Buss og MF Utnefjord

Årsrapport 2025 – strategi for berekraftig mobilitet

Nøkkeltal 2025

Forord

Vis transkripsjon av forordet

Det var til saman rundt 95 millionar påstigande på buss, bybane og båt i 2025. Dette er meir enn nokon gong før, men veksten i år er likevel litt mindre enn han har vore tidlegare år. Likevel, med unnatak av koronaåra, har veksten i kollektivtransporten vore sterk i ei årrekke. Bybanen har sjølvsagt bidrege til det, og med 26,3 millionar påstigande i fjor er den viktig for det bergenske kollektivsystemet.

Så skal vi ikkje gløyme at fleirtalet av kollektivreisene, både i Vestland og Bergen, er bussreiser. Nokre bussliner veks betydeleg. Det gjeld for eksempel linje 600 frå Os til Bergen, som nærmar seg to millionar påstigande på eit år. Det gjeld linje 4 mellom Åsane og Fyllingsdalen, som har 4,7 millionar påstigingar. Og så gjeld det nye linje 400. Denne nye hovudlinja går mellom Ravnanger på Askøy og Bergen, kom på plass i fjor og hadde over 1,3 millionar påstigingar.

2025 var også året vi fekk 140 nye elbussar på vegane, i samband med nye busskontrakter i både Nordfjord og i indre Hordaland. Desse bussane vil gi betydelege utsleppskutt. Dei nye busskontraktene inneber elles at mange reisande har fått tilgang til nye bestillingstilbod.

Alt dette kan du lese om i årsrapporten. Du kan også lesa om korleis kollektivtransporten vert finansiert, du kan lese litt om kollektivplanlegging, du kan lese om arbeidet vårt med billettkontroller og du kan lese om det nye bransjesamarbeidet om digitale tjenester, Tet Digital. Og sjølvsagt kan du bore deg ned i tal og statisikk om du vil det. Vi ønsker deg uansett god lesning.

Målfrid Vik Sønstabø
direktør i Skyss

Buss på perrong G, Bergen

Kollektiv­trafikken i 2025

Samla sett såg Skyss ein vekst i reisetala på to prosent frå 2024 til 2025. Dette er litt meir moderat enn tidlegare år, med unnatak av åra med koronapandemien.

Talet påstigingar på buss og bybane auka frå kring 91 millionar påstigingar i 2024 til nær 93 millionar i 2025.

I byvekstavtaleområdet i og rundt Bergen har veksten vore sterk i ei årrekkje. Dette har vore drive delvis av opninga av nye bybanetraséar, og Bybanen utgjer med 26,3 millionar påstigande ei ryggrad i heile kollektivsystemet. Samstundes skal vi ikkje gløyme at fleirtalet av dei kollektivreisande er bussreisande. Suksessformelen for eit velfungerande kollektivsystem ligg i samvirket mellom ulike transporttilbod.

I 2025 var det bussane som hadde flest nye påstigingar i absolutte tal, med kring 850 000 fleire påstigingar i løpet av 2025 enn året før. Sterkast var denne veksten på nokre av hovudlinjene i Bergen, og på regionstamlinja mellom Os og Bergen.

Påstigingar på busslinjer med meir enn 1 million påstigande

Millionar påstigingar. Linje 400 er ny frå januar 2025.

Vis tala bak grafikken
Påstigingar på busslinjer med meir enn 1 million påstigande
Linje20252024
Linje 34,19 mill.4,13 mill.
Linje 44,74 mill.4,67 mill.
Linje 53,22 mill.3,30 mill.
Linje 63,71 mill.3,75 mill.
Linje 102,77 mill.2,68 mill.
Linje 122,42 mill.2,32 mill.
Linje 16E2,67 mill.2,61 mill.
Linje 192,62 mill.2,61 mill.
Linje 201,46 mill.1,56 mill.
Linje 50E1,25 mill.1,21 mill.
Linje 3001,61 mill.1,54 mill.
Linje 4001,36 mill.–
Linje 4601,31 mill.1,25 mill.
Linje 6001,95 mill.1,81 mill.

Linje 2 aukar betydeleg

For Bybanen var veksten i 2025 moderat, samanlagt på 1,8 prosent. Ein stor del av denne veksten er å finne på linje 2, som vaks med heile 7,6 prosent. På linje 1 er veksten på berre 0,1 prosent.

Påstigingar på bybanen, per linje

Millionar påstigingar. Linje 2 opna 21. november 2022.

Vis tala bak grafikken
Påstigingar på bybanen, per linje
ÅrLinje 1Linje 2
202012,4 mill.0,0 mill.
202113,9 mill.0,0 mill.
202218,6 mill.0,5 mill.
202319,3 mill.4,9 mill.
202420,1 mill.5,8 mill.
202520,1 mill.6,2 mill.

Desse tala kan tyde på at veksten for linje 1 no flatar ut. Det er rimeleg å anta at dette heng saman med at reisande som kan velje mellom dei to linjene, i større grad har byrja å velje linje 2. På denne er det framleis ganske god kapasitet, også i rush, medan linje 1 tidvis kan vere prega av trengsel.

Kollektivtrafikken vert også påverka av det som skjer i samfunnet rundt, til dømes befolkningsutvikling, byutvikling og samferdselspolitikken både lokalt og nasjonalt. Befolkningsveksten i Bergen er no lågare enn for nokre år sidan, og frysing av bompengetakstane i ein periode med sterk prisvekst gjev reelt sett ein prisnedgang, slik at privatbilen får styrka konkurransekrafta si.

I tillegg inkluderer tala fleire avviksperioder. I januar hadde linje 1 to dagar med driftsstans, som eit resultat av uvanlege snømengder og vanskar med rydding av sporet. Sommaren 2025 var haldeplassane i Bergen sentrum stengte for begge bybanelinjene grunna vedlikehaldsarbeid, og ei tid var også haldeplassane Nygård, Florida og Danmarks plass på linje 1 ute av drift. Dette har naturleg nok også påverka reisetala.

Ser ein vekk frå desse avviksperiodene, er veksten på Bybanen noko høgare enn tala på årsnivå viser. Samstundes har banen no ein alder som gjer at vedlikehaldsbehovet på infrastrukturen vil auke noko framover, og vi kan vente nye periodar med avvikskøyring som kan påverke trafikken og reisetala.

Passasjervekst utanfor Bergen

Samla sett skjer meir enn 9 av 10 av alle kollektivreiser med Skyss anten i Bergen eller i ein av dei andre kommunane i byvekstområdet, til saman om lag 87 millionar påstigingar.

Også utanfor Bergen ser vi likevel ein passasjervekst, berekna til rundt 5 prosent frå 2024 til 2025. Her er talgrunnlaget samstundes meir uvisst, då automatisk passasjertelling ikkje er ferdig rulla ut i distriktskontraktane.

For passasjerbåtrutene i Vestland ser vi ein auke på nær 3 prosent i 2025 samanlikna med året før. Båtrutene hadde samla over 1,8 millionar reisande. Nær 850 000 av desse var med dei to bybåtrutene mellom Bergen og Askøy, og Bergen og Nordhordland. Der har veksten vore meir avgrensa, med 0,4 prosent.

Fleire passasjerar på ferjene

Veksten i passasjertalet på ferjene er markant frå 2024 til 2025, med 13,2 prosent. Det skuldast delvis at det er oppgang i talet på reisande på dei fleste av fylket sine ferjesamband, men delvis også at statistikken er påverka av at sambandet Breistein–Valestrand har vorte fylkeskommunalt. Dette sambandet hadde nær 361 000 passasjerar i løpet av 2025. Sett bort frå Osterøy-sambandet var passasjerveksten på fylkesvegferjene totalt på 7 prosent, medan talet på køyretøy auka med 4 prosent.

Bestillingstransport

Bestillingstransport kan potensielt vere ei berekraftig løysing i område med låg etterspurnad etter kollektivtrafikk og på stader der veginfrastrukturen ikkje passar for vanlege bussar.

I Sogn og Fjordane har bestillingstransport under namna Serviceskyss og Trygt heim i mange år vore ein del av rutetilbodet fleire stader, drifta anten av busselskapet eller av drosjeselskap. Skyss har også hatt prøveprosjekt med bestillingstransport i Odda og på Tertnes i Bergen, og i samarbeid med kommunar, oppstart av tilbod i Samnanger, Husnes og Masfjorden.

