Bybane og buss i Bergen sentrum

Årsrapport 2024 – strategi for berekraftig mobilitet

Nøkkeltal 2024

Forord

Mobilitet er kanskje eit litt vanskeleg ord, men det handlar om korleis kvar enkelt av oss kjem oss rundt. Nokre gongar er det kanskje med bil, andre gongar på sykkel eller til fots, og andre gongar igjen med kollektivtransport.

Eit velfungerande mobilitetssystem er eit system der innbyggjarane lett kjem seg dit dei skal, på ein effektiv måte, når dei treng det. Det faste, rutegåande kollektivtilbodet – med buss, båt, ferje og bybane – er her ei ryggrad.

Aukande transportbehov i byområda gjev press på infrastruktur – køkøyring, for å seia det meir folkeleg – og utfordrar også arealbruken i både byar og tettstader. Det er difor mykje å vinne på å utvikle eit kollektivtilbod, og også på legge til rette for at fleire kan gå og sykle i kvardagen.

I område med høg etterspørsel etter kollektivtrafikk er det brei fagleg semje om at ein bør bygge kollektivnettverk, snarare enn å tenke på kollektivtransport som ei samling enkeltlinjer. Det er viktig med eit høgt tal på avgangar, og det er viktig med gode knutepunkt for effektiv og enkel omstiging. Nettopp dette har vore utgangspunktet for fleire ruteomleggingar i bergensområdet dei siste åra. I Skyss sin årsrapport for 2024 kan du mellom anna lese om gode tal i bergensområdet. Særleg utviklinga på Bybanen er verdt å trekkje fram. Frå 2023 til 2024 hadde den ein vekst på seks prosent, og det er veslebror – linje 2 til Fyllingsdalen – som aukar mest.

I årsrapporten kan du også lese om mykje anna, om nye kjøpsløysingar, om korleis dei reisande og befolkninga ellers opplever tilbodet vårt, om energi og klima, og korleis vi arbeider med kontrakter, om fleksibel bestillingstransport. Samstundes vil du også få innblikk i nokre av utfordringane kollektivtransporten møter, mellom dei: kostnadsvekst. Vi ønsker deg god lesning.

Målfrid Vik Sønstabø
direktør, Skyss

Ferje

Kollektiv­trafikken i 2024

I 2024 var det i gjennomsnitt 306 000 daglege påstigingar på kvardagar på buss, bybane og båt i Vestland fylke. Totalt var det 92,7 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland.

Meir enn ni av ti av alle kollektivreisene i fylket (85,4 millionar påstigingar, eller 92 prosent) fann stad i Bergen og omlandskommunane som er omfatta av byvekstavtalen. Det var også i dette området at veksten var størst. I samspelet buss, bybane og bybåt var den prosentvise veksten på 4 prosent.

I området for byvekstavtalen var det 1,7 millionar fleire påstigingar på buss i 2024 enn året før, ein auke frå eit allereie høgt tal. I 2024 var det her heile 10 000 fleire påstigingar dagleg på kvardagar enn i 2023.

Bybanesuksessen held fram

Bybanen er ein viktig del av dette biletet, og den har den høgaste prosentvise auken. I 2024 var det 25,9 millionar påstigingar på bybanen, mot 24,3 millionar året før. Auken på bybanen var dermed 6 prosent.

Begge bybanelinjene har fått fleire reisande, men det er lillebror, linje 2 til Fyllingsdalen som aukar mest. Linje 2 auka med 16 prosent, frå 4,9 millionar til 5,8 millionar påstigingar i 2024. Linje 1 mellom Bergen sentrum og flyplassen passerte 20 millionar påstigingar for første gong, mot 19,3 millionar i 2023, som er ein auke på 4 prosent.

Bybanen – trafikkutvikling

Millionar påstigingar per år. Linje 2 opna 21. november 2022.

Vis tala bak grafikken
Bybanen – trafikkutvikling
ÅrLinje 2Linje 1
20200,0 mill.12,4 mill.
20210,0 mill.13,9 mill.
20220,5 mill.18,6 mill.
20234,9 mill.19,3 mill.
20245,8 mill.20,1 mill.

Bybanen har høg kapasitet, lågt energiforbruk, låge driftskostnader og høg regularitet, og er med det eit sentralt drivverk for byområdet. I 2024 stod den for heile 28 prosent av alle kollektivreisene i Vestland. Bybanen har også stor innverknad på trafikkmønstra i bergensområdet og har ei viktig rolle i å avlaste vegnettet. I snitt er det om lag 62 000 påstigingar om dagen på kvardagar på linje 1, og om lag 18 000 på linje 2.

På fleire enkeltdagar i 2024 var det til saman over 100 000 påstigingar på dei to linjene. Ein av desse dagane var 17. mai, då linje 1 hadde over 80 000 påstigande, medan linje 2 hadde nær 25 000.

Stabile reisetal for båt

Båtrutene i Vestland hadde nær 1,8 millionar reisande i 2024, ein auke på 2 prosent frå året før. Nordhordlandsruta hadde 157 000 påstigingar i 2024, mot 164 000 i 2023. Dette er ein liten nedgang, men det kan sjåast som ei stabilisering etter rekordveksten året før, då båten vart del av sone A for buss, slik at billettane vart billegare.

Askøyruta har på si side auka med 4 prosent, frå 657 000 påstigingar i 2023 til 685 000 i 2024.

Ferjetrafikken har auka

På fylkesvegferjene auka talet på køyretøy med 3 prosent, og det er oppgang på alle dei fylkeskommunale ferjesambanda. I 2024 var det 3,2 millionar køyretøy som reiste med ferjene, eller nær 4,5 millionar personbileiningar. Fylkesvegferjene har stor betydning både for lokalsamfunn og samferdsel på tvers av fylket.

Sjøfartsdirektoratet har stramma inn praksisen for dispensasjon frå reglar om kviletid for ferjetilsette. Endringa medfører at reiarlaga ikkje kan bruke mannskap som nyleg har gått av vakt for å dekke ledige vakter som dukkar opp, til dømes på grunn av sjukdom. Dette kan medføre kortvarige opphald i tilbodet. Beredskapssamband er her ekstra utsette, fordi ikkje-planlagde turar legg beslag på mannskap som deretter er pålagt kviletid.

Den nye praksisen har dessverre fått konsekvensar for regulariteten på ferjene i 2024. Ferjenæringa har i tillegg utfordringar når det gjeld rekruttering, ei problemstilling som ikkje er avgrensa til Vestland. Særleg rekruttering til maskindrifta har vist seg å vere til dels svært krevjande. Dette har også medført innstilte avgangar på grunn av mangel på maskinistar.

Det er verdt å understreke at reiarlaga har stått på for å løyse situasjonen med mannskapsmangel. Dette har bidrege til at den samla regulariteten for fjerde kvartal 2024 var høgare enn 99,5 prosent.

Kostnadsvekst i kollektivtransporten

Samstundes som 2024 var endå eit år med vekst i kollektivtrafikken i Vestland fylke, er det fleire utfordringar. I løpet av dei siste åra har utgiftene til kollektivdrift auka med ein halv milliard kroner. Dei statlege tilskota for å handtere kostnadene har auka langt mindre.

Dette gjer seg gjeldande i heile landet, og bakgrunnen er samansett. På den eine sida har mange kostnader i samfunnet gått opp dei siste åra, og auka kostnader til drivstoff og personell påverkar også både buss, bybane, båt og ferje. Samstundes har omlegginga til meir miljøvenleg drivstoff ein prislapp, i form av investeringar i ny infrastruktur og i form av dyrare materiell.

Billettprisane i Skyss blir vanlegvis justerte 1. februar kvart år. I 2024 vart dei også justerte frå 1. august, etter vedtak i fylkestinget 19. juni. Prisane på enkeltbillett på buss, bane og hurtigbåt auka då med tre kroner, og prisen på periodebillettar for ei sone vart auka med 10 kroner. Samstundes vart alle ferjestrekningar med betaling auka med ei takstsone.

Frå denne datoen vart prisen på ein enkeltbillett (med buss og bane) med dette 47 kroner. Mange fekk likevel lågare pris på enkeltbillettar, grunna reiserabatten som vart innført 1. februar.

Sjå også: Nye billettløysingar

Problem i Florabassenget

1. mai 2024 starta nye kontraktar for båtane i Florabassenget og lokalrute i Sognefjorden (Vik–Ortnevik–Nordeide). I månadane som har gått, har det vore ei rekke utfordringar her.

