Transkripsjon av forordet, årsrapport 2023

2023 har vore eit godt år for utviklinga av kollektivtrafikken i Vestland fylke. Med  litt over 89 millionar påstigingar på buss, båt og bybane vart 2023 eit rekordår.. Forrige rekord var før koronapandemien, i 2019, med nær 82 millionar påstigningar. 

Noko av denne auken har kome på Bybanen. Fjoråret vart det første heile året med to linjer på Bybanen.Dette viser også att på statistikken. Totalt var det litt over 24 millionar påstigingar på bybanen i 2023, mot 19 millionar året før. Her snakkar vi om ein vekst på 27 prosent. Bybanens linje 2 har ikkje minst blitt populær blant dei mange som reiser til og frå Haukeland universitetssjukehus.

Vi har også hatt god vekst i antal påstigingar på buss- og båtreiser. På buss har vi hatt ei auke på ni prosent frå 2022, og på båt har vi hatt ei auke på ti prosent. Det er veldig kjekt å sjå at tilbodet blir godt brukt, og at stadig fleire vel å reise kollektivt.

I strategi for berekraftig mobilitet – som vart vedtatt av fylkestinget i 2021 – vert det blant anna lagt vekt på at vi skal gjere det enkelt å reise. Dette har Skyss jobba mykje med dei siste åra, mellom anna med å gjera kjøpsløysingane våre betre og meir tilgjengelege.

I dag kjøper dei aller fleste billett i app, men det er ikkje alle det passar for. Eitt av alternativa er billettautomatane på bybanestopp. Der har det kome nye automatar på plass i 2022 og 2023. I arbeidet med dette vart det henta inn innspel frå ulike brukargrupper, både når det gjeld fysisk utforming, funksjonalitet og brukargrensesnitt. Høgda på automatane er tilpassa rullestolbrukarar. Dette er små, men viktige steg, når det gjeld å gjera det enklare for alle å reisa kollektivt.

Med strategi for berekraftig mobilitet gjekk Skyss også frå å vere ein kollektivaktør til å vere ein mobilitetsaktør. Vi skal med andre ord ha eit overordna blikk på mobilitet, altså på korleis den enkelte kjem seg rundt. Det inneber også å ta i bruk nye løysingar. Sidan september 2023 har vi, i samarbeid med Miljøløftet og selskapet Nabogo, for eksempel testa ut ei løysing for å fremme samkøyring. Ved hjelp av ein app kan privatpersonar få eller tilby skyss med privatbil mellom Bergen og Askøy og Øygarden.

I denne årsrapporten kan du lese meir om både Bybanen, buss og båt, om kjøpsløysingar og om nye mobilitetsløysingar. Og om mykje anna. Vi i Skyss ønsker deg god lesing.

Målfrid Vik Sønstabø
direktør i Skyss