Trafikk-utvikling,
3. kvartal 2025

Korleis utviklar kollektivtrafikken seg i bergensområdet? Takk vere automatisk passasjertelling har vi gode tal for både buss og bane i området som er dekka av byvekstavtalen, og i tabellen under har vi også inkludert tal for bybåtane til og frå Nordhordland og Askøy.

wdt_created_by wdt_created_at wdt_last_edited_by wdt_last_edited_at Kategori wdt_ID 1. kv. 24 2. kv. 24 3. kv. 24 4. kv. 24 1. kv. 25 2. kv. 25 3. kv. 25
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 06/11/2025 01:21 PM Buss, byvekstavtaleområdet 1 14.936.000 14.889.900 13.598.500 15.310.800 15.718.500 14.711.800 13.692.400
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 31/10/2025 09:43 AM Bybanen 2 6.349.900 6.658.000 6.192.900 6.649.600 6.649.100 6.519.300 6.071.500
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 31/10/2025 09:50 AM – linje 1 3 4.905.400 5.221.800 4.834.900 5.127.700 5.054.500 5.020.000 4.614.900
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 31/10/2025 09:50 AM – linje 2 4 1.444.500 1.436.100 1.358.000 1.521.900 1.594.600 1.499.300 1.456.500
oyvstr 27/08/2025 01:35 PM oyvstr 31/10/2025 09:47 AM Bybåtane 5 203.200 234.900 193.400 210.500 204.900 214.800 216.017
oyvstr 27/08/2025 01:36 PM oyvstr 31/10/2025 09:46 AM – Askøyruta 6 162.100 191.300 162.500 169.400 166.500 174.000 178.700
oyvstr 27/08/2025 01:36 PM oyvstr 06/11/2025 01:21 PM – Nordhordlandsruta 7 41.100 43.600 30.900 41.100 39.700 40.800 37.400

Etter ein periode med stor vekst i åra etter pandemien, ser det no ut til at reisetala for byvekstområdet stabiliserer på eit lågare vekstnivå – per september 2025 ser vi ein vekst på ein prosent, samla sett for buss, bybane og båt. Talet på påstigingar i 3. kvartal 2025 er mykje likt som eitt år tidlegare.

I absolutte tal ser vi ein nedgang på linjer som har vore påverka av vedlikehald, stenging av haldeplassar eller vegstenging.

Når det gjeld Bybanen var det fire veker i sommar der Kaigaten og Nonneseter ikkje vart betjent, noko som truleg førte til at mange gjekk til fots istadenfor å ta banen på korte distansar i sentrum, og som dessutan kan ha gjeve overgang til andre transportmiddel eller endra planar for reisande frå utanfor sentrum. Det var også tre veker der Bybanen ikkje gjekk til haldeplassane Danmarks plass, Florida og Nygård. Dette påverkar naturleg nok reisemønster, og vi ser også at det er litt auke i busstala i denne perioden.

Samstundes har arbeidet også hatt følger for dataregistrering og modellering, noko som gjer at det knyter seg noko større uvisse til bybanetala enn det som er vanleg. Utfordringar knytt til registrering tyder truleg at dei reelle påstigingstala på Bybanen i 3. kvartal er høgare enn det som går fram frå tabellen.

Det er også verdt å merka seg skilnaden mellom dei to bybanelinjene. For linje 1 ser vi for 3. kvartal ein nedgang på nærare 5 prosent (samanlikna med same kvartal året før). For linje 2 ser vi derimot ei vekst på over 7 prosent. I august og september har både linje 1 og linje 2 sett vekst. For linje 1 var denne på omlag 3 prosent frå eit allereie høgt nivå, medan den for linje 2 var på heile 19 prosent.

Vedlikehaldsarbeid får konsekvensar

Vedlikehaldsarbeid har også påverka fleire av våre tyngste busslinjer i Bergen. Stengingane av Kalvedalsvegen og Michael Krohns gate har hatt negativ påverknad på dei mykje brukte linjene 5, 6 og 20. Samanlikna med 2024 mista desse tre linjene over 200.000 påstigingar i tredje kvartal. Dette påverkar også dei samla passasjertalet, og vil påverka årstala. Samla sett er det likevel vekst i talet på påstigingar på buss i området dekka av byvekstavtalen. 

På same måte som nedgangen på Bybanen, vil også dette påverka dei samla passasjertala, og dermed årstala. Når det gjeld buss er det samla sett likevel vekst i talet på påstigingar i området dekka av byvekstavtalen.

Vekst på bybåtane

Når det gjeld bybåtane ser vi ein sterk vekst etter sommaren, og dette gjeld både for askøyruta og nordhordlandsruta. Her må det gjennomførast meir analysearbeid, for det er per no uvisst kor mykje av denne veksten som heng saman med endringar i tellemetode og rapportering, og kor mykje som botnar i endringar i reisemønster.

Overordna bilete

Som nemnd innleiingvis er veksten i den delen av kollektivtransporten Skyss har ansvar for i 2025 lågare enn tidlegare år. Dette skjer samstundes som Statens Vegvesen sine tal (byindeks) viser ei auka trafikkmengd for lette køyretøy i bergensområdet. Dette utfordrar målsettinga om at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtransport, sykling og gange («nullvekstmålet»).

Samstundes er det verdt å merka seg at dobbeltspor mellom Arna og Bergen frå mai 2024 har gjeve passasjerauke på lokaltoget mellom Bergen og Arna. I samband med dette har også Skyss gjort justeringar i vårt tilbod, med endra innmating til tog, noko som nok har bidrege til auka tal på reisande med jernbanen.