Trafikk-utvikling,
2. kvartal 2025

Korleis utvikla trafikken seg i bergensområdet i 2. kvartal 2025? Takk vere automatisk passasjertelling har vi gode tal for både buss og bane i området som er dekka av byvekstavtalen, og i tabellen under har vi også inkludert tal for bybåtane til og frå Nordhordland og Askøy.

wdt_created_by wdt_created_at wdt_last_edited_by wdt_last_edited_at Kategori wdt_ID 1. kvartal 24 2. kvartal 24 3. kvartal 24 4. kvartal 24 1. kvartal 25 2. kvartal 25 %-endring
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 28/08/2025 02:31 PM Buss, byvekstavtaleområdet 1 14.936.000 14.889.900 13.598.500 15.310.800 15.718.500 14.711.800 -1,2
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 28/08/2025 02:30 PM Bybanen 2 6.349.900 6.658.000 6.192.900 6.649.600 6.649.100 6.519.300 -2,1
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 28/08/2025 03:51 PM – linje 1 3 4.905.400 5.221.800 4.834.900 5.127.700 5.054.500 5.020.000 -3,9
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 28/08/2025 03:51 PM – linje 2 4 1.444.500 1.436.100 1.358.000 1.521.900 1.594.600 1.499.300 11,4
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 28/08/2025 04:09 PM Bybåtane 5 203.200 234.900 193.400 210.500 204.900 214.800 -8,6
oyvstr 27/08/2025 01:36 PM oyvstr 29/08/2025 01:53 PM – Askøyruta 6 162.100 191.300 162.500 169.400 166.500 174.000 -9,0
oyvstr 27/08/2025 01:36 PM oyvstr 29/08/2025 01:54 PM – Nordhordlandsruta 7 41.100 43.600 30.900 41.100 39.700 40.800 -6,4

Variasjonen frå kvartal til kvartal er påverka av fridagar, og dessutan av både skulane sine planleggingsdagar og av såkalla «inneklemte dagar». Ulik plassering av påskeferien er difor viktig å ha i mente når ein ser på reisetala.

I 2024 var nesten heile påskeferien i mars, og altså i 1. kvartal. I år var påskeferien i april, i 2. kvartal. Samanliknar ein 2. kvartal 2024 og 2. kvartal 2025 vil ein difor sjå ein nedgang i talet på påstigingar, med unnatak for på Bybanens linje 2, der det er sterk vekst trass i påskevariasjonen.

Samanliknar ein fyrste halvår 2024 og fyrste halvår 2025 vil ein i absolutte reisetal sjå ein oppgang for både buss og bybane, medan det er ein nedgang for bybåtane til Askøy og Nordhordland. Når det gjeld dei siste tala ser vi at det er betydelege variasjonar på månadsbasis, og det er på noverande tidspunkt vanskeleg å gje konkrete vurderingar av desse variasjonane.

For bybanens linje 1 er det i absolutte reisetal også ein nedgang å spora frå fyrste halvår 2024 til fyrste halvår 2025. Denne nedgangen er på 53.000 (eller 0,5 prosent), noko som er mindre enn reisetala for ein dag. For bybanens linje 2 ser vi ein oppgang på vel 213.000 passasjerar (eller vel 7,4 prosent) frå fyrste halvår 2024 til fyrste halvår 2025.

Å sjå på endring i tal påstigande på ein gjennomsnittleg skuledag gjev eit meir robust talgrunnlag, sidan det er like tal som blir samanlikna, uavhengig av variasjonar grunna ferie, inneklemte dagar og så vidare. Tabellen over viser utviklinga per kvartal, samanlikna med same kvartal førre år.

Om vi gjer ei halvårssamanlikning med skuledagar som utgangspunkt ser vi framleis ein oppgang i talet passasjerar på linje 1, frå eit snitt på 66.911 fyrste halvår 2024 til 67.742 for fyrste halvår 2025. Meir markant er likevel oppgangen på linje 2, frå 19.696 passasjerar til 21.334 passasjerar i snitt. Dette tilsvarar 1,1% vekst på linje 1, 8,3% vekst på linje 2 og til saman ein vekst på 3%.

Desse tala kan tyda på at veksten for linje 1 no flatar ut. Det er rimeleg å anta at dette heng saman med at reisande som kan velja mellom dei to linjene, vel linje 2. Omlag 11.000 personar bur i delar av Årstad bydel der båe linjene kan vera like aktuelle å bruke. På linje 2 er det framleis ganske god kapasitet, også i rush, medan linje 1 tidvis er prega av trengsel. Slik sett kan det vere gunstig at linje 2 tek unna meir av veksten.

Under kan du også sjå utviklinga i absolutte reisetal for bybanelinje 2, etter kvartal: