 kjøp i 2023 er ein auke på 45 prosent frå 2022.

200 000 av desse billettane blei kjøpte i juni, juli og august, noko som tyder på at også turistar og tilreisande har funne dei nye automatane enklare å ta i bruk. Automatane på haldeplassane Bergen lufthavn, Byparken og Nonneseter hadde flest kjøp. Aller flest billettar vart selde ved Bergen lufthavn: 150 000.

Ny kjøpsløysing for hurtigbåtar

I november 2023 blei ei ny kjøpsløysing også sett i drift på ti båtar drifta av Rødne, GulenSkyss og Norled. Utstyret er mobilt, noko som inneber at billettøren kan ta med seg utstyret rundt i båten og selje billettar der passasjerane sit. Også her fungerer betalingskortet som reisebevis.

Den tekniske løysinga er allereie tatt i bruk på bussar i Hordaland, og vil etter kvart også bli tatt i bruk på båtar og bussar i heile Vestland fylke.

Ny kjøpsløysing for verksemder og organisasjonar

I arbeidet med å forenkle og forbetre kjøpsløysingane, har Skyss jobba vidare med ei fakturaordning som betalingsmåte for verksemder og organisasjonar.

Løysinga legg til rette for at registrerte brukarar i aktuell verksemd eller organisasjon kan velje faktura som betalingsmåte i mobilappen eller i nettbutikken. Ho var lansert til eit utval bedrifter og organisasjonar i 2023, og 16 000 kjøp blei gjennomført.

Kjøpsløysinga vil bli lansert for heile marknaden i 2024.

Reiserabatt

I desember 2022 blei det vedtatt at Skyss skulle undersøke korleis ein kunne tilby eit billettprodukt som var tilpassa nye reisevanar og større behov for fleksibilitet.

Eit forstudium med 1000 testbrukarar vart gjennomført. Målet var å gjere det meir attraktivt for dei som reiser av og til å oftare la bilen stå att heime. 75 prosent av dei som deltok i forstudiet, uttrykte at det var lettare å velje kollektivt med fleksible billettar.

Tenesta har fått namnet Reiserabatt og fungerer slik at dei som kjøper enkeltbillett for vaksen, tener opp ein personleg rabatt per enkeltbillett dei kjøper innanfor ein periode på 30 dagar. Jo fleire enkeltbillettar du kjøper, jo billigare vert den neste enkeltbilletten, opptil maksimalt 40 prosent rabatt.

Responsen frå testgruppa synte at tenesta traff eit behov hos dei som reiser av og til. Over 85 prosent av testgruppa meinte at dei blei motiverte til å reise meir kollektivt når dei fekk rabatt på billetten. 96 prosent ytra at dei ville anbefale andre å ta i bruk reiserabatt. Hausten 2023 blei det vedtatt å tilby ordninga i heile Vestland fylke for dei som reiser med vaksen enkeltbillett, gjeldande frå 1. februar 2024.

Mobil skoleskyssbillett

Billettløysinga for skoleskyss har vore prega av manuelle prosessar. I 2022 starta Skyss ei utgreiing for å avdekke utfordringar og behov ved løysinga og finne ut korleis vi kunne forbetre den for elevane. Utgreiinga førte fram til eit pilotprosjekt med mobilbasert skoleskyssbillett i januar og februar 2023.

Her fekk 28 elevar ved Storetveit ungdomsskole og Voss vidaregåande skule teste den mobilbaserte billettløysinga. Tilbakemeldinga frå elevane var at dei opplevde løysinga som enklare å bruke og at det vart lettare å hugse reisebeviset når det var tilgjengeleg på telefonen. Den nye løysinga er kostnadseffektiv for Skyss og sparer oss for ei omfattande utsending av skolereisekort og oblat. Ho sparer også skolane for administrasjonsarbeid.

