1. kvartal 2025
Trafikktal, Skyss vil framover publisera eit utval trafikktal kvartalvis. Per no har vi ikkje gode nok tal for fleire av busskontraktane utanfor bergensområdet, og her har vi difor vald å sjå på buss i byvekstområdet (Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden kommunar) og på Bybanen, der vi har automatisk passasjertelling. Vi har i tillegg inkludert påstigingstal for bybåtane, som førebels er manuelt registrerte.
I tabellen under får du tal for 2024 og for fyrste kvartal 2025, og du vil også få presentert den prosentvise utviklinga om ein samanliknar fyrste kvartal 2025 med same kvartal i fjor.
wdt_ID | wdt_created_by | wdt_created_at | wdt_last_edited_by | wdt_last_edited_at | Kategori | 1. kvartal 24 | 2. kvartal 24 | 3. kvartal 24 | 4. kvartal 24 | 1. kvartal 25 | %-endring |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Buss, byvekstavtaleområdet | 14.936.000 | 14.889.900 | 13.598.500 | 15.310.800 | 15.718.500 | 5,2 | ||||
2 | Bybanen | 6.349.900 | 6.658.000 | 6.192.900 | 6.649.600 | 6.649.100 | 4,7 | ||||
3 | – linje 1 | 4.905.400 | 5.221.800 | 4.834.900 | 5.127.700 | 5.054.500 | 3,0 | ||||
4 | – linje 2 | 1.444.500 | 1.436.100 | 1.358.000 | 1.521.900 | 1.594.600 | 10,4 | ||||
5 | Bybåtane | 203.200 | 234.900 | 193.400 | 210.500 | 204.100 | 0,4 | ||||
6 | – Askøyruta | 162.100 | 191.300 | 162.500 | 169.400 | 165.000 | 1,8 | ||||
7 | – Nordhordlandsruta | 41.100 | 43.600 | 30.900 | 41.100 | 39.100 | -4,9 |
1. kvartal 2025 var veksten for buss og bane samanlagt på om lag 4 prosent, samanlikna med året før. Inkluderer vi båt var veksten på 5 prosent. Her har det vore ein nedgang på ruta til Nordhordland, medan Askøyruta har hatt ein oppgang. På grafen under kan du sjå korleis talet for påstigande på buss og bane i byvekstområdet har utvikla seg gjennom 2024 og i 1. kvartal 2025:
Tabellen viser mellom anna at Bybanen hadde sterk passasjervekst i heile perioden, med unnatak av ein dupp i 4. kvartal 2024. Trenden frå tidlegare fortset også i 1. kvartal 2025. Samla sett var det betydeleg vekst i talet på påstigingar i kollektivtrafikken gjennom fjorårets tre fyrste kvartal, og særleg i det andre. Etter duppen mot slutten av året, ser vi i 2025 ny vekst. Skulle vi ta ein nærare titt på bakgrunnstala, vil vi finne – som i tabellen over – at veksten på Bybanens linje 2 er særleg sterk, noko som er venta, då det stadig er eit ganske nytt tilbod, og eit tilbod av høg kvalitet. Det er også på linje med den langsiktige utviklinga. Bybanen har opplevd vekst i talet på påstigingar heilt frå den fyrste bybanestrekninga vart opna, med unnatak for koronaperioden. Her er ein oversikt frå dei siste åra:
Det er samstundes verdt å merke seg at variasjonen frå kvartal til kvartal alltid vil verta prega av fridagar, og dessutan av både skulane sin planleggingsdagar og av «inneklemte dagar». Dette bidreg til at det er vanskeleg å samanlikna tal frå same kvartal frå år til år. I 2024 var til dømes nesten heile påskeferien i mars (1. kvartal), medan den i år var i april (2. kvartal). For å gje ein betre peikepinn på utviklinga har vi difor henta ut tal som viser gjennomsnittleg tal påstigingar på skuledagar, og korleis dette utviklar seg i prosent samanlikna med same kvartal året før. Då får vi denne grafen:
Her er utviklinga i talet på påstigingar jamnare. Etter betydeleg vekst, ikkje minst for Bybanen, tidleg i 2024, har veksten stabilisert seg på eit lågare nivå.