I førebuinga av bussanboda i distrikta (Nordfjord, Hardanger/Voss, Nordhordland, Sogn, Sunnfjord og Sunnhordland) kartla Skyss kvar ein kunne etablere liknande tenester. Løysinga vart at kvar kommune i ruteområda anten skulle ha eit sonebasert tilbod eller faste bestillingsruter etter modell av Serviceskyss. Kommunane vart inviterte til å kome med innspel om kvar det kunne vere tenleg med slike tenester. Skyss etablerte sonebaserte bestillingstilbod som del av busskontraktane i Måløy, Stryn, Nordfjordeid, Voss og Husnes. Tilboda har varierande form og opningstid, men fungerer på same måte som på Tertnes. Dei tidlegare serviceskyss-linjene blir gradvis digitaliserte i dei nye kontraktane, der kundar kan tinge transporten digitalt og Skyss i større grad får data om bruken av tenestene.

Framleis vil faste linjer vere eit føretrekt alternativ i mange område i Vestland, både frå eit geografisk og økonomisk perspektiv, der fleire kan reise saman langs ei lengre strekning.

Ungdommar på haldeplass

Skoleskyss i Vestland

Skoleskyss er ei lovpålagt oppgåve, og skoleskyssen skal vere med på å sikre barn og unge lik rett til opplæring, uavhengig av økonomisk bakgrunn, fysiske føresetnader, bustad og geografi. Mange stader i fylket utgjer skoleskyssen grunnstamma i kollektivtilbodet.

Ved utgangen av 2025 hadde om lag 20 000 elevar i grunnskolen i Vestland innvilga gratis skoleskyss. Dei fleste av desse reiser kollektivt, medan om lag 3100 elevar av ulike årsaker vart transporterte med drosje eller privat skyssordning.

I og nær bergensområdet brukar elevane i vidaregåande skole som hovudregel 30-dagars ungdomsbillett til skoleskyssen. I resten av fylket fekk omlag 5100 elevar innvilga gratis skoleskyss. Om lag 800 vidaregåande skoleelevar har transport med drosje eller privat skyssordning.

Det er ein liten nedgang i samla tal på elevar med skoleskyss, samstundes som det er noko auke i talet på elevar som blir køyrde med drosje.

Samla i grunnskole og vidaregåande skole er det rundt 3900 elevar som har skoleskyss med drosje eller privat skyssordning. Litt under 1400 av elevane hadde slik tilrettelagt skyss av medisinske grunnar. Resten, litt under 2500 elevar, har tilrettelagt skoleskyss fordi dei ikkje har ei forsvarleg reise med kollektivtilbod. Typiske høve er at det er særleg farleg å komme seg til haldeplassen, at det ikkje er tilstrekkeleg passasjergrunnlag til å sette opp ei bussrute, eller at elevane reiser utanfor eigen skolekrins slik at ei kollektivreise blir for lang eller kompleks.

Skyss har tett dialog med kommunane og skolane om samordning av skoleruter og start- og sluttider for å gjennomføre skoleskyssen mest mogleg effektivt og rasjonelt. Likevel fører fleire tilhøve i samfunnet til at skoleskyssen blir stadig meir kompleks. Kommunar melder om ein stor auke i talet på barn som treng tilrettelegging i skolen, og med den nye opplæringslova har ein rett på vidaregåande utdanning i fleire år enn før. Når kommunar endrar på skolestrukturen, påverkar dette behovet for skoleskyss, og vi ser også ein auke i barn som har delt bustad og ulike samværsordningar. Både føresette, elevar og skoleeigarar forventar fleksibilitet i tenester og timeplanar, noko som gjer at kompleksiteten i transportplanlegginga aukar.

Elevar med gratis skoleskyss
20242025
Elevar med rett til skoleskyss i grunnskolen20 27819 991
Elevar med rett til skoleskyss i vidaregåande skole4 9905 103
Totalt25 26825 094
Elevar i grunnskolen med tilrettelagt skoleskyss3 0823 085
Elevar i vidaregåande skole med tilrettelagt skoleskyss681795
Totalt3 7633 880
Elevar i grunnskolen med tilrettelagt skoleskyss av medisinske grunnar847871
Elevar i vidaregåande skole med tilrettelagt skoleskyss av medisinske grunnar460528
Totalt1 3071 399
Elevar i grunnskolen med tilrettelagt skoleskyss av andre grunnar2 2352 214
Elevar i vidaregåande skole med tilrettelagt skoleskyss av andre grunnar221267
Totalt2 4562 481
Bussar utanfor Knappetunnelen

Korleis vert kollektiv­trafikken finansiert?

Dei siste åra har økonomien for kollektivtransporten blitt meir krevjande, blant anna grunna kraftig kostnadsvekst og store investeringar i ny teknologi.

I 2025 nytta Skyss nær 2,8 milliardar kroner på buss, nær 386 millionar kroner på bybanen, 506 millionar kroner på båt og over 1,5 milliardar kroner på ferje. I tillegg vart det nytta nær 159 millionar kroner på individuelt tilrettelagt skoleskyss, og vel 239 millionar kroner på administrasjon og drift.

Kva går pengane til?

Brutto driftskostnader 2025, millionar kroner

Vis tala bak grafikken
Kva går pengane til?
FormålMillionar kroner
Buss2 795,7 mill. kr
Bybane385,7 mill. kr
Båt506,0 mill. kr
Ferje1 531,7 mill. kr
Individuelt tilrettelagt skoleskyss158,8 mill. kr
Administrasjon og drift239,2 mill. kr

Til samanlikning var Skyss sine inntekter på 1,9 milliardar kroner, omlag ein tredel av den naudsynte finansieringa. Av desse inntektene kjem omlag 6 av 10 kroner frå billettinntekter frå reisande med buss, bybane, båt og ferje. Billettinntekter er ei viktig inntektskjelde, men storparten av finansieringa kjem likevel frå skattepengar. Noko kjem som statlege overføringar, blant anna knytt til byvekstavtalen. Mykje kjem gjennom ei grunnfinansiering fastsett i det årlege, fylkeskommunale budsjettet. I 2025 utgjorde det siste 3,7 milliardar kroner.

Korleis vert kollektivtrafikken finansiert?

Inntekter og finansiering 2025, millionar kroner

Fylkeskommunal finansiering er netto driftskostnader i rekneskapen.

Vis tala bak grafikken
Korleis vert kollektivtrafikken finansiert?
KjeldeMillionar kroner
Billettinntekter, buss og bane972,3 mill. kr
Billettinntekter, båt52,6 mill. kr
Billettinntekter, ferje148,2 mill. kr
Skoleskyss (refusjon kommune)233,1 mill. kr
Belønningsmidlar441,4 mill. kr
Andre67,3 mill. kr
Fylkeskommunal finansiering3 702,2 mill. kr

Kostnadsvekst dei siste åra

Kollektivtransporten har dei siste åra opplevd ein betydeleg kostnadsvekst. Dei aller fleste kostnadene er knytt til transportkontraktane, med andre ord til avtalane om drift av buss, bybane, båt og ferje. Skyss har i dag over 30 ulike transportkontraktar, og dei samla kostnadene er på over 5,5 milliardar kroner årleg. Når nye kontraktar vert inngåtte, kan det også medføre auka kostnader. Det kan vere på grunn av aukande marknadsprisar og dyrare innkjøp (til dømes høgare løn, dyrare drivstoff eller høgare rente). Det kan også vere eit resultat av varierande konkurransetilhøve, som påverker prisbiletet, til dømes dersom det er færre tilbydarar som konkurrerer om å få kontraktane.

Kostnadsveksten er ei bransjeutfordring. Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI) publisert sommaren 2025 viser at dei samla, årlege kostnadene ved å drive busstransport i perioden 2019–2025 har auka med heile 50 prosent mellom 2019 og 2024. TØI-rapporten (toi.no) peiker mellom anna på elektrifisering av bussparken som årsak. Elektriske bussar inneber lågare energikostnader i drift, men også høgare kapitalkostnader (avskrivingar), behov for ny infrastruktur og spesialisert vedlikehald. Effekten er usikker på lang sikt, men bidreg til kostnadsauke på kort og mellomlang sikt.

TØI-rapporten peiker også på at kostnadene for buss har auka raskare enn den generelle kostnadsindeksen for kommunal og fylkeskommunal sektor. For å seie det enklare: Prisveksten i bussbransjen er større enn i samfunnet elles.