I Florabassenget har desse først og fremst vore knytt til forseinkingar, noko som har gått utover både arbeids- og skolereiser. Etterkvart vart det som eit mellombels tiltak sett inn ein ekstrabåt, finansiert av operatøren Norled. Frå 23. september gjorde Skyss endringar i morgonrutene i Florabassenget, ikkje minst for å sikre at skuleborn skulle komme til skolen til rett tid. Medan dette har gjort tilbodet til skoleelevar meir robust, har forseinkingar framleis vore eit problem. Skyss er ikkje nøgde med leveransen og har over tid fulgt dette opp med operatøren. Samstundes har Skyss og operatøren ulike vurderingar av bakgrunnen for forseinkingane.

Regulariteten i sambanda i Florabassenget har på si side i hovudsak vore god. I desember peikte likevel rute 292 seg negativt ut med relativt mange innstilte turar, noko som har bidrege til å skapa endå meir frustrasjon og vanskar for dei reisande i Florabassenget.

På sambandet Vik–Ortnevik–Nordeide har det også vore betydelege problem med forseinkingar og ein del innstillingar. Bakgrunnen er i hovudsak utfordringar med å få etablert ladestasjonar i områder, knytt til både nettsituasjonen og tilgang på areal. Båten som går i ruta har difor ikkje hatt den tilgangen på lading som det opphavleg er planlagt for.

Utsleppskutt i nye kontraktar

I løpet av 2024 har Skyss tildelt fleire nye kontraktar. I april 2024 vart det tildelt kontraktar for buss i kontraktsområda Hardanger/Voss, Modalen/Vaksdal og Nordfjord. Alle dei tre kontraktane går over 10 år, med oppstart juni 2025 og moglegheit for tre års forlenging dersom operatørane klarer å redusere klimagassutsleppa med 90 prosent.

Felles for dei tre kontraktene er nettopp betydelege reduksjonar i klimagassutsleppa, gjennom overgang til elektriske bussar. For området Hardanger/ Voss – der Tide Buss AS fekk tildelt kontrakten – er det planlagt eit utsleppskutt på 90 prosent. Det inneber over fem millionar køyrde kilometer av nullutsleppsbussar i rute. I Nordfjord fekk Firda Billag Buss AS kontrakten, og det ligg an til eit utsleppskutt på 80 prosent. Dersom operatøren når over 90 prosent utsleppskutt, får dei høve til å forlenge kontrakten med tre år.

Når det gjeld Modalen/Vaksdal var det Modalen-Eksingedalen Billag AS som fekk kontrakten. Her er det ikkje stilt klimakrav i første del av kontraktsperioden. I andre periode, frå 2030 til 2035, er det stilt krav om 50 prosents utsleppskutt.

I desember 2024 tildelte Skyss tre ferjekontrakter, som alle får oppstart i november 2027:

  • Sogn og Fjordane-kontrakten, som består av sambanda Måløy–Husevågøy–Oldeide, Isane–Stårheim, Askvoll–Fure–Værlandet og Rysjedalsvika–Rutledal–Krakhella, og i tillegg inneheld ein opsjon om drift av sambandet Askvoll–Gjervik–Fure. Dette er ein 15-årig kontrakt.
  • Hisarøy-kontrakten, for sambandet Hisarøy–Mjånes. Dette er ein 10-årig kontrakt.
  • Osterøy-kontrakten, for sambandet Breistein–Valestrand. Dette er ein 15-årig kontrakt.

Dei tre kontraktene viderefører i hovudsak dagens rutetilbod og kapasitet, samstundes som det vert stilt klimakrav. Sambanda Stårheim–Isane og Måløy–Oldeide skal drivast heilelektrisk, men ha forbrenningsmotor som reserveløysing. For dei andre sambanda i Sogn og Fjordane-kontrakten er det krav om delelektrisk drift. Også for Hisarøy- og Osterøy-ferjene vert det stilt krav om heilelektrisk drift. Førstnemnde ferje køyrer heilelektrisk alt idag.

I sum anslår Skyss at utsleppskutta for desse sambanda vil verte på 65-70 prosent samanlikna med dagens drift.

Sjå også: Energi og klima

Skoleskyss

Skyss har ansvar for skoleskyss. Skoleskyss er ei lovpålagt oppgåve, og skal vere med på å sikre barn og unge lik rett til opplæring, uavhengig av økonomisk bakgrunn, fysiske føresetnader, bustad og geografi. Mange stader utgjer skoleskyssen dessutan grunnstamma i kollektivtilbodet.

Ved utgangen av 2024 hadde om lag 20 300 elevar i grunnskolen i Vestland innvilga gratis skoleskyss. Av desse hadde om lag 3 100 elevar tilrettelagt skoleskyss med drosje eller privat skyssløysing. Fleirtalet – om lag 2200 – har ikkje eit medisinsk grunnlag for skyssen. Det vil seie at dei har tilrettelagt skyss fordi dei ikkje har ei forsvarleg reise med kollektivtilbod. Det dreier seg typisk om særleg farleg skoleveg eller veg fram til haldeplass, men også om elevar som reiser utanfor eigen skolekrins, og reiser med kollektivtilbodet som vert for lange eller komplekse.

I og nær bergensområdet brukar elevane i vidaregåande skole som hovudregel 30-dagars ungdomsbillett til skoleskyssen. I resten av fylket fekk omlag 5 000 elevar innvilga skoleskyss. 700 elevar i vidaregåande skole har tilrettelagt skoleskyss med drosje eller privat skyssløysing. Ser ein grunnskole og vidaregåande skole samla, er det rundt 3 800 elevar som har tilrettelagt skoleskyss.

Skyss har tett dialog med kommunane og skolane om samordning av skoleruter og start- og slutt-tider for å kunne gjennomføre skoleskyssen mest mogleg effektivt og rasjonelt. Likevel er det fleire tilhøve i samfunnet som fører til at skoleskyssen blir meir kompleks og mindre effektiv. Blant dei faktorane som i størst grad påverkar behovet og kostnader for skoleskyss, er auka grad av skyss for elevar med delt bustad og ulike samværsordningar, at fleire barn med stor grad av funksjonshemming vert inkluderte i skolen, endring og sentralisering av skolestrukturar i kommunar og i fylket, fleire private skolar og større variasjon i timeplanar.

Kronstad bybanestopp

Nye billett­løysingar

Frå 1. februar vart ein ny type rabatt tilgjengeleg for dei reisande. I Skyss billett-appen får dei som kjøper enkeltbillett for vaksen større rabatt jo fleire billettar dei kjøper.

Dei siste åra har det vore ei endring i reisevanane våre. Mange har varierande kvardagar og reiser ikkje så ofte at det lønner seg med periodebillett.

Før ordninga vart innført, hadde den vore gjennom ei prøveordning med 1000 reisande i sone A, då under namnet fleksibel billett. Etter svært gode tilbakemeldingar frå testpanelet vedtok fylkestinget å innføre ordninga, og å utvide tilbodet til å gjelde alle soner. Dermed får alle som bruker app til å kjøpe enkeltbillett for vaksne, redusert pris allereie frå og med sitt andre billettkjøp i løpet av ein månad. Maksimal rabatt var frå innføringa av 40 prosent (1. februar 2025 vart maksrabatten redusert til 30 prosent).

Målet med ordninga er å gjera det enklare å la bilen stå, også for dei som ikkje reiser ofte nok til at det løner seg med periodebillett.

Harmonisering av båtprisar

Frå 1. oktober 2024 vart det innført nye prisar og felles rabattar for Skyss sine båtruter i Vestland. Målet med denne endringa var å gje heile fylket like reglar og rettferdige prisar. Prisane vart lagt på same nivå for reiser med same avstand, og rabattreglane vart gjort like i heile fylket. Det inneber blant anna at barn under seks år reiser gratis og at barnebillett gjeld til og med 17 års alder.

Askøybåten, Nordhordlandsbåten og lokalbåtrutene i Florabassenget er del av sonestrukturen for buss (og bybane), og såleis ikkje ein del av denne omlegginga.

Ny løysing for bedrifter

I arbeidet med å forenkle og forbetre kjøpsløysingane våre har Skyss over tid arbeidd med ei betalingsløysing for bedrifter og verksemder som ønsker å la tilsette, brukarar eller andre reise med kollektivtransport på deira rekning. Løysinga vart lansert til eit utval bedrifter og organisasjonar i 2023, og i 2024 vart ho lansert for heile marknaden. Med den nye betalingsløysinga kan verksemder bli fakturerte direkte, slik at dei slepp tradisjonelle reiseoppgjer.

Ny kortløysing for skoleskyss

Billettløysinga for skoleskyss har tradisjonelt vore prega av manuelle prosessar. I 2022 starta Skyss ei utgreiing for å avdekke utfordringar og behov ved løysinga og finne ut korleis vi kunne forbetre den for elevane. Utgreiinga førte fram til eit pilotprosjekt med mobilbasert skoleskyssbillett i januar og februar 2023. Frå og med skolestart hausten 2023 kunne vidaregåande skole- og ungdomsskoleelevar med rett til fri skoleskyss velje å få skoleskyssbilletten sin i Skyss Billett-appen.

Grunna tilbakemeldingar knytt til ei undersøking blant føresette, og også på bakgrunn av politiske signal knytt til mobilbruk i skolen, vart det ikkje innført ei tilsvarande ordning for barneskoleelevar. I 2024 har Skyss i staden fornya kortløysinga for desse, og for eldre elevar som ikkje vil ha billett på mobilen. Dei får no eit skoleskysskort der billetten ligg lagra digitalt. Elevane kan dermed bruke det same kortet så lenge dei går på skolen, i staden for å få eit nytt kort kvart år. Dette gir elevane ein enklare kvardag og medfører samstundes mindre administrasjon for skolane og for Skyss.

Samarbeid med andre

1. januar 2024 skilde Ruter AS – som er ansvarleg for kollektivtransport i Oslo og Akershus – ut all verksemd knytt til digital tenesteutvikling. Denne vart overført til det nye selskapet Tet Digital AS, for å kunne utvikle og levere digitale løysingar til fleire fylkeskommunar og kollektivselskap.

Til å byrje med var Ruter AS einaste eigar i Tet Digital. I desember 2023 vedtok fylkestinget av Vestland fylkeskommune skal gå inn på eigarsida i selskapet. Dette blir formelt gjennomført i mars 2025, då også Agder Kollektivtrafikk går inn som medeigar. Dette aksjeselskapet skal levere utvikling av digitale tenester og digitale kundegrensesnitt for alle eigarane i selskapet, og vil difor få mykje å seie for vidare arbeid med å gjere det enkelt å betale for og å bruke Skyss sine tenester.

Bestillingsbuss i Samnanger

Fleksibel bestillings­transport i fleire kommunar

Skyss har dei siste åra testa ut bestillingtransport basert på digital teknologi og fleksible tilbod. I 2024 fekk fleire kommunar slike tilbod, gjennom tidleg oppstart av bestillingstenester som blir del av busskontraktar med oppstart i 2025.

I oktober 2022 starta Skyss opp eit prøveprosjekt med bestillingsbuss på Tertnes. På Tertnes og i område rundt Åsane senter kan du – på dagtid på vekedagar – bli henta der du er og køyrd dit du skal, med ein vanleg bussbillett.

Bestillinga gjer du via ein app, på ei nettside eller på telefon, og ein app hos sjåføren planlegg køyringa etter kva turar som er bestilt, slik at fleire kan reise saman dersom dei har bestilt i same tidsrom. I 2024 vart tilbodet på Tertnes nytta av 13 689 passasjerar, fordelt på 8 576 turar. Kostnaden per passasjer var i snitt 152 kroner, men i periodar var den så låg som 110 kroner. Per tur låg snittet på 236 kroner.

Nye bestillingsbussar i 2024

I september 2024 starta Skyss opp tilbod med bestillingstransport i Samnanger, Kvinnherad og Masfjorden. Dette er ikkje testprosjekt, men tidleg oppstart av bestillingstenester som del av dei nye busskontraktane som startar i 2025.

I kontraktane ligg det inne over 50 bestillingstransporttenester. Dei tre nemnde kommunane har gått inn med eigne pengar, noko som aukar rammene for kva tilbod som er mogleg å gi. Spesielt merkbart er dette i Samnanger, som løyvde to millionar kroner til bestillingstransport, med mål om å dekke heile kommunen på kryss og tvers. Dette ville ikkje vore mogleg med berre Skyss sitt budsjett.

Tenesta har raskt fått mange lojale brukarar som reiser fleire gongar i veka. På grunn av Samnanger kommune si langstrakte geografi er det innført reglar om at minibussen alltid må innom sentrale delar av kommunen under ei gjennomreise. Dette gjer det mogleg å plukke opp fleire passasjerar på vegen og aukar graden av samkøyrde bestillingar, noko som reduserer talet på kilometer køyrt, kostnader og utslepp. I løpet av dei fire siste månadene av 2024 har vi frakta over 1200 passasjerar på over 850 turar og køyrt over 8000 passasjerkilometer.

I Masfjorden er tenesta open for alle, men er spesielt tilrettelagt for dei over 67 år for nødvendige gjeremål i kommunesentrumet Hosteland. Tenesta har fått ei lita gruppe faste brukarar, men det er ledig kapasitet. Vi starta med fem strekningar, men har justert ned til tre område. Brukarane er svært fornøgde med tenesta, og kommunen og Skyss samarbeider med det lokale helselaget og frivillige for å rekruttere fleire reisande.

I Kvinnherad har kommunen bidratt med 2 millionar kroner. Bestillingstenesta er avgrensa til sentrale delar av Husnes, som har mange av kommunen sine servicetilbod, knutepunkt og andre interessepunkt. Tenesta er blitt godt motteken, og bruken har tatt seg solid opp etter ein forsiktig opningsperiode. I løpet dei fire siste månadene av 2024 blei det køyrt nesten 1700 turar og frakta 2629 passasjerar på over 10 500 passasjerkilometer. Tenesta leverer solide tal både økonomisk og i talet på reisande, med ein samkøyringsgrad som er blant dei høgaste i landet.

Reisande

Kor nøgd er befolkninga og dei som reiser?

Gjennom målinga Kollektivbarometeret / Benchmarking in European Service of Public Transport (BEST) får vi tal som syner kor nøgd befolkninga er med ulike sider av kollektivtilbodet.

Denne undersøkinga lar oss måle utviklinga i tilfredsheit med kollektivtilbodet i vårt eige område, og gjer det samtidig mogleg å sammenlikne oss med andre. Dei som svarer på undersøkinga, må ta stilling til ei rekke påstandar, og prosentdelane som blir vist under, er dei som er heilt eller delvis samde i påstandane.

Om vi samanliknar kollektivtilbodet i Vestland med tilbodet andre stader i Skandinavia, ser vi at vi skårer best på punktlegheit og på opplevd tryggleik, og også godt når det gjeld valuta for pengane.

Kollektivbarometeret / BEST 2024: Vestland samanlikna med andre område

Del av befolkninga som er heilt eller delvis samde, prosent

VestlandDei andre områda
Samanlikn med:

Kjelde: Kollektivbarometeret / BEST 2024.

Vis tala bak grafikken
Kollektivbarometeret / BEST 2024: Vestland samanlikna med andre område
IndeksVestlandHelsinkiKøbenhavnOslo / AkershusStockholmTrøndelagRogaland
Kollektivtilbodet60 %75 %61 %73 %64 %61 %55 %
Punktlegheit80 %75 %57 %58 %49 %66 %63 %
Informasjon58 %69 %53 %58 %52 %58 %59 %
Personalet si framferd83 %71 %74 %74 %66 %80 %71 %
Tryggleik84 %78 %71 %82 %70 %82 %78 %
Komfort72 %79 %62 %67 %62 %73 %66 %
Kollektivtrafikken si rolle i samfunnet75 %76 %65 %80 %75 %77 %73 %
Valuta for pengane53 %57 %33 %44 %35 %45 %50 %
Befolkningstilfredsheit55 %75 %50 %65 %61 %54 %48 %

For fleire av punkta er prosentdelen sett med utgangspunkt i snittverdien frå fleire ulike spørsmål eller påstandar som dei spurde har tatt stilling til.

Tala for «tilfredsheit med kollektivtilbodet» tar til dømes utgangspunkt både i kor samd befolkninga er i at kollektivtrafikken fungerer godt til ulike reiseformål (arbeid, skole og fritid) og ulike stader (i og utanfor sentrale område), og også i påstandar knytt til avstand til haldeplass, til reisetid, til ventetid ved overgangar og til talet på avgangar. Talet for «valuta for pengane» tar utgangspunkt både i om befolkninga opplever at kollektivtrafikken gir verdi for pengane, om prisane er rimelege og om Skyss har eit utval av billettar som dekker behovet.

Ein må ha i mente at undersøkinga er gjennomført blant eit representativt utval av befolkninga i Vestland fylke. Det inkluderer dermed både kollektivreisande og folk som ikkje reiser kollektivt. Samstundes framgår det av bakgrunnstala at ein høgare prosentdel av respondentane har kollektivtrafikk som hovudtransportmåte enn i 2023-undersøkinga.

Likevel er det på sin plass å samanlikne med resultat frå Skyss si eiga ombordundersøking, som er gjennomført blant kollektivreisande i Vestland fylke, både med buss, bane og båt.

Ombordundersøkinga 2024: kor nøgde er dei reisande?