Det blei gjort nokre justeringar etter tilbakemeldingane i pilotprosjektet, og frå og med skolestart 17. august 2023 kunne elevar med rett til fri skoleskyss ved ungdoms- og vidaregåande skolar i Vestland, velje å få skoleskyssbilletten sin i Skyss Billett-appen. Løysinga er valfri. Ei evaluering av den nye skoleskyssbilletten blei gjennomført vinteren 2023/24 og syner høg brukartilfredsheit, med ein score på 4,34 av 5.

Grunna tilbakemeldingar knytt til ei undersøking blant føresette, og også på bakgrunn av politiske signal knytt til mobilbruk i skolen, har Skyss valt å avvente vidare utviding av tilbodet til barneskolen.

Ung gut på kollektivtransport, med mobiltelefon i handa.

Skoleskyss

Skyss har ansvar for skoleskyss.

Skoleskyss er ei lovpålagt oppgåve, og skoleskyssen skal vere med på å sikre barn og unge lik rett til opplæring, uavhengig av økonomisk bakgrunn, fysiske føresetnader, bustad og geografi. Mange stader utgjer han også ei grunnstamme i kollektivtrafikken.

I 2023 fekk om lag 20 500 elevar i grunnskolen i Vestland innvilga skoleskyss. Av desse hadde om lag 3150 elevar tilrettelagt skoleskyss med drosje eller privat skyssløysing.

I og nær bergensområdet nyttar elevane i vidaregåande skole som hovudregel 30-dagars ungdomsbillett til skoleskyssen. I resten av fylket fekk om lag 5000 elevar innvilga skoleskyss. 650 vidaregåande skoleelevar har tilrettelagt skoleskyss med drosje eller privat skyssløysing.

Når ein ser på grunnskole og vidaregåande skole samla sett er det altså rundt 3800 elevar som har tilrettelagt skoleskyss. Dette vil framstå som ein auke samanlikna med tidlegare år, men denne er i røynda eit resultat av at vi tidlegare mangla reelle tal for område i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Det reelle talet på elevar som får tilrettelagt skoleskyss er relativt likt for dei to åra.

Skyssbehovet heng tett saman med korleis skoledagen er organisert på kvar skole, og Skyss har derfor lagt vekt på tett dialog med kommunar og skolar gjennom året. Årleg vert det gjennomført informasjonsmøte for skolane og eit kommunekontaktforum for skoleskysskontaktane i kommunane.

Betre samordning på tvers av skoleruta og start- og sluttidene bidrar til meir effektiv organisering av skoleskyss. Det kan også gi innsparingar i transportutgiftene. Samtidig er behovet for og kostnadene knytt til skoleskyss påverka av ei rekkje tilhøve, mellom anna lokalisering av ulike studieretningar for vidaregåande skolar, større variasjon i ulike timeplanar for elevar og talet på elevar som har delt bustad.

To menn på buss.

Energi og utslepp

Den fylkeskommunale kollektivtransporten hadde eit samla klimagassutslepp på 101 800 tonn CO₂-ekvivalentar i 2023. Det er 11 prosent meir enn året før.

I Utviklingsplan for Vestland (vestlandfylke.no) heiter det at Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030.

Ein stor del av klimagassutsleppa i Vestland har kome og kjem frå energibruk i transportsektoren. Å gå over til nullutsleppsdrift i kollektivtransporten og mobilitetssystemet elles er derfor eit naudsynt bidrag for å nå både regionale og nasjonale klimamål. I 2019 var CO₂-utsleppet frå fylkeskommunal kollektivtransport på 157 000 tonn. Dei siste åra har dette gått markant nedover.

Auken i dei fylkeskommunalt berekna klimagassutsleppa dei siste to åra heng saman med utfasinga av biodrivstoff i bussdrifta.

Klimagassutslepp frå fylkeskommunal kollektivtransport

Tusen tonn CO₂-ekvivalentar

Bybanen står for om lag 200 tonn i året. Det er for lite til å synast i grafikken, men er med i totalen og i tabellen.