Konsekvensen av dette er at fylkeskommunane anten må bruke ein større del av sine budsjett på kollektivtransport, motta auka statlege overføringar, auke billettinntektene, redusere tilbodet eller ein kombinasjon av desse for å oppretthalde budsjettbalansen.

Korleis prioritere når strikken blir strammare?

Skyss utarbeidde i 2025 eit kunnskapsgrunnlag som skal hjelpe med å prioritere tiltak når det økonomiske handlingsrommet endrar seg. Dette kunnskapsgrunnlaget utgjer ei slags «verktøykasse», som mellom anna kan brukast til å kome med innspel til fylkestinget sitt budsjettarbeid.

Kunnskapsgrunnlaget synleggjer forskjellar mellom ulike transportmiddel når det gjeld fleksibilitet og økonomi. Det er til dømes relativt enkelt å spare inn kostnader i busstrafikken ved å legge ned ein bussavgang. Å fjerne ein ferjeavgang midt på dagen er det derimot lite eller ingenting å spare på.

Slike forskjellar påverkar korleis vi kan tenke om ulike tiltak i ulike tidsperspektiv.

Kunnskapsgrunnlaget viser ulike strategiar og tiltak som kan takast i bruk, både når det gjeld tilpassing av rutetilbodet og når det gjeld justering av takstar. Når det gjeld rutetilbodet bygger dokumentet på forsking, erfaringar frå andre kollektiveiningar og på konkrete retningslinjer som dei siste åra har vorte etablerte for utvikling av tilbodet.

Vil du lese meir?

Kunnskapsgrunnlag for prioriteringar (PDF-fil)

Busshaldeplass i det grøne

ABC for kollektiv­planlegging

Korleis sikrar vi at kollektivtrafikken følger utprøvde prinsipp og ser mest mogleg einskapleg ut på ulike stader?

Vestland fylkeskommune har hovudansvaret for den offentlege kollektivtransporten i fylket, både buss, båt, ferje og bybane.

På vegner av fylkeskommunen tar Skyss hand om utvikling og drift av kollektivtrafikken. Då er det god hjelp i ein slags ABC, og i 2025 utarbeidde Skyss difor ein eigen Rettleiar for planlegging av linjenettet i Vestland. Den er meint til hjelp både for Skyss sjølv, og som eit kollektivfagleg bidrag inn i prosessar, planarbeid og utgreiingar som går føre seg hos kommunar og stat.

Råd til arealplanleggarar

Kollektivtransporten er nemleg heilt avhengig av framkomsten i vegnettet og arealbruken i kommunane. Med avgrensa kollektivbudsjett er det ikkje mogleg å både betene store område og køyre avstikkarar og omvegar, og samstundes tilby hyppige avgangar.

Med andre ord: By- og tettstadsutvikling er viktig for kollektivtransporten. Kor folk bur og jobbar har mykje å seie for om det er mogleg å planlegge eit godt kollektivtilbod. Rettleiaren peiker difor på viktige omsyn som bør takast i arealplanlegginga. Det handlar til dømes om å konsentrere utbygging i område som er utbygde frå før og langs transportkorridorar der det allereie finst kollektivtilbod.

Såkalla «reisemagnetar» – til dømes vidaregåande skolar og sjukehus – tiltrekker seg mange reisande og bør prioriterast der kollektivtilbodet er best. Lokale funksjonar – til dømes daglegvarebutikkar, barneskolar og barnehagar – bør også ha eit så godt kollektivtilbod som mogleg. Her bør det også leggast til rette for korte reiser internt i nærområdet, og i så stor grad som mogleg med gonge og sykkel.

Illustrasjon: arealplanlegging og kollektivtransport
Døme på korleis arealplanlegging kan vanskeleggjere eller legge til rette for kollektivtransporten.

Unngå fotnoter i rutetabellen

Det faste, rutegåande kollektivtilbodet er ryggrada i eit berekraftig mobilitetssystem. Eit godt utvikla kollektivnettverk gjer det mogleg for innbyggarane å reise på ein effektiv og berekraftig måte.

Det er verken praktisk eller økonomisk mogleg å få til direkteforbindelsar mellom alle reisemål. Istadenfor må det planleggast for nettverk, og altså for at ulike linjer speler saman og styrker kvarandre. Ein god grunnregel er difor å etablere forbindelsar med få linjer med høg frekvens som dekker dei største reisestraumane i regionen. Der desse linjene møtast, vil det vere naturlege bytepunkt der ein kan utnytte linjene for reiser på kryss og tvers. Då trengst også trygge og effektive knute- og bytepunkt.

Eit anna prinsipp er å sikre at bussen køyrer faste strekningar som ikkje varierer frå tur til tur, og at den betener alle haldeplassane på strekninga. Slik vert kollektivtilbodet føreseieleg og lettare å forstå, i motsetnad til rutetabellar med unntak og fotnoter.

Det er også smart med faste intervallar mellom avgangane, til dømes kvart kvarter eller kvar halvtime, slik at det er lettare for dei reisande å hugse rutetidene.

Rettleiaren skildrar ulike linjetypar og variantar av bestillingstransport, i tillegg til retningslinjer for korleis ein best mogleg set saman heile nettverket og legg opp til byte mellom transportmiddel.

Døme: Ruteomleggingar på Askøy og Osterøy

Frå 20. januar 2025 gjorde Skyss ei større endring av rutetilboda på Osterøy og Askøy. Litt av bakgrunnen for endringa på Askøy var oppstart av ny driftskontrakt for Askøybåten, med hyppigare avgangar i rush. I rushtida er det no avgang kvart 20. minutt, med to båtar i drift. På den måten vert Askøybåten som ei hovudlinje i seg sjølv. Samstundes vart linje 400 gjort til hovudlinje mellom Ravnanger, Kleppestø og Bergen busstasjon, og nye linje 410 går frå Ravnanger via Norrønaheimen til Bergen busstasjon i rushtid, utan å gå om Kleppestø.

Nye linje 407 går frå Haugland til Kleppestø, og i rushtid går denne bussen vidare til Bergen busstasjon.

Satsinga på hovudlinjer medførte samstundes at nokre måtte reise på nye måtar, til dømes må dei som reiser frå Herdla eller Ramsøy til Bergen. Det kan oppfattast som meir tungvint, men er med på å gjere det mogleg å ha ei sterk hovudlinje frå Ravnanger.

Dei heilelektriske fartøya som skulle trafikkere sambandet mellom Kleppestø og Strandkaien har diverre vore forseinka, og i 2025 har det difor gått reservebåtar der. Det har også vore fleire utskiftingar undervegs, tildels med fartøy med lågare kapasitet, og då rett og slett fordi det ikkje har vore andre tilgjengelege fartøy i marknaden. Truleg er det noko av grunnen til at askøybåten ikkje har markant vekst i passasjertal etter omlegginga. Det vil vere interessant å følge utviklinga i reisetal vidare når dei nye, elektriske båtane no kjem på plass.

Når det gjeld Osterøy, har hyppigare togavgangar i Arna – grunna dobbeltspor – gitt Skyss eit godt høve til å ta grep. Der vart linje 900 etablert som hovudlinje mellom Lonevåg og Arna. Slik får dei som bur sentralt på Osterøy hyppigare avgangar og ei raskare reise til Arna, gjennom Arnanipatunnelen. Avgangane vart også tilpassa togtidene på Arna stasjon, for å gjere reiser vidare til Bergen enklast mogleg.

Samstundes vart lokale linjer på Osterøy gjort meir føreseielege, med faste traséar.

Vil du lese meir?

Rettleiar for planlegging av linjenettet i Vestland (PDF-fil)

Mann ved billettautomat

Billett­kontroll

Snik kostar pengar og er eit tema som opptek både presse, politikarar og folk flest. I 2025 har Skyss styrkt arbeidet mot sniking.

Det er no i overkant av 34 årsverk knytt til kontrollverksemda. Dette gjer at kapasiteten til å gjennomføre kontrollar er god. Dei er det ulike typar av. I tillegg til vanlege kontrollar, som vert gjennomførte av både uniformert personell og av personell i sivil, gjennomfører Skyss tidvis det vi kallar tellekontrollar.