Del av passasjerane som er ganske eller svært nøgde, prosent

Vis tala bak grafikken
Ombordundersøkinga 2024: kor nøgde er dei reisande?
IndeksBussBybaneBåt
Alt i alt tilfredsheit med denne reisa92 %93 %97 %
Inntrykk av Skyss82 %87 %85 %
Punktlegheit82 %88 %93 %
Tilfredsheit med rutetilbodet76 %89 %64 %

I denne kan vi blant anna sjå ein auke i tilfredsheita med rutetilbodet for både bybane og buss. I 2023 var 74 prosent tilfredse med rutetilbodet for buss, og 88 prosent tilfredse med rutetilbodet for bybanen. I 2024 steig dette til høvesvis 76 og 89 prosent. Det er høgare tilfredsheit med tilbodet i bergensområdet enn utanfor. Dette heng naturleg saman med at kollektivtilbodet er meir utvikla der, og med at ein svært betydeleg del av påstigingane våre skjer i bergensområdet.

Også tala frå Kollektivbarometeret/BEST syner skilnader i korleis kollektivtilbodet vert opplevd i bergensområdet samanlikna med resten av Vestland. I bergensområdet er innbyggarane til dømes meir nøgde med informasjonen om kollektivtilbodet, noko som gjerne heng saman med at Skyss i dette området i større grad kan prioritere digitale avgangsskjermar, oppdaterte ruteplakatar og informasjon på haldeplassar.

Kollektivbarometeret / BEST 2024: bergensområdet og resten av Vestland

Del av befolkninga som er heilt eller delvis samde, prosent

Vis tala bak grafikken
Kollektivbarometeret / BEST 2024: bergensområdet og resten av Vestland
IndeksBergensområdetØvrig VestlandVestland totalt
Kollektivtilbodet73 %46 %60 %
Punktlegheit81 %79 %80 %
Informasjon68 %48 %58 %
Personalet si framferd82 %84 %83 %
Tryggleik85 %83 %84 %
Komfort74 %71 %72 %
Kollektivtrafikken si rolle i samfunnet79 %72 %75 %
Valuta for pengane53 %52 %53 %
Befolkningstilfredsheit70 %41 %55 %

Årleg gjennomfører Skyss også ei merkevareundersøking blant innbyggarane i Vestland fylke. Her måler vi Skyss sitt omdøme, haldningar til Skyss, kunnskap om tilbodet til Skyss og tilfredsheita med Skyss.

Undersøkinga viser at 16 prosent av dei spurte har eit svært godt inntrykk av Skyss, medan 51 prosent har eit godt inntrykk. Dette er høgare enn for andre aktørar innan persontransport. Samstundes er prosentdelen som svarer veit ikkje (4 prosent) lågare for Skyss enn for andre aktørar i undersøkinga. Dette er eit uttrykk for at Skyss er ei kjend merkevare som speler ei rolle i mange sin kvardag. Det er dei under 30 og dei over 60 som har best inntrykk av Skyss, og dei som reiser ofte eller regelmessig med kollektivtransport har eit betre inntrykk enn dei som sjeldan eller aldri gjer det.

Blant respondentane er det elles færre enn tidlegare som har bil som hovudtransportmiddel, medan kollektivdelen blant dei spurde er aukande og no ligg på 30 prosent.

I merkevareundersøkinga kjem det også fram at kundane i aukande grad synest det er enkelt å kjøpe billettar. Undersøkinga tyder også på at vi har blitt betre med å nå ut med god informasjon om reisemoglegheitene. Det er ein auke frå 42 prosent til 50 prosent som synest det er lett å finne informasjon om korleis ein byter mellom ulike linjer. 70 prosent svarer elles at Skyss sine billettar er enkle å bruke, og 76 prosent at dei er enkle å få kjøpt. Når det gjeld påstanden «Å reise kollektivt med Skyss gir meg følelsen av å utnytte tiden effektivt» er det ein signifikant auke frå 2023 til 2024.

Merkevareundersøkinga 2022–2024

Del av befolkninga som er samde, prosent

Vis tala bak grafikken
Merkevareundersøkinga 2022–2024
Påstand202420232022
Skyss sine billettar er enkle å bruke70 %69 %68 %
Skyss sine billettar er enkle å få kjøpt76 %75 %69 %
Skyss har billettar som passar for meg og mine reisebehov55 %52 %53 %
Det er lett å finne informasjon om korleis ein skal byte mellom ulike linjer52 %50 %42 %
Skyss sitt rutetilbod er enkelt å forstå62 %62 %65 %
Å reise kollektivt med Skyss gjev meg kjensla av å utnytta tida effektivt30 %26 %22 %

Marknadsaktivitetar

Marknadsarbeidet hadde i 2024 tre prioriterte tema:

  • Å få fleire til å velje vekk bilen og i staden velje andre måtar å ta seg fram på, med særleg vekt på å auke attraktiviteten til Skyss sitt rutetilbod.

    Først på året hadde vi ein kampanje om nyttårsforsett, for å motivere til meir miljøvenlege reisemåtar. På skjermane våre har vi gjennom året synleggjort andre mobilitetsformer, som å gå og å sykle. Vi har også utarbeidd ein publikasjon for Visit Bergen, som gjer det enklare for dei å hjelpe turistar som vil reise kollektivt.

    I løpet av 2024 vart Skyss Bedrift lansert. Denne løysinga gjer det enklare for bedrifter og verksemder som vil la tilsette, brukarar eller andre reise med kollektivtransport på deira rekning, eksempelvis med faktura som mogleg betalingsmåte i løysinga.

    Det var også planlagt å gjennomføre ein større kampanje retta mot ulike målgrupper innanfor nokre utvalde geografiske område. Denne vart likevel ikkje gjennomført, grunna budsjettkutt og knappheit på personalressursar.

  • Å styrke Skyss som merkevare.

    Reine merkevarebyggande aktivitetar er ein viktig del av det prioriterte arbeidet, og vi har gjennom heile året brukt små filmsnuttar med konseptet «Vi reiser saman». På grunn av knappe budsjett frå hausten av, vart det lagt vekt på gjenbruk frå tidlegare. Samstundes vart arbeidet med å førebu ein ny, merkevarebyggande kampanje starta opp, med sikte på lansering tidleg i 2025.

    Barn og unge er viktige målgrupper, og vi har eigne kampanjeaktivitetar retta mot desse for å bidra til at unge får gode kollektivvaner frå ung alder. Mellom anna gjennomførte vi ein fotokonkurranse som skapte engasjement i målgruppa.

  • Å auke kunnskapen om kjøp og bruk av billettar, og i tillegg redusere snik.

    I løpet av 2024 vart ordninga med reiserabatt innført (les meir i kapitlet om nye billettløysingar), og i samband med dette hadde vi ein større kampanje. Det var også kampanjar for ungdomsbillett og studentbillett, med gjenbruk av tidlegare kampanjemateriell.

    Både våren og hausten 2024 hadde Skyss ein haldningsskapande kampanje mot snik, «Gladmelding».

Den økonomiske situasjonen gjorde det naudsynt å utsette nokre marknadsaktivitetar til budsjettåret 2025. Trass i dette kan vi sjå positiv utvikling på fleire område: Reisetala aukar, Skyss som merkevare skårar framleis høgt (og høgast av alle som driv persontrafikk i Vestland fylke), billettsal og omsetnad aukar og biltrafikken er stabil eller har ein svak nedgang, trass befolkningsauke. Resultata frå undersøkingar viser også at kunnskapen om Skyss sitt tilbod og tilfredsheita med dette også går opp, med unntak for tilfredsheiten med pris.

Kundeservice

Skyss Kundeservice har i 2024 tatt imot nær 64 000 telefonsamtaler og svart på 37 000 skriftlege førespurnader.

Bybanekunst

Billett­kontroll

Den tidlegare omtalte kostnadsveksten i transportsektoren har gjort det endå viktigare å sikre inntektene til kollektivtrafikken.

I 2024 bytte Skyss leverandør av billettkontrolltenester. Den nye leverandøren Skan Kontroll tok over 1. august. Kapasiteten i kontrollapparatet har sidan vorte auka, samstundes som det er innført nye rutinar for billettkontroll.

I tillegg til vanlege kontrollar, som vert gjennomførte av både uniformert personell og personell i sivil, vert det tidvis også gjort såkalla teljekontrollar. I dei sistnemnde skriv kontrollørane ikkje ut gebyr, men gjør rask kontroll av alle reisande ombord på dei kontrollerte transportmidla. Teljekontrollane gir oss betre statistisk grunnlag for den faktiske mengda avvik (inkludert bevisst snik, men også til dømes gløymd rabattbevis, utegløymd fornying av periodebillett osv.).