Vis tala bak grafikken
Klimagassutslepp frå fylkeskommunal kollektivtransport
ÅrBussBybaneBåtFerjeTotalt
201944,0 tusen tonn0,2 tusen tonn46,0 tusen tonn67,0 tusen tonn157,0 tusen tonn
202028,0 tusen tonn0,2 tusen tonn44,0 tusen tonn50,0 tusen tonn122,0 tusen tonn
202118,0 tusen tonn0,2 tusen tonn45,0 tusen tonn33,0 tusen tonn96,0 tusen tonn
202221,0 tusen tonn0,2 tusen tonn47,0 tusen tonn23,0 tusen tonn92,0 tusen tonn
202336,0 tusen tonn0,2 tusen tonn47,0 tusen tonn19,0 tusen tonn102,0 tusen tonn

Store utsleppskutt i ferjedrifta sidan 2016

Også i 2023 bidrog dei store investeringane som er gjort i elektriske ferjer, til ytterlegare reduksjon av drivstoffbruk og utslepp. Dei nye kontraktane for ferjesambanda i Hordaland blei starta opp i 2018–2020. I Hordaland har ein kutta heile 86 prosent av klimagassutsleppet frå ferje mellom 2016 og 2022.

Årlege utslepp frå ferje

Tonn CO₂-ekvivalentar

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp frå ferje
ÅrFerje
201967 000 tonn
202050 000 tonn
202133 000 tonn
202223 000 tonn
202319 000 tonn

Sidan 2019 har det vore innført fleire tiltak. På den eine sida gav elektriske bussar i Bergen sentrum og gassbussar i Bergen nord lågare klimagassutslepp frå 2021. På den andre sida vart det innført biodrivstoff i konvensjonelle dieselbussar i fleire kontraktar frå 2019, men dette tiltaket er reversert. Miljødirektoratet har vurdert at 100 prosent biodrivstoff ikkje fører til utsleppskutt utover omsettingskravet, og ein kan derfor rekne med at svinginga i klimagassutsleppet for buss ikkje er reell. Like fullt peiker Miljødirektoratet på at det nasjonale omsettingskravet til biodrivstoff i vegtrafikken gir faktiske utsleppskutt og at minst 15,5 prosent av drivstoffet i bussdrifta kjem frå fornybare kjelder.

I sum har ein med elektrifisering, biogass og omsettingskravet kutta klimagassutsleppet frå buss i Vestland med om lag 30 prosent frå 2018 til 2023.

Årlege utslepp frå bussar i trafikk for Skyss

Tusen tonn CO₂-ekvivalentar

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp frå bussar i trafikk for Skyss
ÅrBuss
201944 tusen tonn
202028 tusen tonn
202118 tusen tonn
202221 tusen tonn
202336 tusen tonn

Straum til elektriske bussar og bybane vert kjøpt inn med opphavsgarantiar som gir svært låge utslepp i høve energiforbruket. Bybanen er særskilt effektiv: Dei to bybanelinjene står for kvar fjerde reise med buss og bybane, men klimagassutsleppet frå drifta utgjer mindre enn ein prosent av klimagassutsleppet til kollektivtransporten i Vestland.

For båtdrifta blei det ikkje sett i verk utsleppsreduserande tiltak i 2023. Klimagassutsleppa er tilnærma like som i 2022.

Kor står vi i overgangen til nullutslepp?

Skyss har eit mål om å basere alle transportmidla våre i mobilitetssystemet på nullutsleppsteknologi. Dei siste åra har det skjedd ei større utskifting av køyretøy og fartøy som trafikkerer for Skyss. Alle bybanevognene går på straum, mens 22 av 28 ferjer no er hybridfartøy med hovudsakleg elektrisk framdrift. Gassbussar og elektriske bussar drivne på fornybar energi utgjer til saman 20 prosent av bussane i fylket. Alle båtar blir per i dag drivne på konvensjonelt drivstoff. Dette biletet har ikkje endra seg i 2023.