Under tellekontrollane vert det ikkje skrive ut gebyr. I staden vert det gjennomført rask kontroll av alle reisande om bord på dei transportmidla som er vald ut til kontroll. På den måten får Skyss eit betre statistisk grunnlag for å seie noko om avvik, eit omgrep som både inkluderer medviten sniking og anna, som eit rabattbevis som ligg igjen heime eller ein periodebillett ein rett og slett har gløymd å fornye.

Ein tellekontroll utført i mars 2025 viste eit avvik på nær 10,2 prosent. I ein tilsvarande i slutten av august var avviket nede på 8,4 prosent, og i desember var prosentdelen endå lågare: I underkant av 7,7 prosent. Det kan dermed sjå ut til å vere ein positiv trend i løpet av året, men det er verdt å hugse på at dette framleis er ganske høge tal. Tapte billettinntekter på grunn av avvik som dette kostar Skyss mange titals millionar kroner årleg. Den medvitne snikinga er ris til eigen bak: Passasjerar som vel å ikkje betale, er til sjuande og sist med på å forringe sitt eige kollektivtilbod.

Å få bukt med snikinga har vorte prioritert både politisk og av Skyss dei siste åra. I 2025 har det vorte fleire kontrollar på hovudlinjene i Bergen og i område der tellekontrollane har avdekka meir avvik. Det har også vorte gjennomført fleire kontrollar utanfor sone A, der det også har vorte stramma inn på at du må vise billett når du går om bord på bussen. I tillegg har Skyss satsa på storkontrollar, ikkje minst for å bidra til meir synlegheit og merksemd rundt kontrollverksemda.

Utfordringar

Skyss ser diverre også nokre utfordringar. Dersom det berre er kontrollørar frå eit innleigd vektarselskap som gjennomfører dei, har kontrollørane per i dag ikkje rett til å halde tilbake reisande som nektar å vise billetten sin, og som deretter forlet transportmiddelet. Dette vanskeleggjer effektiv kontrollverksemd, noko Kollektivtrafikkforeninga også har påpeikt (kollektivtrafikk.no).

Skyss ser også døme på negative haldningsendringar. Kontrollørar opplever i aukande grad å bli møtte med trakassering, nedsettande kommentarar og også rasisme, og det har vore tilfelle av vald mot kontrollørane. I samarbeid med leverandøren av kontrolltenestene legg Skyss vekt på å ivareta billettkontrollørane og på å følge opp slike hendingar.

Buss ved fjorden

140 nye elbussar på vegane frå juni

23. juni vart 215 flunkande nye bussar sette i rute for Skyss i ei rekkje kommunar i Vestland. 140 av bussane var elektriske.

Alle dei nye bussane kom på vegen i samband med at tre nye busskontraktar starta opp i høvesvis Nordfjord, Hardanger/Voss-området og i Modalen/Vaksdal.

Over hundre elbussar i Hardanger og Voss

Når ein ny kontrakt startar opp, blir vanlegvis heile bussparken skifta ut, og i dei nye kontraktane stilte Skyss krav mellom anna til klimavennleg teknologi.

104 elektriske bussar og 47 nye minibussar og mellomstore bussar vart sette i trafikk i ruteområdet som dekkjer Voss, Samnanger, Kvam, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Kvinnherad, Bjørnafjorden (Fusa), Tysnes og Etne. Med omlegginga til elbussar blir klimagassutsleppa kutta med 90 prosent samanlikna med førre kontrakt. Tide Buss AS driftar kontrakten for Hardanger og Voss, som skal vare i 13 år.

I ruteområdet som dekkjer Stryn, Stad og nordre del av Kinn, kom over 50 nye bussar på vegen, der 36 av dei var elektriske. Det er Firda Buss Billag AS som driftar denne kontrakten. I Modalen og Vaksdal kom det 13 nye bussar i regi av Modalen Eksingedalen Billag AS. I denne busskontrakten har Skyss kravd minst 50 prosent utsleppsreduksjon frå 2030.

Meir robuste ved ulukker

Dei nye bussane har i tråd med nye tryggleikskrav mellom anna blitt utstyrte med sterkare konstruksjon i fronten for å kunne tole kollisjon med større køyretøy.

Nye bussfargar i Nordfjord

Alle dei nye bussane hadde Skyss-logo og -fargar, og dermed forsvann dei blå og kvite bussane med Kringom-logo i Stryn, Stad og nordre del av Kinn. Etter fylkessamanslåinga i 2020 vart det vedtatt at Skyss skulle vere felles varemerke for kollektivtrafikken i heile Vestland. I dei andre to ruteområda i Sogn og Fjordane køyrer det bussar med Kringom-dekor fram til nye busskontraktar startar opp i juni 2026.

Bestillingsbuss del av kontraktane

Med oppstarten av dei nye kontraktane fekk mange reisande tilgong til eit nytt bestillingstilbod. Bestillingsbuss vart tilgjengeleg i Bjørnafjorden (Fusa), Etne, Eidfjord, nordre del av Kinn, Kvam, Kvinnherad, Modalen, Samnanger, Stad, Stryn, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss.

Skyss Bestilling er bussar som kan køyre dei reisande frå der dei er til dit dei skal, innanfor gitte soner og tidspunkt, og bestillingsbuss langs faste ruter på faste dagar som køyrer når nokon har bestilt. Bestilling skjer enkelt i app, på nett eller på telefon. Tilbodet er for alle og er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar.

Debatt om «kinabussar»

I samband med oppstarten av nye busskontraktar har det vore offentleg debatt om bruken av kinesiske bussar i norske fylke. Debatten har handla om i kva grad det er utfordringar med bussane fordi Noreg ikkje har tryggleikssamarbeid med Kina, og det har mellom anna vore hevda at kinesiske myndigheitar kan fjernstyre bussane.

I dag er det 242 kinesiske bussar i trafikk i Vestland. I tillegg til dei 140 som er nemnt her, så kom 102 elbussar i desember 2020 i kontrakten for Bergen sentrum. I samband med nye kontraktar frå juni 2026 har Tide Buss bestilt ytterlegare 38 til Sunnhordland og 24 til Sogn, medan Firda Buss Billag har bestilt 97 bussar til Sunnfjord. I alt vil det rulle 401 kinesiske bussar på vestlandske vegar frå sommaren 2026. Bussparken for Skyss i Vestland utgjer litt over tusen bussar totalt.

Det er operatørselskapa sjølv som vurderer kva produsentar dei vil kjøpe bussar frå, basert på spesifikasjonskrav i anbodskonkurransane. Når det gjeld elbussar fell valet ofte på kinesiske produsentar fordi desse ligg framfor dei europeiske i løypa når det gjeld teknologisk utvikling. I tillegg produserer dei til lågare pris, noko som til dels heng saman med det store volumet dei produserer.

Ruter sjekka to bussar

Hausten 2025 gjorde kollektivselskapet Ruter ein grundig sjekk (ruter.no) av ein kinesisk Yutong-buss og ein tre år eldre, nederlandsk VDL-buss. Ruter undersøkte mellom anna om bussane sine kamera kunne bli brukte til å sende film eller bilde og konkluderte med at ingen av bussane hadde kamerasystem kopla til internett.

Dei sjekka også om bussane sine system kunne bli påverka utanfrå via nettet. Dei fann at den kinesiske leverandøren har digital tilgong til kvar buss for programvareoppdatering og diagnostikk, inkludert tilgong til styringssystem for batteri- og kraftforsyning. Tilkoplinga gir mellom anna forbruksdata, batteriovervaking, klimatilhøva om bord, tekniske feilmeldingar og gjer det mogleg med fjerndiagnostikk på tekniske feil. Dette er ein kommunikasjonsinngang som bussoperatørane sjølv er kjent med og nyttar i drifta av bussane. Operatørselskapa har også kontroll på kvar nett-tilkoplinga er i kvar buss og korleis bussen kan koplast frå nettet dersom ein potensielt kritisk situasjon skulle oppstå. Ein buss må vere parkert for å motta programvareoppdateringar.

Skyss har følgd nøye med på og set stor pris på arbeidet som Ruter har gjort med å kartlegge teknologien i nyare bussar. Problematikken gjeld ikkje berre kinesiske bussar, ettersom dei fleste moderne køyretøy i dag er kopla på nett og dermed kan vere sårbare for sabotasje.

Vil påverke framtidige kontraktar

Kartlegginga som Ruter gjorde, er blitt delt på tvers av fylka, noko som gjer Skyss i stand til å stille krav i framtidige anbodskonkurransar slik at vi kan avgrense risikoen. Skyss kjem til å følge opp temaet vidare saman med bransjekollegaer i andre fylke.