Ein teljekontroll i februar 2024 viste eit avvik på nær 9 prosent. Då det vart gjennomført ein ny teljekontroll i oktober 2024, var avviket på over 12 prosent. Dette er høge tal, og Skyss sette inn ekstra kontrollørar på hovudlinjene og i område der teljekontrollane hadde avdekka meir avvik. Vi gjennomførte også storkontrollar, mellom anna for å gi billettkontrollane meir synlegheit og merksemd. Under ein storkontroll 16. oktober inviterte vi derfor med presse.

Det er ein del utfordringar knytt til kontrollverksemda. Dersom kontrollar berre vert utførte av kontrollørar frå eit innleigd vektarselskap, har kontrollørane per i dag ikkje rett til å halde tilbake reisande som nektar å vise billett og som deretter forlet transportmiddelet. Dette er ei utfordring på tvers av fylka og er derfor eit tema som har blitt løfta nasjonalt av bransjeorganisasjonen Kollektivtrafikkforeningen. Samstundes ser vi negative haldningsendringar som gjer det vanskelegare å gjennomføre rettmessige, effektive og økonomisk forsvarlege kontrollar. Kontrollørane opplever i aukande grad å bli møtte med trakassering, nedsettande kommentarar og rasisme, og det har også vore tilfelle av vald. I samarbeid med Skan Kontroll legg Skyss tung vekt på å ivareta billettkontrollørane og å følge opp slike hendingar.

Tal kontrollerte reisande per månad, 2024

Merk: Ny leverandør frå 1. august. Begrepsbruk og aktivitetslogging kan ha blitt gjennomført noko ulikt mellom dei to leverandørane. Data er henta frå data logga som ordinære og uniformerte billettkontrollar.

Vis tala bak grafikken
Tal kontrollerte reisande per månad, 2024
MånadTal kontrollerte
jan105 208
feb99 568
mar70 289
apr69 320
mai50 506
jun41 638
jul19 278
aug44 312
sep57 123
okt59 027
nov93 968
des67 905
Tal kontrollgebyr per månad, 2024

Merk: Ny leverandør frå 1. august. Begrepsbruk og aktivitetslogging kan ha blitt gjennomført noko ulikt mellom dei to leverandørane. Data er henta frå data logga som ordinære og uniformerte billettkontrollar.

Vis tala bak grafikken
Tal kontrollgebyr per månad, 2024
MånadTal kontrollgebyr
jan2 183
feb3 736
mar1 532
apr1 651
mai1 287
jun875
jul345
aug699
sep1 251
okt1 065
nov1 592
des1 224
Bybanen om vinteren

Energi og klima

Den fylkeskommunale kollektivtransporten i Vestland hadde eit samla klimagassutslepp på om lag 100 000 tonn CO2-ekvivalentar i 2024. Det er 4 prosent mindre enn året før.

I Utviklingsplan for Vestland (vestlandfylke.no) heiter det at Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030.

Ein stor del av klimagassutsleppa i Vestland har kome og kjem frå energibruk i transportsektoren. Å gå over til nullutsleppsdrift i kollektivtransporten og mobilitetssystemet elles er difor eit nødvendig bidrag for å nå både regionale og nasjonale klimamål. I 2019 var CO2-utsleppet frå fylkeskommunal kollektivtransport på 157 000 tonn. Dei siste åra har dette gått markant nedover.

Årlege utslepp etter transportmiddel som køyrer for Skyss, 2019–2024

Tusen tonn CO₂-ekvivalentar

Bybanen står for om lag 200 tonn i året og er knapt synleg i grafikken. Talet for bybanen i 2023 er retta frå 200 til 1 400 tonn (sjå avsnittet om bybane under). Difor er totalen for 2023 her 102 800 tonn, mot 101 900 tonn i årsrapporten for 2023.

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp etter transportmiddel som køyrer for Skyss, 2019–2024
ÅrBussBybaneBåtFerje
201943,6 tusen tonn0,2 tusen tonn46,3 tusen tonn67,0 tusen tonn
202027,9 tusen tonn0,2 tusen tonn44,1 tusen tonn49,6 tusen tonn
202118,0 tusen tonn0,2 tusen tonn44,7 tusen tonn33,1 tusen tonn
202221,1 tusen tonn0,2 tusen tonn47,4 tusen tonn23,3 tusen tonn
202335,8 tusen tonn1,4 tusen tonn47,1 tusen tonn18,5 tusen tonn
202435,4 tusen tonn0,2 tusen tonn43,7 tusen tonn19,6 tusen tonn

Ferje

Ferjekontraktane for fylkesvegferjesambanda i Hordaland som vart starta opp i perioden 2018–2020, har allereie ført til ein reduksjon på heile 86 prosent i klimagassutsleppa frå ferjene mellom 2016 og 2022.

Etter anbodskonkurranse vart det i desember 2024 tildelt nye ferjekontraktar for sju samband med oppstart i november 2027. Desse kontraktane inneber eit krav om å redusere klimagassutsleppa med minst 65 prosent i høve dagens drift på sambanda. Når desse ferjene kjem i drift, vil dei bidra til å redusere dei resterande utsleppa frå ferjene i Vestland med om lag 40 prosent.

Årlege utslepp frå ferjer som køyrer for Skyss

Tonn CO₂-ekvivalentar. Stipla line viser prognosen med vedtekne tiltak.

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp frå ferjer som køyrer for Skyss
ÅrFerje
201967 000 tonn
202049 600 tonn
202133 100 tonn
202223 300 tonn
202318 500 tonn
202419 600 tonn
Prognose11 800 tonn

Buss

Ved hjelp av elektrifisering, biogass og omsettingskravet har ein kutta klimagassutsleppet frå buss i Vestland med om lag 30 prosent frå 2018 til 2024. Variasjonen i utslepp i denne perioden heng saman med endringar i bruk av biodrivstoff. Det vart innført biodrivstoff i konvensjonelle dieselbussar i fleire kontraktar frå 2019, men tiltaket vart seinare reversert etter tilråding frå Miljødirektoratet. Direktoratet har vurdert at 100 prosent biodrivstoff ikkje førte til utsleppskutt utover omsettingskravet. I tråd med tilrådingane stiller fylkeskommunen derfor ikkje lenger krav om 100 prosent biodrivstoff.

I 2024 vart det signert nye busskontraktar med oppstart i 2025, der Hardanger/Voss, Nordfjord og Modalen/Vaksdal vil ta i bruk elektriske bussar. Vidare vart det vedteke å stille krav om minst 60 prosent utsleppskutt i busskontraktane for Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland, som skal starte i 2026. Til saman forventar ein med desse tiltaka at dei resterande utsleppa frå bussane i heile fylket vil gå ned med 25 prosent i høve 2024.

Årlege utslepp frå bussar som køyrer for Skyss

Tonn CO₂-ekvivalentar. Stipla line viser prognosen med vedtekne tiltak.

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp frå bussar som køyrer for Skyss
ÅrBuss
201943 600 tonn
202027 900 tonn
202118 000 tonn
202221 100 tonn
202335 800 tonn
202435 400 tonn
Prognose26 600 tonn

Straum til elektriske bussar vert kjøpt inn med opphavsgarantiar som gir svært låge utslepp i høve energiforbruket.

Bybane

Bybanen er særskilt energieffektiv: Dei to bybanelinjene står samla for meir enn kvar fjerde kollektivreise i Vestland, medan klimagassutsleppet frå drifta utgjer ein svært liten del av klimagassutsleppet til kollektivtransporten i Vestland.

I årsrapporten for 2023 vart utsleppa frå bybanen sett for lågt. Det har samanheng med at det ikkje var kjøpt opphavsgaranti for køyrestraumen. For meir om dette, sjå Bybanen AS sin eigen berekraftsrapport for 2023 (bybanen.no, PDF).

Båt

Klimagassutsleppet frå båt er framleis stabilt høgt. Den første driftskontrakten med nye hybridelektriske fartøy starta opp i mai 2024, men etableringa av ladeinfrastruktur har vore forseinka. Klimagassutsleppa har gått ned med 7 prosent i høve året før.

Innføringa av fleire elektriske båtar i 2025 er under førebuing. Med dei inngåtte kontraktane er det forventa å redusere dei resterande klimagassutsleppa frå båtar i Vestland med 12 prosent i høve i 2024.

Årlege utslepp frå båtar som køyrer for Skyss

Tonn CO₂-ekvivalentar. Stipla line viser prognosen med vedtekne tiltak.