Pågåande arbeid og prognose

Fleire tiltak vil redusere klimagassutsleppet frå fylkeskommunal kollektivtransport i Vestland ytterlegare i løpet av dei neste åra, gjennom politisk vedtatte krav til nullutslepp:

  • Utsleppskutt i lokale båtruter i Sogn og Fjordane med oppstart frå mai 2024: 2400 tonn CO₂.
  • Utsleppskutt i båtrutene til Askøy og Nordhordland, med oppstart frå januar 2025: 2700 tonn CO₂.
  • Utsleppskutt i båtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm frå 2026: 17 000 tonn CO₂.
  • Utsleppskutt i busskontraktane Hardanger/Voss, Modalen/Vaksdal og Nordfjord frå juni 2025: 4600 tonn CO₂.

Gjennom desse vedtatte tiltaka vil om lag 30 prosent av båtane i kollektivtransporten i Vestland bruke straum eller tilsvarande som hovudenergiberar innan 2027. Vidare vil om lag 30 prosent av bussane nytte straum eller biogass innan 2025. Det gir eit estimert kutt i klimagassutsleppet på 22 prosent i høve 2023.

Utslepp i 2023 og prognose med vedtekne tiltak

Tusen tonn CO₂-ekvivalentar

Taxi (310 tonn i 2023, 5 tonn i prognosen) og bybanen (212 tonn i 2023, 168 tonn i prognosen) er for små til å synast i grafikken.

Vis tala bak grafikken
Utslepp i 2023 og prognose med vedtekne tiltak
Transportmiddel2023Prognose (med vedtekne tiltak)
Buss36 tusen tonn31 tusen tonn
Båt47 tusen tonn25 tusen tonn
Ferje19 tusen tonn19 tusen tonn

For resten av klimagassutsleppa blir det allereie arbeidd med å greie ut nye tiltak: Dagens kontraktar for ferje i Sogn og Fjordane, båtkontraktane i Hordaland og fleire busskontraktar i distriktet skal i hovudsak alle bli fornya innan 2029.

Følgjande utsleppsfaktorar er lagt til grunn for berekninga:

Utsleppsfaktorar lagt til grunn for berekninga
DrivmiddelMJkWhkg CO₂e/kWh (inkl. CH₄ og N₂O)
MGO (tonn)42 70011 861,110,267
Biodiesel (tonn)44 10012 250,000,142
Autodiesel (liter)36,210,10,267
Berekraftsertifisert biodrivstoff (liter)32,31368,980,107
Avansert biodrivstoff (liter)34,39,530,053
Naturgass (Sm³)35,4249,840,023
Biogass (Sm³)35,429,840,020
Straum (kWh)3,61,000,075
Fornybar straum (kWh)3,61,000,011
Under brua på Fløen.

Tal og data

Økonomi

Brutto driftskostnader (kr)
Post20232022
Buss2 426 699 0002 082 656 000
Bybane301 381 000267 971 000
Båt456 535 000377 125 000
Ferje1 274 770 0001 125 021 000
Skoleskyss157 294 000248 053 000
Administrasjon og drift219 921 000194 403 000
Brutto driftskostnader4 836 600 0004 295 229 000
Driftsinntekter (kr)
Post20232022
Billettinntekter buss og bybane815 042 000728 042 000
Billettinntekter båt53 167 00054 106 000
Billettinntekter ferje155 366 000183 274 000
Skoleskyss, refusjon kommune197 105 000197 266 000
Belønningsmidlar366 600 000265 000 000
Andre51 393 000103 982 000
Sum driftsinntekter1 638 673 0001 531 670 000
Fylkeskommunen si finansiering (kr)
Post20232022
Netto driftskostnader rekneskap3 197 926 3422 763 559 000
Netto driftskostnader budsjett3 118 018 0002 750 512 000
Differanse / meirforbruk−79 908 342−13 047 000

Produksjon

Rutekilometer
KontraktRutekilometer 2023Tal bussar / vogner i produksjon
Austevoll403 70910
Sunnhordland2 172 48553
Hardanger og Voss5 447 230104
Modalen og Vaksdal370 62311
Nordhordland3 487 59680
Bergen nord inkl. Osterøy9 130 777153
Bergen sør6 149 772112
Bergen sentrum6 502 845118
Vest5 442 524124
Servicelinjene i Bergen51 2524
Sogn2 123 83261
Nordfjord1 541 92451
Sunnfjord4 596 986139
Sum buss39 158 8131 020
Bybanen2 964 41826
Sum rutekilometer, buss og bane42 123 231