Skyss har i samband med fleire anbod vore medviten om problemstillinga og har mellom anna vore i dialog med Kollektivtrafikkforeningen og Nasjonal sikkerhetsmyndighet for å få klarlagt kva retningsliner vi eventuelt skal følgje. Sett frå Vestland si side er dette ei nasjonal sak som kvart enkelt fylke ikkje kan ta ansvar for på eiga hand.

Kvinner på bybanen

Kor nøgd er befolkninga og dei som reiser?

Gjennom målinga Kollektivbarometeret / Benchmarking in European Service of Public Transport (BEST) får vi tal som syner kor nøgd befolkninga er med ulike sider av kollektivtilbodet.

Denne undersøkinga lar oss måle utviklinga i tilfredsheit med kollektivtilbodet i vårt eige område, og gjer det samtidig mogleg å samanlikne oss med andre. Dei som svarer på undersøkinga, må ta stilling til ei rekkje påstandar, og prosentdelane som blir vist under, er dei som er heilt eller delvis samde i påstandane.

Om vi samanliknar kollektivtilbodet i Vestland med tilbodet andre stader i Skandinavia, ser vi at vi skårar best på punktlegheit og på opplevd tryggleik.

Kollektivbarometeret / BEST 2025: Vestland samanlikna med andre område

Del av befolkninga som er heilt eller delvis samde, prosent

VestlandDei andre områda
Samanlikn med:

Kjelde: Kollektivbarometeret / BEST 2025.

Vis tala bak grafikken
Kollektivbarometeret / BEST 2025: Vestland samanlikna med andre område
IndeksVestlandHelsinkiKøbenhavnOslo / AkershusStockholmTrøndelagRogaland
Kollektivtilbodet59 %77 %62 %73 %66 %48 %56 %
Punktlegheit80 %78 %58 %60 %50 %68 %62 %
Informasjon59 %72 %56 %63 %53 %60 %58 %
Korleis personalet opptrer82 %71 %74 %78 %65 %81 %73 %
Tryggleik83 %77 %72 %81 %72 %83 %77 %
Komfort71 %79 %62 %68 %64 %74 %66 %
Kollektivtrafikken si rolle i samfunnet73 %73 %66 %79 %74 %75 %70 %
Valuta for pengane46 %47 %34 %45 %35 %47 %48 %
Befolkningstilfredsheit54 %70 %50 %68 %63 %53 %48 %

Undersøkinga er gjennomført blant eit representativt utval av befolkninga i Vestland fylke. Det inkluderer dermed både kollektivreisande og folk som ikkje reiser kollektivt.

Det kan difor vere verdt å samanlikne med resultata frå Skyss si eiga ombordundersøking, som er gjennomført blant kollektivreisande i Vestland fylke, både med buss, bybane og båt. Denne viser mellom anna at 73 prosent var tilfredse med rutetilbodet for buss, ein viss nedgang frå 2024. Når det gjeld Bybanen var 89 prosent tilfredse, som året før.

Ombordundersøkinga 2025: kor nøgde er dei reisande?

Del av passasjerane som er ganske eller svært nøgde, prosent

Vis tala bak grafikken
Ombordundersøkinga 2025: kor nøgde er dei reisande?
IndeksBussBybaneBåt
Alt i alt tilfredsheit med denne reisa90 %92 %94 %
Inntrykk av Skyss79 %86 %74 %
Punktlegheit81 %87 %93 %
Tilfredsheit med rutetilbodet73 %89 %68 %

Årleg gjennomfører Skyss også ei merkevareundersøking blant innbyggarane i Vestland fylke. Her måler vi Skyss sitt omdøme, haldningar til Skyss, kunnskap om tilbodet til Skyss og tilfredsheita med Skyss. Her ser vi ein positiv trend frå 2022 til 2025 når det gjeld kor samde respondentane er med påstandane «Skyss sine billettar er enkle å bruke» og «Skyss sine billettar er enkle å få kjøpt».

Undersøkinga tyder også på at vi har blitt betre til å nå ut med god informasjon om reisemoglegheitene. Det er ein auke frå 42 prosent (2022) til 52 prosent (2025) i om folk synest det er lett å finne informasjon om korleis ein byter mellom ulike linjer.

Merkevareundersøkinga 2023–2025

Del av befolkninga som er samde, prosent

Vis tala bak grafikken
Merkevareundersøkinga 2023–2025
Påstand202520242023
Skyss sine billettar er enkle å bruke71 %70 %69 %
Skyss sine billettar er enkle å få kjøpt78 %76 %75 %
Skyss har billettar som passar for meg og mine reisebehov55 %55 %52 %
Det er lett å finne informasjon om korleis ein skal byte mellom ulike linjer52 %52 %50 %
Skyss sitt rutetilbod er enkelt å forstå64 %62 %62 %
Å reise kollektivt med Skyss gjev meg kjensla av å utnytta tida effektivt25 %30 %26 %
Mobiltelefon med terminal i bakgrunnen

Nytt bransje­samarbeid om digitale tenester

Kollektivsektoren har stort behov for utvikling av digitale økosystem for drifta av kollektivtrafikken og tenester til dei reisande. Samarbeid på tvers av fylka kan gi store gevinstar, og Skyss har gått inn i eit bransjesamarbeid.

25. mars 2025 vart Vestland fylkeskommune (ved Skyss) formelt medeigar i tenesteutviklingsselskapet Tet Digital AS. Tekniske løysingar frå Tet vil komme på rekkje og rad.

Tet Digital vart etablert 1. januar 2024 som eit dotterselskap av Ruter. Tet er eit teknologiselskap som har som hovudformål å drive digital tenesteutvikling i kollektivsektoren. VLFK har gått inn på eigarsida saman med Agder Kollektivtrafikk (AKT). Ruter eig 78,5 prosent av aksjane, medan VLFK eig 16,2 prosent og AKT 5,3 prosent av aksjane.

Offentleg samarbeid om innovasjon

Gjennom å gjere utviklinga av digital infrastruktur til noko som fleire fylkeskommunar kan eige saman, er det mogleg å samarbeide om innovasjon og dele på kostnadene. Dette vil komme mange kollektivreisande til gode. Med dei tre eigarane blir 69 prosent av alle kollektivreiser i Noreg knytte til Tet sine digitale tenester.

Sjølv om Tet har fleire eigarar, vil Ruter og Tet framleis vere tett knytte, og det er Ruter som skal eige teknologien.

Skyss-direktøren styremedlem i Tet

Styringa av selskapet er forankra hos Ruter, medan ein operativ styringsmodell sikrar prioriteringar og arbeidsflyt for leveransar til dei ulike eigarane.

Første løysing på plass i august

18. august tok Skyss si første Tet-utvikla løysing i bruk: Nytt kundeservicesystem.

Det nye systemet er kalla Hjelp og er eit sakshandsamingssystem for skriftlege kundeførespurnader og eit integrert telefonsystem. Alle kontaktskjema på skyss.no er kopla til systemet. For Skyss sine kundehandsamarar har systemet gjort kvardagen enklare, med eit intuitivt brukargrensesnitt.

Utviklinga av nye løysingar vil halde fram. I 2026 vil mellom anna billettar og refusjonssystem bli inkluderte i Hjelp, og ein ny app blir lansert for alle reisande.

MS Kleppestø ved Bryggen

Energi og klima

Vegtransporten står for ein stor del av klimagassutsleppa. Kollektivtrafikk har ei nøkkelrolle i å avgrense utslepp ved å tilby befolkninga eit alternativ til privatbil, og høgare reisetal er dermed i seg sjølv eit viktig bidrag til klimaresultata.

Den fylkeskommunale kollektivtransporten i Vestland hadde eit samla klimagassutslepp på om lag 100 000 tonn CO2-ekvivalentar i 2025. Utsleppet gjekk tilbake med kring 1 prosent frå året før.

I Utviklingsplan for Vestland (vestlandfylke.no) heiter det at Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. Ein stor del av klimagassutsleppa i Vestland har kome og kjem frå energibruk i transportsektoren. Å gå over til nullutsleppsdrift i kollektivtransporten og mobilitetssystemet elles er difor eit nødvendig bidrag for å nå både regionale og nasjonale klimamål. I 2019 var CO2-utsleppet frå fylkeskommunal kollektivtransport på 157 000 tonn. I 2025 var utsleppet på 97 000 tonn.