Vis tala bak grafikken
Årlege utslepp frå båtar som køyrer for Skyss
ÅrBåt
201946 300 tonn
202044 100 tonn
202144 700 tonn
202247 400 tonn
202347 100 tonn
202443 700 tonn
Prognose38 600 tonn

Samla prognose

Utslepp etter transportmiddel i 2024 og prognose med vedtekne tiltak

Tusen tonn CO₂-ekvivalentar

Vis tala bak grafikken
Utslepp etter transportmiddel i 2024 og prognose med vedtekne tiltak
BussBybaneBåtFerje
202435,4 tusen tonn0,2 tusen tonn43,7 tusen tonn19,6 tusen tonn
Prognose (med vedtekne tiltak)26,6 tusen tonn0,2 tusen tonn38,6 tusen tonn11,8 tusen tonn

Skyss har som mål å basere alle transportmidlar på nullutsleppsteknologi. Ved utgangen av 2024 er det vedteke å lyse ut konkurransar og inngå kontraktar som samla sett vil kutte det resterande klimagassutsleppet med over 20 000 tonn eller 22 prosent i åra framover:

  • Utsleppskutt frå lokale båtruter i Sogn og Fjordane frå mai 2024: 2 400 tonn CO2
  • Utsleppskutt frå båtrutene til Askøy og Nordhordland frå januar 2025: 2 700 tonn CO2
  • Utsleppskutt frå bussdrifta i Hardanger/Voss, Modalen/Vaksdal og Nordfjord frå juni 2025: 4 600 tonn CO2
  • Utsleppskutt frå bussdrifta i Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland frå juni 2026: 4 200 tonn CO2
  • Utsleppskutt frå ferjedrift i Sogn og Fjordane, Hisarøy og Osterøy frå november 2027: 7 800 tonn CO2

Dei resterande klimagassutsleppa er i stor grad knytt til lange båtruter og til busskontraktane i bergensområdet. Dette er kontraktar som skal fornyast innan 2032.

Utsleppsfaktoren for straum representerer gjennomsnittleg kraftmiks i det nordiske eller europeiske kraftnettet, som inneheld både fornybare og ikkje-fornybare kjelder. Fornybar straum har opphavsgaranti, som sikrar at tilsvarande volum kjem frå fornybare kjelder som vasskraft, vindkraft eller solkraft. Dette gir ein lågare utsleppsfaktor samanlikna med den generelle kraftmiksen.

Følgjande utsleppsfaktorar er lagt til grunn for berekninga:

Utsleppsfaktorar lagt til grunn for berekninga
DrivmiddelMJkWhkg CO2e/kWh (inkl. CH4 og N2O)
MGO (tonn)42 70011 861,110,267
Biodiesel (tonn)44 10012 250,000,142
Autodiesel (liter)36,210,10,267
Berekraftsertifisert biodrivstoff (liter)32,31368,980,107
Avansert biodrivstoff (liter)34,39,530,053
Naturgass (sm3)35,4249,840,023
Biogass (sm3)35,429,840,020
Straum (kWh)3,61,000,075
Straum – Bybanen (kWh)3,61,000,047
Fornybar straum3,61,000,011
Vestlandshuset

– Anskaffingar er ekstremsport

– Jobben vår er å sjå spøkelse på høglys dag, seier Jannike Fredin og Åshild Fossgard Sandøy, juristar i Skyss. Kontraktsavdelinga i Skyss driv fram innkjøpsprosessar og følger opp anbodskontraktar verdt milliardar av kroner.

Ferje- og kollektivtrafikken i Vestland vert driven av trafikkselskap etter anbodskonkurransar. Skyss har eit omfattande arbeid med å administrere over 30 ulike transportkontraktar – 10 for ferje, 11 for buss og 12 for båt, i tillegg til drosjekontraktar for skuleskyss.

Mange og lange prosessar

Skyss startar å førebu nye kontraktar fleire år før dei gamle løper ut, og kontraktsavdelinga har derfor til ei kvar tid mange anbodsprosessar i kjømda.

– Dei lange tidsperspektiva er noko av det mest utfordrande, seier Åshild Fossgard Sandøy, som saman med Jannike Fredin er prosjektleiar for mange av innkjøpsprosessane i Skyss.

Ein tommelfingerregel for ferje er at førebuinga må starte minst seks år før driftsoppstart. For buss treng ein litt mindre tid, fordi leveringstida for bussar er kortare.

Åshild Fossgard Sandøy og Jannike Fredin på Strandkaien.
Åshild Fossgard Sandøy og Jannike Fredin er juristar i Skyss si kontraktsavdeling. Her er dei avbilda på Strandkaien i Bergen.

Vanskeleg å sjå i glaskula

– Verda utviklar seg i eit rivande tempo, men vi må låse føresetnader i kontraktane mange år i forvegen. Vi kan oppleve at noko er underdimensjonert når kontrakten startar opp, men dette var det beste vi hadde då vi sette rammene sju år før, forklarer Sandøy.

– Eg har fått stor forståing for andre område i samfunnet. Du høyrer folk le når nye sjukehus eller barneskular er for små allereie ved opninga, men dei har blitt planlagde mange år før. No veit eg kor vanskeleg det er å sjå i glaskula, seier ho.

Stort arbeid på tvers

Kontraktsavdelinga skal leie kvart innkjøpsprosjekt og få inn alle fakta til konkurransegrunnlaget, som rutetider, passasjergrunnlag, korrespondansar, behov for skuleskyss, vurderingar om utslepp, type transportmiddel og så vidare. Bakom ligg omfattande vurderingar, og fleire avdelingar i Skyss jobbar intensivt med å gjere tal, fakta og analysar klare til konkurranseutlysinga.

– Kvar kontrakt har særeigenheiter knytt til geografi, demografi, vegstandard, vêr, farvatn og så vidare. Kontraktsperiodane er dessutan så lange at det alltid er endring frå ein kontrakt til den neste. Klipp og lim er derfor utelukka, seier Sandøy.

Mykje pengar på spel

Kontraktane som Skyss opererer, er verdt milliardar.

– Vi må vite kva krava våre vil koste. Berre éi setning om systemkrav til bussane kan auke kontraktsprisen med fleire millionar, seier Jannike Fredin.

Samstundes ser Skyss at det økonomiske nettet snører seg saman. Kostnadene i transportsektoren har auka dramatisk dei siste åra, knytt til tilhøve som krig og pandemi. Alt frå drivstoff til produksjon av nye transportmiddel har blitt dyrare, og valutasvingingar speler sterkt inn. Operatørselskapa har fått små marginar, og kommande kontraktar kan bli svært mykje dyrare.

– Om verdien på ein busskontrakt kan auke med 30-40 prosent, vil det gi oss store økonomiske utfordringar, påpeiker Fredin.

Straum aukar risikoen

Overgang til elektrisk drift for ferje, buss og båt har kravd mykje nybrottsarbeid, ikkje minst for å sikre straum til nye ladepunkt på kaier og bussanlegg.

– Utfordringar med tilgang til straum har auka risikoen i kontraktane. Vi må samarbeide med mange nettselskap, noko som ofte er uføreseieleg. Vi treng kanskje å auke førebuingstida enno meir – i tillegg til alle åra vi allereie treng – for å sikre at straumnettet er klart ved oppstart, seier Sandøy. Om fylkeskommunen skal ta meir hand om slik infrastruktur, vil det krevje samhandling på tvers mellom ulike einingar.

Profesjonell paranoia

Det er tre prosjektleiarar i kontraktsavdelinga, og dei jobbar som oftast i tospann.

– Dei juridiske vurderingane er så komplekse, med vanvitige økonomiske konsekvensar, at vi må vere to for å få diskutert alt frå mange sider, forklarer Fredin.

– Jobben vår er å sjå spøkelse på høglys dag. Vi skal utforme kontrakten etter «worst case». Du blir nesten litt paranoid. Vi jobbar som profesjonelle katastrofetenkarar, smiler ho.

Og det er ikkje eingong alltid det verkar.

– Etter problema med båtane i Florøbassenget ser vi endå fleire spøkelse. Vi kunne i prinsippet funne risiko ved kvar einaste setning i alle kontraktar. Men vi kan ikkje lage tiltak for alt. Det aukar prisen, påpeikar Fredin.

Lange kontraktar, korte valperiodar

Fylkestinget har det overordna ansvaret for transportkontraktane og for finansieringa av dei. Politikarane får innkjøpa til vedtak på gitte tidspunkt i prosessen, men dei lange tidsspenna er ei klår utfordring. Tida frå ein innkjøpsprosess startar til kontraktstida er over, kan vere så lang som 22 år. På denne tida har fylkestinget bytt samansetning fem gongar.

– Det er avgjerande at vi klarer å formidle til politikarane kva som er gongen i ein anbodsprosess og konsekvensane av forslaga til vedtak. Når vi legg fram ei sak fem år før kontraktsoppstart, treng vi at vedtaket er bindande og gir oss klare føringar vidare. Eit nytt politisk vedtak seinare i prosessen kan velte store delar av krava i konkurransen, fordi krava er gjensidig avhengige av kvarandre. Byter du ut brikker, så går plutseleg ikkje puslespelet opp, seier Jannike Fredin.

