Reisetal, 2. tertial 2026
Tal påstigande, samanlagt 1. og 2. tertial, 2025 og 2026
| Driftsart og -område | 2025 | 2026 | % utvikling |
|---|---|---|---|
| Sum, byvekstavtaleområdet | 56 208 000 | 56 621 000 | 0,73 |
| Sum, utanom byvekstavtaleområdet | 4 563 000 | 4 414 000 | -3,27 |
| Bybanen, totalt | 16 786 000 | 16 677 000 | 0,65 |
| Bybanen, linje 1 | 12 855 000 | 12 573 000 | -2,19 |
| Bybanen, linje 2 | 3 929 000 | 4 103 000 | 4,43 |
| Buss, byvekstavtaleområdet | 38 910 000 | 39 388 000 | 1,23 |
| Buss, Vestland utanom byvekstavtaleområdet | 3 904 000 | 3 765 000 | -3,56 |
| Båt, byvekstavtaleområdet | 512 000 | 556 000 | 8,59 |
| Båt Vestland, utanom bybåtane i Bergen | 659 000 | 649 000 | -1,52 |
Utvikling i byvekstavtaleområdet
Som tabellen over viser har Bybanen samla sett hatt ein nedgang (-0,65%) i talet på påstigingar i 2026 samanlikna med året før.
Denne nedgangen har samanhang med at det sommaren 2026 vart gjennomført omfattande vedlikehaldsarbeid på linje 1, med innstilling mellom Slettebakken og Byparken frå 29. juni til 26. juli. Det førte naturleg nok til ein kraftig reduksjon i talet på påstigingar på linje 1 i juli, 38 prosent.
Sjølv om det samtidig var ein sterk vekst på linje 2 (64 prosent), var den samla nedgangen for Bybanen betydeleg, 20 prosent.
Når det gjeld buss, ser vi ein liten vekst samanlikna med fjoråret. Ved utgangen av andre tertial var denne på 1,2 prosent. Den underliggande trenden ser ut til å vera ei utflating i talet på påstigingar. I juli var det auka bruk av buss, både grunna bruk av buss for bane, og fordi busslinjer som tener som alternativ til Bybanen vart meir brukt. Ser ein vekk frå denne månaden er talet på påstigingar på buss i byvekstavtaleområdet (Bergen og omegn) på 0,4%.
Konkret ser vi negativ utvikling på nokre av dei største busslinjene, som linje 4 (Flaktveit – Hesjaholtet), som har ein reduksjon på 2,6 prosent i talet på påstigingar, eller 80.000 færre påstigingar i absolutte tal. Andre linjer har framleis vekst. På linje 600 (Halhjemsmarka – Osøyro. I juli såg vi – som nemnd – også ein markant vekst på busslinjer som kan nyttast som alternativ til Bybanen. Dette gjeld til dømes for linje 83 (Nesttun – Paradis – Wergeland – Bergen busstasjon), linje 20 (Storavatnet – Nesttun) og linje 67 (Søråshøgda – Lagunen – Bergen busstasjon).
Veksten på desse busslinjene kan ikkje reknast som reell, og er snarare eit uttrykk for ulemper bybanestenginga har hatt for reisande.
Bybåtane har ein sterk vekst i påstigartala, med 8,6 prosent ved utgangen av andre kvartal. Denne veksten kjem frå Askøy-båten (11,5 prosent), og må sjåast i samband med overgang til ny operatør og nytt teljesystem. Kor mykje av veksten som er reell passasjervekst, og kor mykje som skuldast endring i datainnsamlinga, er difor uklårt. Det er å vente at biletet vil bli klårare over tid. Båtruta til Nordhordland har på si side ein nedgang på 4,2 prosent ved utgangen av andre tertial, samanlikna med fjoråret.
Grafikken under viser samla tal påstigingar på buss, bybane og båt månad for månad, innanfor byvekstområdet.
Utanfor byvekstområdet
Både for buss (-3,4 %) og båt (-1,7 %) utanfor byvekstområdet er det tilsynelatande ein nedgang i påstigartala ved utgangen av andre tertial.
Samstundes er dette tal frå ei overgangsperiode til nytt teljesystem. Sommaren 2026 nådde vi ein milepel, ved at automatisk passasjerteljing er innført i alle kontraktene våre. Det vil gje betre data om bruken, og betre grunnlag for analyse. I ei overgangsperiode er det likevel vanskeleg å seie noko presist om utviklinga, då tidlegare tal i betydeleg grad er modellerte.