Årlege utslepp etter transportmiddel som køyrer for Skyss, 2019–2025

Tusen tonn CO₂-ekvivalentar

Bybanen står for om lag 200 tonn i året (1 400 tonn i 2023) og er knapt synleg i grafikken.

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp etter transportmiddel som køyrer for Skyss, 2019–2025
ÅrBussBybaneBåtFerje
201943,6 tusen tonn0,2 tusen tonn46,3 tusen tonn67,0 tusen tonn
202027,9 tusen tonn0,2 tusen tonn44,1 tusen tonn49,6 tusen tonn
202118,0 tusen tonn0,2 tusen tonn44,7 tusen tonn33,1 tusen tonn
202221,1 tusen tonn0,2 tusen tonn47,4 tusen tonn23,3 tusen tonn
202335,8 tusen tonn1,4 tusen tonn47,1 tusen tonn18,5 tusen tonn
202435,4 tusen tonn0,2 tusen tonn43,7 tusen tonn19,6 tusen tonn
202532,7 tusen tonn0,2 tusen tonn45,5 tusen tonn19,4 tusen tonn

Ferje

Ferjekontraktane for sambanda i Hordaland, som blei starta opp i perioden 2018–2020, førte til ein reduksjon på heile 86 prosent i klimagassutsleppa frå ferjene mellom 2016 og 2022.

Etter anbodskonkurranse vart det i desember 2024 tildelt nye ferjekontraktar for sju samband med oppstart i november 2027. Desse kontraktane inneber eit krav om å redusere klimagassutsleppa med minst 65 prosent i høve dagens drift på sambanda. Når desse ferjene kjem i drift, vil dei bidra til å redusere dei resterande utsleppa frå ferjene i Vestland med om lag 40 prosent.

Årlege utslepp frå ferjer som køyrer for Skyss

Tonn CO₂-ekvivalentar. Stipla line viser prognosen med vedtekne tiltak.

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp frå ferjer som køyrer for Skyss
ÅrFerje
201967 000 tonn
202049 600 tonn
202133 100 tonn
202223 300 tonn
202318 500 tonn
202419 600 tonn
202519 400 tonn
Prognose11 800 tonn

Buss

Ved hjelp av elektrifisering, biogass og omsettingskravet har ein kutta klimagassutsleppet frå buss i Vestland med om lag 30 prosent frå 2018 til 2024. Variasjonen i utslepp i denne perioden heng saman med endringar i bruk av biodrivstoff. Det vart innført biodrivstoff i konvensjonelle dieselbussar i fleire kontraktar frå 2019, men tiltaket vart seinare reversert etter tilråding frå Miljødirektoratet. Direktoratet har vurdert at 100 prosent biodrivstoff ikkje førte til utsleppskutt utover omsettingskravet. I tråd med tilrådingane stiller fylkeskommunen derfor ikkje lenger krav om 100 prosent biodrivstoff.

I juni 2025 vart det starta opp nye busskontraktar i Hardanger/Voss, Nordfjord og Modalen/Vaksdal. Her har ein teke i bruk elektriske bussar som bidreg til utsleppskutt. Utover dette er det stilt krav om minst 60 prosent utsleppskutt i busskontraktane for Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland, og om lag 40 prosent utsleppskutt i busskontrakten for Nordhordland. Til saman forventar ein med desse tiltaka at dei resterande utsleppa frå bussane i heile fylket vil gå ned med 25 prosent i høve 2024.

Årlege utslepp frå bussar som køyrer for Skyss

Tonn CO₂-ekvivalentar. Stipla line viser prognosen med vedtekne tiltak.

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp frå bussar som køyrer for Skyss
ÅrBuss
201943 600 tonn
202027 900 tonn
202118 000 tonn
202221 100 tonn
202335 800 tonn
202435 400 tonn
202532 700 tonn
Prognose27 500 tonn

Straum til elektriske bussar vert kjøpt inn med opphavsgarantiar som gir svært låge utslepp i energiforbruket.

Bybane

Bybanen er særskilt energieffektiv: Dei to bybanelinjene står samla for meir enn kvar fjerde kollektivreise i Vestland, medan klimagassutsleppet frå drifta utgjer ein svært liten del av klimagassutsleppet til kollektivtransporten i Vestland.

Endringar i klimagassutsleppa for bybanen dei siste åra heng saman med at det ikkje var kjøpt opphavsgaranti i 2023 for køyrestraumen. For meir om dette, sjå Bybanen AS sin eigen berekraftsrapport for 2023 (bybanen.no, PDF).

Båt

Klimagassutsleppet frå båt er framleis stabilt høgt. Den første driftskontrakten med nye, hybridelektriske fartøy starta opp i mai 2024. Etableringa av ladeinfrastruktur vart forseinka, og kontrakten har vore prega av lågare el-grad enn forventa. Klimagassutsleppa frå drifta av dei hybridelektriske båtane har likefullt gått ned. I 2025 starta også ny kontrakt for drifta av Askøyruta og Nordhordlandsruta. Her har dei heil- og delelektriske fartøya vorte forseinka frå verftet. Utsleppsauken i 2025 skuldast andre svingingar i dieselbruk.

Med dei nye elektriske båtane ein no tek i bruk, reknar ein med utsleppskutt på 10 prosent i høve 2025.

Årlege utslepp frå båtar som køyrer for Skyss

Tonn CO₂-ekvivalentar. Stipla line viser prognosen med vedtekne tiltak.

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp frå båtar som køyrer for Skyss
ÅrBåt
201946 300 tonn
202044 100 tonn
202144 700 tonn
202247 400 tonn
202347 100 tonn
202443 700 tonn
202545 500 tonn
Prognose41 000 tonn

Samla prognose

Utslepp etter transportmiddel i 2025 og prognose med vedtekne tiltak

Tusen tonn CO₂-ekvivalentar

Vis tala bak grafikken
Utslepp etter transportmiddel i 2025 og prognose med vedtekne tiltak
BussBybaneBåtFerje
202532,7 tusen tonn0,2 tusen tonn45,5 tusen tonn19,4 tusen tonn
Prognose (med vedtekne tiltak)27,5 tusen tonn0,2 tusen tonn41,0 tusen tonn11,8 tusen tonn

Skyss har som mål å basere alle transportmidlar på nullutsleppsteknologi. Ved utgangen av 2025 er det lyst ut konkurransar og / eller inngått kontraktar som samla sett vil kutte det resterande klimagassutsleppet med over 20 000 tonn eller 22 prosent i åra framover:

  • Utsleppskutt frå båtrutene til Askøy og Nordhordland, med oppstart frå januar 2025: 2700 tonn CO2
  • Utsleppskutt frå busskontraktane for Hardanger/Voss, Modalen/Vaksdal og Nordfjord frå juni 2025 (gjenståande heilårseffekt 2026): 2300 tonn CO2
  • Utsleppskutt frå busskontraktane for Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland frå juni 2026: 4200 tonn CO2
  • Utsleppskutt frå ferjekontraktane for Sogn og Fjordane, Hisarøy og Osterøy frå november 2027: 7800 tonn CO2
  • Utsleppskutt frå busskontrakten for Nordhordland frå august 2027: 1400 tonn CO2

Dei resterande klimagassutsleppa er i stor grad knytt til lange båtruter og til busskontraktane i bergensområdet. Dette er kontraktar som skal fornyast innan 2032.

Føresetnader

Utsleppsfaktoren for straum representerer gjennomsnittleg kraftmiks i det nordiske eller europeiske kraftnettet, som inneheld både fornybare og ikkje-fornybare kjelder. Fornybar straum har opphavsgaranti, som sikrar at tilsvarande volum kjem frå fornybare kjelder som vasskraft, vindkraft eller solkraft. Dette gir ein lågare utsleppsfaktor samanlikna med den generelle kraftmiksen.