Åshild Fossgard Sandøy peiker på at det ikkje er enkelt å forklare det store biletet i ei politisk sak som helst skal vere under ti sider, i tillegg til at ein kan risikere at berre samandraget og innstillinga blir lese, i havet av andre saksdokument.

– Eit godt politisk saksframlegg er kort og konsist, men samstundes forsvinn då mykje informasjon og mange nyansar. Det er utfordrande å finne den rette balansen mellom heilheita og detaljane innanfor rammene av ei politisk sak, seier Sandøy.

Hausten 2024 måtte Skyss endre framdriftsplanen for transportanskaffingar fordi det rett og slett var for mange kontraktsballar i lufta samstundes. I den politiske saka (PDF, elementscloud.no) finn du ein oversikt over alle kontraktsprosessane som pågår.

Illustrasjonsbilete frå Florabassenget

Tal og data

Økonomi

Brutto driftskostnader (kr)
Post20242023
Buss2 588 958 0002 426 699 000
Bybane337 607 000301 381 000
Båt487 902 000456 535 000
Ferje1 502 860 0001 274 770 000
Skoleskyss160 075 000157 294 000
Administrasjon og drift242 263 000219 921 000
Brutto driftskostnader5 319 665 0004 836 600 000
Driftsinntekter (kr)
Post20242023
Billettinntekter buss og bybane882 937 000815 042 000
Billettinntekter båt54 683 00053 167 000
Billettinntekter ferje118 107 000155 366 000
Skoleskyss, refusjon kommune224 313 000197 105 000
Belønningsmidler417 700 000366 600 000
Andre46 174 00051 393 000
Sum driftsinntekter1 743 914 0001 638 673 000
Fylkeskommunen si finansiering (kr)
Post20242023
Netto driftskostnader rekneskap3 575 753 0003 197 926 000
Netto driftskostnader budsjett3 404 136 0003 118 018 000
Differanse / meirforbruk−171 617 000−79 908 000

Produksjon

Rutekilometer
KontraktRutekilometer 2024Tal bussar / vogner i produksjon
Austevoll406 23810
Sunnhordland2 184 54653
Hardanger og Voss5 433 512104
Modalen og Vaksdal372 16011
Nordhordland3 518 19881
Bergen nord inkl. Osterøy9 121 432153
Bergen sør6 166 584111
Bergen sentrum6 577 332125
Vest5 472 773134
Servicelinjene i Bergen51 0524
Sogn2 142 26862
Nordfjord1 533 63151
Sunnfjord4 641 169139
Sum buss47 620 8951 038
Bybanen2 990 22726
Sum rutekilometer, buss og bane50 611 1221 064

Påstigingar

Påstigande i Vestland, etter transportmiddel
Transportmiddel20202021202220232024
Buss40 016 00045 786 00057 805 00063 071 00065 079 000
Bybane12 425 00013 901 00019 122 00024 288 00025 850 000
Sum bybane og buss52 441 00059 687 00076 928 00087 359 00090 929 000
Båt1 167 0001 199 0001 596 0001 762 0001 780 000
Ferje4 787 0005 100 0005 238 0005 371 0005 924 000
Sum, alle transportmiddel58 395 00065 986 00083 761 00094 492 00098 633 000
Påstigande i Vestland, etter geografisk område og art
Transportmiddel20202021202220232024
Buss, Bergen kommune29 801 00033 546 00043 696 00048 181 00049 725 000
Buss, byvekstavtaleområdet *34 966 00039 885 00051 405 00057 014 00058 735 000
Buss, Vestland utanom bergensområdet **6 495 0005 900 0006 400 0006 056 0006 588 000
Bybanen12 424 00013 901 00019 122 00024 288 00025 850 000
Bybåt Kleppestø–Strandkaien433 000435 000588 000657 000685 000
Bybåt Knarvik–Frekhaug–Strandkaien68 00067 000117 000164 000157 000
Båt, Vestland utanom bybåtane i Bergen492 000533 000890 000941 000949 000
Sum, byvekstavtaleområdet *47 891 00054 288 00071 232 00082 123 00085 427 000
Sum, Vestland54 878 00060 721 00078 522 00089 120 00092 964 000

Merk: Skyss endra i samband med årsrapport for 2023 områdedefinisjon frå kontraktsområde for buss, til påstigande per haldeplass på grunnkrinsnivå. Tala for åra før 2023 vart også justert, for å gje samanliknbare tal. Døme: Påstigande på Knarvik terminal som tar bussen til Bergen busstasjon, blir rekna som påstigande i Alver.
*) Avtalen omfattar kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Alver og Bjørnafjorden.
**) Merk at tellemetoda har endra seg frå 2023 til 2024. 2024-tala er difor ikkje direkte samanliknbare med tidlegare tal.

Ferje og båt

Ferje, heile Vestland
Kategori20202021202220232024
Passasjerar4 787 0005 100 0005 238 0005 371 0005 924 000
Personbileiningar (PBE)3 651 0003 910 0004 147 0004 372 0004 512 000
Tal køyretøy2 483 0002 733 0002 921 0003 087 0003 183 000
Reisetal, båtsamband
Samband20202021202220232024
Sunnhordland – Austevoll – Bergen269 000269 500324 600330 700337 000
Lokalbåt Austevoll16 50016 90016 20013 80014 100
Espevær–Eidesvik35 50037 10035 10032 70030 600
Hellesøy–Lyngøy–Hernar6 7006 9006 8006 8007 700
Hardangerfjordekspressen21 50021 90043 20049 60051 900
Reksteren–Våge–Os3 4006 9007 4006 9008 200
Kleppestø – Strandkaien433 000434 700588 000656 600685 300
Knarvik–Frekhaug–Bergen68 00067 000117 000163 500156 700
Turistrute Hardanger3 3004 20015 00018 00018 600
Osterfjorden1 9002 2002 1001 9002 000
Geitanger–Knappskog2 1002 2002 2002 3002 200
Total, båtsamband Hordaland860 900869 5001 157 6001 282 8001 314 300
Kaupanger–Frønningen1 7001 3002 3002 9002 300
Vik–Ortnevik–Måren–Nordeide22 00022 40023 70023 20019 000
Måløy–Silda / Måløy–Gangsøy – Risøy3 7005 8005 2004 0005 000
Kystvegekspressen (Måløy–Smørhamn–Florø)9 70010 90012 80012 6009 800
Gulen / Solund18 00023 20022 30024 10025 900
Lokalruter i Florabassenget96 200100 700102 100105 30095 300
Total, båtsamband i Sogn og Fjordane151 300164 300168 400172 100157 300
Bergen–Nordfjord112 900118 700162 100169 000173 900
Bergen–Sogn35 40038 50055 80061 70062 800
Bergen–Flåm6 2008 10052 20076 40083 100
Total, båtruter Bergen – Sogn og Fjordane154 500165 300270 100307 100319 800
Total, båtruter Vestland *1 167 0001 199 0001 596 0001 762 0001 791 400
Total, bybåtar501 000501 700705 000820 100842 000
Total, båtruter utanfor bergensområdet665 700697 400891 100941 900949 400
Trafikk per ferjesamband
SambandKøyretøy eksl. MC, 2023Personbileiningar, 2023Passasjerar, 2023Køyretøy eksl. MC, 2024Personbileiningar, 2024Passasjerar, 2024
1019 Masfjordnes – Duesund71 79984 635111 82071 71482 792108 899
1020 Hatvik – Venjaneset398 748534 070724 423428 912565 468809 052
1021 Halhjem – Våge202 412254 745370 358213 347269 025395 847
1022 Krokeide – Hufthamar375 378502 832555 243395 857553 865644 369
1023 Husavik – Sandvikvåg76 709101 142152 92379 012102 969154 479
1024 Kvanndal – Utne87 032162 412174 05881 567154 042163 600
1025 Kinsarvik – Utne21 51929 07258 38519 97426 45449 187
1026 Jondal – Tørvikbygd288 942439 665488 660295 236450 239560 623
1027 Gjermundshamn – Varaldsøy – Årsnes241 733355 579465 542238 095354 983476 291
1028 Fedje – Sævrøy58 57470 630101 56862 40075 595116 619
1029 Leirvåg – Sløvåg243 453406 684370 048247 851405 523370 239
1030 Langevåg – Buavåg79 169105 956124 44683 510114 296127 272
1031 Skånevik – Matre – Utåker62 939100 752116 96961 33796 172113 838
1032 Skjersholmane – Ranavik207 315326 007348 242224 264348 332376 269
1033 Jektevik – Nordhuglo – Hodnanes209 333272 481304 894209 673272 060356 865
1034 Fjelberg – Sydnes – Utbjoa27 77840 21578 94026 67137 91576 548
1035 Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad29 65133 712107 98533 08437 148122 714
1037 Barmen – Barmsund4 9245 7637 6875 8386 26310 516
1038 Stårheim – Isane121 271174 183208 860123 993182 628212 194
1039 Måløy – Husevågøy – Oldeide70 39199 807185 34773 918105 824224 157
1041 Daløy – Haldorsneset27 76535 21243 24425 06931 95740 614
1042 Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella54 72680 13486 68558 88985 646176 743
1043 Hisarøy – Mjånes4 8475 0897 3734 8634 9947 388
1140 Askvoll – Gjervik – Fure – Askvoll83 23899 099141 15589 043107 937167 679
1141 Askvoll – Fure – Værlandet27 65539 22136 21828 40340 12961 782
Driftsregularitet for fylkesvegferjene
SambandRegularitetRegularitet eksl. force majeureForseinking i %
Barmen–Barmsund97,17 %97,17 %0,00 %
Daløy–Haldorsneset100,00 %100,00 %0,00 %
Mjånes–Hisarøy100,00 %100,00 %0,00 %
Askvoll–Gjervik–Fure99,46 %99,50 %2,25 %
Isane–Stårheim99,07 %99,72 %0,51 %
Måløy–Oldeide–Husevågøy98,56 %100,00 %4,35 %
Rysjedalsvika–Rutledal–Losna–Krakhella99,75 %99,96 %14,66 %
Leirvåg–Sløvåg99,19 %99,31 %0,60 %
Fedje–Sævrøy99,80 %99,80 %3,08 %
Hufthamar–Krokeide99,91 %99,91 %0,30 %
Husavik–Sandvikvåg100,00 %100,00 %9,97 %
Hatvik–Venjaneset99,65 %99,98 %3,69 %
Halhjem–Våge99,81 %99,81 %6,19 %
Langevåg–Buavåg99,14 %99,90 %0,73 %
Jektavik–Nordhuglo–Hodnanes99,46 %99,63 %12,22 %
Ranavik–Skjersholmane99,71 %99,77 %2,29 %
Gjermundshavn–Varaldsøy–Årsnes99,65 %99,91 %6,51 %
Jondal–Tørvikbygd99,43 %99,50 %0,54 %
Klokkarvik–Hjellestad99,47 %99,50 %2,52 %
Fjellbergsambandet99,74 %99,74 %2,94 %
Kinsarvik–Utne99,72 %99,94 %0,22 %
Kvanndal–Utne100,00 %100,00 %0,80 %
Skånevik–Matre–Utåker99,81 %99,71 %0,58 %
SUM Vestland99,54 %99,77 %2,60 %