Påstigingar

Påstigande i Vestland, etter transportmiddel
Transportmiddel20192020202120222023Endring frå 2022
Buss61 655 00040 016 00045 786 00057 805 00063 071 0009 %
Bybane18 655 00012 425 00013 901 00019 122 00024 288 00027 %
Sum bybane og buss80 310 00052 441 00059 687 00076 928 00087 359 00014 %
Båt1 807 0001 167 0001 199 0001 596 0001 762 00010 %
Ferje5 107 0004 787 0005 100 0005 238 0005 371 0003 %
Sum, alle transportmiddel87 224 00058 395 00065 986 00083 761 00094 492 00013 %
Påstigande i Vestland, etter geografisk område og art
Transportmiddel20192020202120222023
Buss, Bergen kommune **45 683 00029 801 00033 546 00043 696 00048 181 000
Buss, bergensområdet *52 865 00034 966 00039 885 00051 405 00057 014 000
Buss, Vestland utanom bergensområdet8 796 0006 495 0005 900 0006 400 0006 056 000
Bybanen18 656 00012 424 00013 901 00019 122 00024 288 000
Bybåt Kleppestø – Strandkaien672 000433 000435 000588 000657 000
Bybåt Knarvik – Frekhaug – Strandkaien130 00068 00067 000117 000164 000
Båt, Vestland utanom bybåtane i Bergen684 000492 000533 000890 000941 000
Sum, bergensområdet72 323 00047 891 00054 288 00071 232 00082 123 000
Sum, Vestland81 803 00054 878 00060 721 00078 522 00089 120 000

*) Bergensområdet = kommunane i byvekstavtalen (Miljøløftet). Avtalen omfattar Bergen, Askøy, Øygarden, Alver og Bjørnafjorden.
**) Endringar i tal samanlikna med tidlegare årsrapportar: Skyss har endra områdedefinisjon frå kontraktsområde for buss, til påstigande per haldeplass på grunnkrinsnivå. Difor er tala også endra bakover i tid, for å gje samanliknbare tal. Døme: Påstigande på Knarvik terminal som tar bussen til Bergen busstasjon, blir rekna som påstigande i Alver.

Ferje og båt

Ferje, heile Vestland
Kategori20192020202120222023
Passasjerar5 107 0004 787 0005 100 0005 238 0005 371 000
Personbileiningar (PBE)3 942 0003 651 0003 910 0004 147 0004 372 000
Tal køyretøy2 730 0002 483 0002 733 0002 921 0003 087 000
Reisetal, båtsamband
Samband20192020202120222023
Sunnhordland – Austevoll – Bergen415 000269 000269 500324 600330 700
Lokalbåt Austevoll18 00016 50016 90016 20013 800
Espevær – Eidesvik35 00035 50037 10035 10032 700
Hellesøy – Lyngøy – Hernar7 0006 7006 9006 8006 800
Hardangerfjordekspressen41 00021 50021 90043 20049 600
Reksteren – Våge – Os12 6003 4006 9007 4006 900
Kleppestø – Strandkaien672 000433 000434 700588 000656 600
Knarvik – Frekhaug – Bergen130 00068 00067 000117 000163 500
Turistrute Hardanger28 0003 3004 20015 00018 000
Osterfjorden *1 7001 9002 2002 1001 900
Geitanger – Knappskog *2 0002 1002 2002 2002 300
Total, båtsamband Hordaland1 326 300860 900869 5001 157 6001 282 800
Kaupanger – Frønningen1 3001 7001 3002 3002 900
Vik – Ortnevik – Måren – Nordeide23 30022 00022 40023 70023 200
Måløy – Silda / Måløy – Gangsøy – Risøy4 9003 7005 8005 2004 000
Kystvegekspressen (Måløy – Smørhamn – Florø)10 3009 70010 90012 80012 600
Gulen / Solund24 20018 00023 20022 30024 100
Lokalruter i Florabassenget103 00096 200100 700102 100105 300
Total, båtsamband i Sogn og Fjordane167 000151 300164 300168 400172 100
Bergen – Nordfjord153 500112 900118 700162 100169 000
Bergen – Sogn54 10035 40038 50055 80061 700
Bergen – Flåm69 8006 2008 10052 20076 400
Total, båtruter Bergen – Sogn og Fjordane277 400154 500165 300270 100307 100
Total, båtruter Vestland *1 807 0001 167 0001 199 0001 596 0001 762 000
Total, bybåtar802 000501 000501 700705 000820 100
Total, båtruter utanfor bergensområdet1 004 700665 700697 400891 100941 900