Følgjande utsleppsfaktorar er lagt til grunn for berekninga:

Utsleppsfaktorar lagt til grunn for berekninga
DrivmiddelMJkWhkg CO2e/kWh (inkl. CH4 og N2O)
MGO (tonn)42 70011 861,110,267
Biodiesel (tonn)44 10012 250,000,142
Autodiesel (liter)36,210,10,267
Berekraftsertifisert biodrivstoff (liter)32,31368,980,107
Avansert biodrivstoff (liter)34,39,530,053
Naturgass (sm3)35,4249,840,023
Biogass (sm3)35,429,840,020
Straum (kWh)3,61,000,075
Straum – Bybanen (kWh)3,61,000,047
Fornybar straum3,61,000,011
Påstigande på buss

Tal og data

Økonomi

Brutto driftskostnader (kr)
Post20252024
Buss2 795 721 0002 588 958 000
Bybane385 653 000337 607 000
Båt506 025 000487 902 000
Ferje1 531 678 0001 502 860 000
Skoleskyss158 808 000160 075 000
Administrasjon og drift239 236 000242 263 000
Brutto driftskostnader5 617 121 0005 319 665 000
Driftsinntekter (kr)
Post20252024
Billettinntekter buss og bybane972 311 000882 937 000
Billettinntekter båt52 635 00054 683 000
Billettinntekter ferje148 228 000118 107 000
Skoleskyss, refusjon kommune233 097 000224 313 000
Belønningsmidler441 400 000417 700 000
Andre67 252 00046 174 000
Sum driftsinntekter1 914 923 0001 743 914 000
Fylkeskommunen si finansiering (kr)
Post20252024
Netto driftskostnader rekneskap3 702 197 0003 575 753 000
Netto driftskostnader budsjett3 761 676 0003 404 136 000
Differanse / meirforbruk59 479 000−171 617 000

Produksjon

Rutekilometer
KontraktRutekilometer 2025Tal bussar / vogner i produksjon
Sunnhordland2 154 33354
Hardanger og Voss5 562 448126
Modalen og Vaksdal366 67310
Nordhordland3 541 01974
Bergen nord inkl. Osterøy9 145 971159
Bergen sør6 539 993122
Bergen sentrum6 601 495122
Vest5 657 020134
Sogn2 189 67352
Nordfjord1 501 56242
Sunnfjord4 606 154139
Sum buss47 866 3411 034
Bybanen2 988 01226
Sum rutekilometer, buss og bane50 854 3531 060

Påstigingar

Påstigande i Vestland, etter transportmiddel
Transportmiddel20212022202320242025
Buss45 786 00057 805 00063 071 00065 079 00066 473 000
Bybane13 901 00019 122 00024 288 00025 850 00026 313 000
Sum bybane og buss59 687 00076 928 00087 359 00090 929 00092 786 000
Båt1 199 0001 596 0001 762 0001 780 0001 829 000
Ferje5 100 0005 238 0005 371 0005 924 0006 705 000
Sum, alle transportmiddel65 986 00083 761 00094 492 00098 633 000101 320 000
Påstigande i Vestland, etter geografisk område og art
Transportmiddel20212022202320242025
Buss, Bergen kommune (*)33 546 00043 696 00048 181 00049 725 00050 565 000
Bybanen13 901 00019 122 00024 288 00025 850 00026 313 000
Bybanen linje 113 901 00018 616 00019 342 00020 090 00020 117 000
Bybanen linje 2506 0004 946 0005 760 0006 196 000
Buss, Byvekstavtaleområdet (**)39 885 00051 405 00057 014 00058 735 00059 579 000
Båt byvekstavtaleområdet (***)502 000705 000821 000842 000845 000
Buss, Vestland utanom byvekstavtaleområdet5 900 0006 400 0006 056 0006 588 0006 894 000
Båt Vestland utanom bybåtane i Bergen533 000890 000941 000949 000979 000

*) Talet inkluderer alle påstigingar innanfor kommunegrensa.
**) Avtalen omfattar kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Alver og Bjørnafjorden.
***) Inkluderer kun bybåtane til Askøy og Nordhordland. Andre båtruter med påstigningar innanfor byvekstavtaleområdet er ikkje inkludert.

Ferje og båt

Ferje, heile Vestland
Kategori20212022202320242025
Passasjerar5 100 0005 238 0005 371 0005 924 0006 705 000
Personbileiningar (PBE)3 910 0004 147 0004 372 0004 512 0004 928 000
Tal køyretøy2 733 0002 921 0003 087 0003 183 0003 518 000
Reisetal, båtsamband
Samband20212022202320242025
Sunnhordland–Austevoll–Bergen269 500324 600330 700337 000354 700
Lokalbåt Austevoll16 90016 20013 80014 10016 300
Espevær–Eidesvik37 10035 10032 70030 60030 000
Hellesøy–Lyngøy–Hernar6 9006 8006 8007 7008 100
Hardangerfjordekspressen21 90043 20049 60051 90056 600
Reksteren–Våge–Os6 9007 4006 9008 20011 300
Kleppestø–Strandkaien434 700588 000656 600685 300692 800
Knarvik–Frekhaug–Bergen67 000117 000163 500156 700152 400
Turistrute Hardanger4 20015 00018 00018 60019 800
Osterfjorden2 2002 1001 9002 0002 200
Geitanger–Knappskog2 2002 2002 3002 2002 100
Vik–Ortnevik–Måren–Nordeide22 40023 70023 20019 00022 000
Måløy–Silda / Måløy–Gangsøy–Risøy5 8005 2004 0005 0005 500
Kystvegekspressen (Måløy–Smørhamn–Florø)10 90012 80012 6009 80010 800
Gulen / Solund23 20022 30024 10025 90026 100
Lokalruter i Florabassenget100 700102 100105 30095 300103 600
Bergen–Nordfjord118 700162 100169 000173 900170 700
Bergen–Sogn38 50055 80061 70062 80058 600
Bergen–Flåm8 10052 20076 40083 10080 900
Trafikk per ferjesamband
SambandPassasjerar, 2024Personbileiningar, 2024Køyretøy ekskl. MC, 2024Passasjerar, 2025Personbileiningar, 2025Køyretøy ekskl. MC, 2025
1019 Masfjordnes–Duesundøy108 89982 79271 714117 68591 53079 504
1020 Hatvik–Venjaneset809 052565 468428 912898 604624 921466 865
1021 Våge–Halhjem395 847269 025213 347416 191277 283221 030
1022 Hufthamar–Krokeide644 369553 865395 857789 130614 301454 042
1023 Husavik–Sandvikvåg154 479102 96979 012154 41990 60368 068
1024 Utne–Kvanndal163 600154 04281 567165 542140 38181 291
1025 Kinsarvik–Utne49 18726 45419 97432 97718 63413 448
1026 Jondal–Tørvikbygd560 623450 239295 236588 816462 830305 271
1027 Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes476 291354 983238 095524 684384 950253 046
1028 Fedje–Sævrøy116 61975 59562 400123 72277 09665 133
1029 Leirvåg–Sløvåg370 239405 523247 851383 191395 250242 998
1030 Langevåg–Buavåg127 272114 29683 510138 151123 57587 539
1031 Skånevik–Matre–Utåker113 83896 17261 337120 16393 53657 917
1032 Skjersholmane–Ranavik376 269348 332224 264400 934355 600230 523
1033 Jektavik–Nordhuglo–Hodnanes356 865272 060209 673393 347276 575209 313
1034 Fjelberg–Sydnes–Utbjoa76 54837 91526 67182 87637 28526 069
1035 Klokkarvik–Lerøy–Bjelkarøy–Hjellestad122 71437 14833 084121 42435 78532 613
1036 Valestrandfossen–Breistein *360 906247 517205 108
1037 Barmen-Barmsund10 5166 2635 83810 6187 3156 231
1038 Stårheim-Isane212 194182 628123 993215 353189 598126 672
1039 Måløy-Husevågøy-Oldeide224 157105 82473 918216 353111 84876 536
1041 Daløy-Haldorsneset40 61431 95725 06940 97730 36625 051
1042 Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella176 74385 64658 889181 27385 43361 319
1043 Hisarøy–Mjånes7 3884 9944 8637 8745 6285 610
1131 Kaupanger–Frønningen **9887479
1140 Askvoll-Gjervik-Fure-Askvoll167 679107 93789 043158 673101 99186 007
1141 Askvoll–Fure–Værlandet61 78240 12928 40360 62243 04029 789
Totalt6 704 5144 923 7583 517 472

*) Sambandet Valestrandsfossen–Breistein vart overteke av Vestland fylkeskommune / Skyss frå 1. januar 2025.
**) Sambandet Kaupanger – Frønningen har i tidlegare årsrapportar vore oppført som båtsamband, og er her inkludert under ferjer. Tala i denne statistikken kjem frå Ferjedatabanken / Statens Vegvesen. For dette sambandet er tala i databanken diverre ufullstendige.