*) Båtsambanda Osterfjorden og Geitanger – Knappskog har ikkje vore med i eldre oversiktar. Totaltala er dermed også oppdaterte sidan førre årsrapport.

Trafikk per ferjesamband
SambandKøyretøy 2022PBE 2022PBE ÅDT 2022Køyretøy 2023PBE 2023PBE ÅDT 2023Endring PBE
1019 Masfjordnes – Duesund60 53869 94019271 79984 63523221 %
1020 Hatvik – Venjaneset349 073443 2531 214398 742534 0641 46320 %
1021 Halhjem – Våge189 087234 350642202 411254 7416989 %
1022 Krokeide – Hufthamar348 649480 2451 316375 378502 8321 3785 %
1023 Husavik – Sandvikvåg74 772104 92128776 709101 142277−4 %
1024 Kvanndal – Utne91 824171 80547187 032162 421445−5 %
1025 Kinsarvik – Utne19 41025 7657121 51829 0718013 %
1026 Jondal – Tørvikbygd269 211412 3021 130288 942439 6651 2057 %
1027 Gjermundshamn – Varaldsøy – Årsnes252 260370 0071 014241 732355 578974−4 %
1028 Fedje – Sævrøy51 06460 99016758 57470 63019416 %
1029 Leirvåg – Sløvåg234 575386 3771 059243 467406 6971 1145 %
1030 Langevåg – Buavåg81 793107 48529479 169105 956290−1 %
1031 Skånevik – Matre – Utåker67 102107 08329362 938100 760276−6 %
1032 Skjersholmane – Ranavik200 367319 012874207 312326 0048932 %
1033 Jektevik – Nordhuglo – Hodnanes205 112271 840745209 334272 4827470 %
1034 Fjelberg – Sydnes – Utbjoa27 05738 84210527 77840 2151105 %
1035 Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad27 70538 48210527 77840 2151105 %
1037 Barmen – Barmsund5 8866 542184 9245 76316−12 %
1038 Stårheim – Isane113 656164 092450121 270174 1824776 %
1039 Måløy – Husevågøy – Oldeide68 616100 84427670 33899 803273−1 %
1040 Askvoll – Gjervik – Fure – Værlandet *98 899128 714353I/AI/AI/AI/A
1041 Daløy – Haldorsneset22 10926 9127427 76135 2089631 %
1042 Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella48 57866 88118354 72580 13022020 %
1043 Hisarøy – Mjånes4 4635 014144 8475 089141 %
1131 Kaupanger – Frønningen1 2441 74251 7072 390737 %
1132 Ortnevik – Måren – Nordeide7 80310 925307 69010 76629−1 %
1140 Askvoll – Gjervik – Fure – AskvollI/AI/AI/A83 24499 108272I/A
1141 Askvoll – Fure – VærlandetI/AI/AI/A27 65639 222107I/A
Totalsum2 920 8534 147 35311 3633 086 6964 372 26211 9795 %

PBE = personbileiningar. ÅDT = årsdøgntrafikk. I/A = ikkje aktuelt.
*) Sambandet har endra nummer og namn frå 2022 til 2023.

Driftsregularitet for fylkesvegferjene
SambandRegularitetRegularitet ekskl. force majeure
1019 Masfjordnes – Duesund99,89 %99,89 %
1020 Hatvik – Venjaneset99,55 %99,75 %
1021 Halhjem – Våge99,95 %99,95 %
1022 Krokeide – Hufthamar99,93 %99,94 %
1023 Husavik – Sandvikvåg100,00 %100,00 %
1024 Kvanndal – Utne98,56 %99,83 %
1025 Kinsarvik – Utne99,61 %99,66 %
1026 Jondal – Tørvikbygd99,74 %99,84 %
1027 Gjermundshamn – Varaldsøy – Årsnes98,69 %99,60 %
1028 Fedje – Sævrøy99,01 %99,17 %
1029 Leirvåg – Sløvåg99,60 %99,92 %
1030 Langevåg – Buavåg96,20 %98,71 %
1031 Skånevik – Matre – Utåker99,81 %99,86 %
1032 Skjersholmane – Ranavik99,43 %99,91 %
1033 Jektevik – Nordhuglo – Hodnanes99,54 %99,75 %
1034 Fjelberg – Sydnes – Utbjoa99,55 %99,96 %
1035 Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad99,63 %99,75 %
1037 Barmen – Barmsund99,39 %99,68 %
1038 Stårheim – Isane99,87 %99,99 %
1039 Måløy – Husevågøy – Oldeide99,00 %99,05 %
1040 Askvoll – Gjervik – Fure – Værlandet99,78 %99,84 %
1041 Daløy – Haldorsneset100,00 %100,00 %
1042 Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella99,20 %99,55 %
1043 Hisarøy – Mjånes100,00 %100,00 %
Sum, Vestland99,37 %99,74 %