Driftsregularitet for fylkesvegferjene
SambandRegularitet i %Regularitet i %, eksl. force majeureForseinking i %
Krokeide – Hufthamar99,4199,61,22
Hatvik – Venjaneset99,8899,96,73
Halhjem – Våge99,8699,915,05
Fedje – Sævrøy98,0599,481,54
Langevåg – Buavåg99,2199,60,59
Husavik – Sandvikvåg99,5699,7614,5
Leirvåg – Sløvåg99,4999,731,21
Jektevik – Nordhuglo – Hodnanes98,2599,6113,18
Ranavik – Skjersholmane97,7299,371,3
Jondal – Tørvikbygd99,6399,650,59
Gjermundshamn – Varaldsøy – Årsnes98,9299,3810,42
Fjelbergsambandet99,2299,243,44
Hjellestad – Klokkarvik99994,71
Masfjordnes – Duesund99,999,90,06
Hisarøy – Mjånes1001000
Kvanndal – Utne99,951004,9
Kinsarvik – Utne67,221001,94
Skånevik – Matre – Utåker99,5399,782,1
Rutledal – Rysjedalsvika – Losna – Krakhella97,7899,0913,38
Askvoll – Fure – Værlandet91,8699,763,27
Askvoll – Fure – Gjervik97,5599,882,78
Isane – Stårheim98,8799,790,36
Måløy – Husevågøy – Oldeide99,599,894,41
Daløy – Haldorsneset99,831000,02
Barmen – Barmsund98,7299,720
Breistein – Valestrand97,3697,370,12

Oversikt over kontraktar

Kontraktar – ferje
SambandVarigheit til (+ års opsjon)Type kontraktOperatør
1037 Barmen–Barmsund31.05.2029 (+2)NettokontraktVidar Hop Skyssbåter AS
1038 Stårheim–Isane31.12.2026NettokontraktFjord1
1039 Måløy–Husevågøy–Oldeide31.12.2026NettokontraktFjord1
1040 Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet *31.12.2026NettokontraktFjord1
1041 Daløy–Haldorsneset31.12.2026NettokontraktGulen Skyss AS
1042 Rysjedalsvika–Rutledal–Krakhella31.12.2026NettokontraktFjord1
1043 Hisarøy–Mjånes31.12.2026NettokontraktWergeland AS
1140 Askvoll–Gjervik–Fure–Askvoll31.12.2026NettokontraktFjord1
1141 Askvoll–Fure–Værlandet31.12.2026NettokontraktFjord1
1020 Hatvik–Venjaneset31.12.2029BruttokontraktFjord1
1021 Halhjem–Våge31.12.2029BruttokontraktFjord1
1022 Krokeide–Hufthamar31.12.2029BruttokontraktFjord1
1023 Husavik–Sandvikvåg31.12.2029BruttokontraktFjord1
1028 Fedje–Sævrøy31.12.2029BruttokontraktFjord1
1029 Leirvåg–Sløvåg31.12.2029BruttokontraktFjord1
1030 Langevåg–Buavåg31.12.2029BruttokontraktFjord1
1026 Jondal–Tørvikbygd31.12.2028 (+1)BruttokontraktFjord1
1027 Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes31.12.2028 (+1)BruttokontraktFjord1
1032 Skjersholmane–Ranavik31.12.2028 (+1)BruttokontraktFjord1
1033 Jektevik–Nordhuglo–Hodnanes31.12.2028 (+1)BruttokontraktFjord1
1034 Fjelberg–Sydnes–Utbjoa31.12.2028 (+1)BruttokontraktNorled
1035 Klokkarvik–Lerøy–Bjelkarøy–Hjellestad31.12.2028 (+1)BruttokontraktNorled
1019 Masfjordnes–Duesund31.12.2028 (+1)BruttokontraktWergeland AS
1024 Kvanndal–Utne31.12.2028 (+1)BruttokontraktBoreal Sjø
1025 Kinsarvik–Utne31.12.2028 (+1)BruttokontraktBoreal Sjø
1031 Skånevik–Matre–Utåker31.12.2028 (+1)BruttokontraktBoreal Sjø
Kontraktar – båt
KontraktKontraktsperiodeType kontraktOperatør
Sunnhordland–Austevoll–Bergen
Lokalbåt Austevoll
01.01.2014 – 31.12.2027BruttokontraktNorled AS
Espevær–Eidesvik
Hellesøy–Lyngøy–Hernar
01.01.2014 – 31.12.2027NettokontraktGulenSkyss AS
Rosendal–Bergen
Reksteren–Våge–Os
01.01.2014 – 31.12.2027NettokontraktL. Rødne & Sønner AS
Bybåtsambanda i Bergen20.01.2025 – 15.01.2040BruttokontraktFjord1 AS
Turistrute Hardanger (Norheimsund–Eidfjord, sommarrute)01.05.2020 – 30.09.2026NettokontraktNorled AS
Lokalrute Geitanger–Knapskog01.07.2019 – 01.07.2026NettokontraktGeitanger Transport AS
Lokalrute Osterfjorden01.08.2019 – 31.07.2026NettokontraktOsterøy Ferjeselskap AS
Hurtigbåt
Bergen–Nordfjord / Sogn
Nordfjord–Bergen
Sogn–Bergen
Bergen–Flåm (sommarrute)
01.05.2022 – 30.11.2026NettokontraktNorled AS
Lokalbåt Gulen og Solund
Gulen–Ytre Solund
Hardbakke–Nåra–Mjømna
Hardbakke–Kolgrov–Utvær
Gåsvær–Midtre Solund–Hardbakke
Nord-Solund
01.05.2022 – 24.06.2029 (1+1)BruttokontraktVidar Hop Skyssbåt AS
Lokale båtruter i Sogn og Fjordane
Florøbassenget (nord / sør / vest)
Måløy–Silda / Måløy–Gangsøy–Risøy
Vik–Ortnevik / Ortnevik–Måren–Nordeide
Kaupanger–Frønningen
01.05.2024 – 30.04.2036 (+ inntil 2 år)BruttokontraktNorled AS
Kystvegekspressen Florø–Smørhamn–Måløy–Selje01.05.2024 – 30.10.2026 (+ inntil 2,5 år)BruttokontraktNorled AS
Godsbåt Bergen–Gulen, Solund og Askvoll16.08.2022 – 15.08.2027 (2+2)NettokontraktVidar Hop Skyssbåt AS
Kontraktar – buss
KontraktKontraktsperiodeType kontraktOperatør
Bergen sør, inkl. Os og Austevoll16.08.2019 – 25.06.2028 (+ 1 + 1 år)BruttokontraktTide Buss AS
Bergen sentrum01.12.2020 – 30.06.2030 (+ 1 + 1 år)BruttokontraktTide Buss og Bane AS
Bergen nord, inkl. Osterøy og servicelinjene01.10.2020 – 30.06.2030 (+ 1 + 1 år)BruttokontraktTide Buss AS
Vest (Øygarden / Askøy)25.06.2019 – 25.05.2028 (+ 1 + 1 år)BruttokontraktTide Buss AS
Nordhordland16.08.2018 – 15.08.2027BruttokontraktVy Buss AS
Sunnhordland02.07.2017 – 28.06.2026BruttokontraktTide Buss AS
Hardanger / Voss23.06.2025 – 22.06.2035 + 3 årBruttokontraktTide Buss AS
Modalen / Vaksdal23.06.2025 – 22.06.2035BruttokontraktModalen – Eksingedalen Billag AS
Sogn19.06.2017 – 22.06.2026BruttokontraktTide Buss AS
Sunnfjord20.06.2016 – 23.06.2026BruttokontraktFirda Billag AS
Nordfjord23.06.2025 – 19.06.2035 + 3 årBruttokontraktFirda Billag AS

Foto

Buss og MF Utnefjord: Morten Wanvik
Buss på perrong G, Bergen: Morten Wanvik
Ungdommar på haldeplass: Morten Wanvik
Bussar utanfor Knappetunnelen: Morten Wanvik
Busshaldeplass i det grøne: Askild Stordal, Skyss
Mann ved billettautomat: Svein Arne Nesøy
Buss ved fjorden: Firda Buss Billag AS
Kvinner på bybanen: Morten Wanvik
Mobiltelefon med terminal i bakgrunnen: Morten Wanvik
MS Kleppestø ved Bryggen: Ingrid Dreyer, Skyss
Påstigande på buss: Morten Wanvik