Oversikt over kontraktar

Kontraktar – ferje
KontraktKontraktsperiodeType kontraktOperatør
Rutepakke 1:
Leirvåg – Sløvåg, Fedje – Sævrøy, Krokeide – Hufthamar (starta 01.01.2018),
Husavik – Sandvikvåg (starta 01.01.2018), Hatvik – Venjaneset, Halhjem – Våge, Langevåg – Buavåg
01.01.2020 (2018) – 31.12.2029BruttokontraktFjord 1 AS
Rutepakke 2:
Skjersholmane – Ranavik, Jektavik – Nordhuglo – Hodnanes,
Gjermundshamn – Varaldsøy – Årsnes, Jondal – Tørvikbygd
01.01.2020 – 31.12.2028 (+1)BruttokontraktFjord 1 AS
Rutepakke 3:
Klokkarvik – Hjellestad, Fjellberg – Sydnes – Utbjoa
01.01.2020 – 31.12.2028 (+1)BruttokontraktNorled AS
Rutepakke 4:
Masfjordnes – Duesund
01.01.2019 – 31.12.2028 (+1)BruttokontraktWergeland AS
Rutepakke 5:
Kvanndal – Utne, Kinsarvik – Utne,
Skånevik – Matre – Utåker
01.01.2020 – 31.12.2028 (+1)BruttokontraktBoreal AS
Fire fylkesvegsamband:
Måløy – Oldeide – Husevågøy (starta 01.01.2017)
Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella – Losna (starta 01.01.2018)
Isane – Stårheim (starta 01.01.2017)
Askvoll – Gjervik – Fure – Værlandet (starta 01.01.2016)
01.01.2016 – 31.12.2026 (opsjon utløyst)NettokontraktFjord 1 AS
Mjånes – Hisarøy01.09.2013 – 31.12.2026 (opsjon utløyst)NettokontraktWergeland AS
Barmen – Barmsund01.06.2019 – 31.05.2029 (+ inntil 24 mnd)NettokontraktVidar Hop Skyssbåter AS
Daløy – Haldorsneset01.01.2020 – 31.12.2026 (opsjon utløyst)NettokontraktGulenSkyss AS
Kontraktar – båt
KontraktKontraktsperiodeType kontraktOperatør
Sunnhordland – Austevoll – Bergen
Lokalbåt Austevoll
01.01.2014 – 31.12.2027BruttokontraktNorled AS
Espevær – Eidesvik
Hellesøy – Lyngøy – Hernar
01.01.2014 – 31.12.2027NettokontraktGulenSkyss AS
Rosendal – Bergen
Reksteren – Våge – Os
01.01.2014 – 31.12.2027NettokontraktL. Rødne & Sønner AS
Kleppestø – Strandkaien01.01.2023 – 19.01.2026BruttokontraktNorled AS
Knarvik – Frekhaug – Strandkaien01.01.2023 – 19.01.2025BruttokontraktNorled AS
Turistrute Hardanger (Norheimsund – Eidfjord, sommarrute)01.05.2020 – 31.10.2024 (1+1)NettokontraktNorled AS
Lokalrute Geitanger – Knappskog01.07.2019 – 01.07.2026NettokontraktGeitanger Transport AS
Lokalrute Osterfjorden01.08.2019 – 31.07.2026NettokontraktOsterøy Ferjeselskap AS
Hurtigbåt
Bergen – Nordfjord / Sogn
Nordfjord – Bergen
Sogn – Bergen
Bergen – Flåm (sommarrute)
01.05.2022 – 30.11.2025 (+1)NettokontraktNorled AS
Lokalbåt Gulen og Solund
Gulen – Ytre Solund
Hardbakke – Nåra – Mjømna
Hardbakke – Kolgrov – Utvær
Gåsvær – Midtre Solund – Hardbakke
Nord-Solund
01.05.2022 – 24.06.2029 (1+1)BruttokontraktVidar Hop Skyssbåt AS
Lokalbåt Lærdal, Vik og Høyanger
Vik – Ortnevik
Ortnevik – Måren – Nordeide
Kaupanger – Frønningen (ferje)
01.05.2012 – 30.04.2024BruttokontraktFjord1 AS
Lokalbåt Florø, Bremanger og Vågsøy
Florøbassenget (fleire ruter)
Kystvegekspressen Florø – Smørhamn – Måløy
Måløy – Silda / Måløy – Hennøystrand
01.05.2012 – 30.04.2024BruttokontraktFjord1 AS
Lokale båtruter i Sogn og Fjordane
Florøbassenget (nord / sør / vest)
Måløy – Silda / Måløy – Gangsøy – Risøy
Vik – Ortnevik / Ortnevik – Måren – Nordeide
Kaupanger – Frønningen (ferje)
01.05.2024 – 30.04.2036 (+2)BruttokontraktNorled AS
Kystvegekspressen Selje – Måløy – Florø01.05.2024 – 30.04.2025 (+4)BruttokontraktNorled AS
Godsbåt Bergen – Gulen, Solund og Askvoll16.08.2022 – 15.08.2027 (2+2)NettokontraktVidar Hop Skyssbåt AS
Kontraktar – buss
KontraktKontraktsperiodeType kontraktOperatør
Bergen sør, inkl. Os og Austevoll16.08.2019 – 25.06.2028 (1+1)BruttokontraktTide Buss AS
Bergen sentrum01.12.2020 – 30.06.2030 (1+1)BruttokontraktTide Buss og Bane AS
Bergen nord, inkl. Osterøy og servicelinjene01.10.2020 – 30.06.2030 (1+1)BruttokontraktTide Buss AS
Vest (Øygarden / Askøy)25.06.2019 – 25.05.2028 (+1+1)BruttokontraktTide Buss AS
Nordhordland16.08.2018 – 15.08.2027BruttokontraktVy Buss AS
Sunnhordland02.07.2017 – 28.06.2026BruttokontraktTide Buss AS
Hardanger / Voss16.08.2016 – 22.06.2025BruttokontraktTide Buss AS
Modalen / Vaksdal16.08.2016 – 22.06.2025BruttokontraktModalen – Eksingedalen Billag AS
Sogn19.06.2017 – 22.06.2026BruttokontraktTide Buss AS
Sunnfjord20.06.2016 – 23.06.2026BruttokontraktFirda Billag AS
Nordfjord23.06.2014 – 19.06.2026BruttokontraktFirda Billag AS

Foto

Fotografia i årsrapporten er tekne av Morten Wanvik, med unntak for bileta frå Haukeland og Fløen bybanestopp, som er tekne av Karoline Rage.