Oversikt over kontraktar

Kontraktar – buss
KontraktKontraktsperiodeType kontraktOperatør
Bergen sør, inkl. Os og Austevoll16.08.2019 – 25.06.2028 (1+1)BruttokontraktTide Buss AS
Bergen sentrum01.12.2020 – 30.06.2030 (1+1)BruttokontraktTide Buss og Bane AS
Bergen nord, inkl. Osterøy og servicelinjene01.10.2020 – 30.06.2030 (1+1)BruttokontraktTide Buss AS
Vest (Øygarden / Askøy)25.06.2019 – 25.05.2028 (+1+1)BruttokontraktTide Buss AS
Nordhordland16.08.2018 – 15.08.2027BruttokontraktVy Buss AS
Sunnhordland02.07.2017 – 28.06.2026BruttokontraktTide Buss AS
Hardanger / Voss16.08.2016 – 22.06.2025BruttokontraktTide Buss AS
Modalen / Vaksdal16.08.2016 – 22.06.2025BruttokontraktModalen – Eksingedalen Billag AS
Sogn19.06.2017 – 22.06.2026BruttokontraktTide Buss AS
Sunnfjord20.06.2016 – 23.06.2026BruttokontraktFirda Billag AS
Nordfjord23.06.2014 – 19.06.2026BruttokontraktFirda Billag AS
Kontraktar – ferje
SambandVarigheit til (+ års opsjon)Type kontraktOperatør
1037 Barmen–Barmsund31.05.2029 (+2)NettokontraktVidar Hop Skyssbåter AS
1038 Stårheim–Isane31.12.2026NettokontraktFjord1
1039 Måløy–Husevågøy–Oldeide31.12.2026NettokontraktFjord1
1040 Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet *31.12.2026NettokontraktFjord1
1041 Daløy–Haldorsneset31.12.2026NettokontraktGulen Skyss AS
1042 Rysjedalsvika–Rutledal–Krakhella31.12.2026NettokontraktFjord1
1043 Hisarøy–Mjånes31.12.2026NettokontraktWergeland AS
1140 Askvoll–Gjervik–Fure–Askvoll31.12.2026NettokontraktFjord1
1141 Askvoll–Fure–Værlandet31.12.2026NettokontraktFjord1
1020 Hatvik–Venjaneset31.12.2029BruttokontraktFjord1
1021 Halhjem–Våge31.12.2029BruttokontraktFjord1
1022 Krokeide–Hufthamar31.12.2029BruttokontraktFjord1
1023 Husavik–Sandvikvåg31.12.2029BruttokontraktFjord1
1028 Fedje–Sævrøy31.12.2029BruttokontraktFjord1
1029 Leirvåg–Sløvåg31.12.2029BruttokontraktFjord1
1030 Langevåg–Buavåg31.12.2029BruttokontraktFjord1
1026 Jondal–Tørvikbygd31.12.2028 (+1)BruttokontraktFjord1
1027 Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes31.12.2028 (+1)BruttokontraktFjord1
1032 Skjersholmane–Ranavik31.12.2028 (+1)BruttokontraktFjord1
1033 Jektevik–Nordhuglo–Hodnanes31.12.2028 (+1)BruttokontraktFjord1
1034 Fjelberg–Sydnes–Utbjoa31.12.2028 (+1)BruttokontraktNorled
1035 Klokkarvik–Lerøy–Bjelkarøy–Hjellestad31.12.2028 (+1)BruttokontraktNorled
1019 Masfjordnes–Duesund31.12.2028 (+1)BruttokontraktWergeland AS
1024 Kvanndal–Utne31.12.2028 (+1)BruttokontraktBoreal Sjø
1025 Kinsarvik–Utne31.12.2028 (+1)BruttokontraktBoreal Sjø
1031 Skånevik–Matre–Utåker31.12.2028 (+1)BruttokontraktBoreal Sjø
Kontraktar – båt
KontraktKontraktsperiodeType kontraktOperatør
Sunnhordland–Austevoll–Bergen
Lokalbåt Austevoll
01.01.2014 – 31.12.2027BruttokontraktNorled AS
Espevær–Eidesvik
Hellesøy–Lyngøy–Hernar
01.01.2014 – 31.12.2027NettokontraktGulenSkyss AS
Rosendal–Bergen
Reksteren–Våge–Os
01.01.2014 – 31.12.2027NettokontraktL. Rødne & Sønner AS
Bybåtsambanda i Bergen01.01.2023 – 19.01.2025BruttokontraktNorled AS
Bybåtsambanda i Bergen20.01.2025 – 15.01.2040BruttokontraktFjord1 AS
Turistrute Hardanger (Norheimsund–Eidfjord, sommarrute)01.05.2020 – 30.09.2026NettokontraktNorled AS
Lokalrute Geitanger–Knapskog01.07.2019 – 01.07.2026NettokontraktGeitanger Transport AS
Lokalrute Osterfjorden01.08.2019 – 31.07.2026NettokontraktOsterøy Ferjeselskap AS
Hurtigbåt
Bergen–Nordfjord / Sogn
Nordfjord–Bergen
Sogn–Bergen
Bergen–Flåm (sommarrute)
01.05.2022 – 30.11.2026NettokontraktNorled AS
Lokalbåt Gulen og Solund
Gulen–Ytre Solund
Hardbakke–Nåra–Mjømna
Hardbakke–Kolgrov–Utvær
Gåsvær–Midtre Solund–Hardbakke
Nord-Solund
01.05.2022 – 24.06.2029 (1+1)BruttokontraktVidar Hop Skyssbåt AS
Lokale båtruter i Sogn og Fjordane
Florøbassenget (nord / sør / vest)
Måløy–Silda / Måløy–Gangsøy–Risøy
Vik–Ortnevik / Ortnevik–Måren–Nordeide
Kaupanger–Frønningen
01.05.2024 – 30.04.2036 (+ inntil 2 år)BruttokontraktNorled AS
Kystvegekspressen Florø–Smørhamn–Måløy–Selje01.05.2024 – 30.04.2025 (+ inntil 4 år)BruttokontraktNorled AS
Godsbåt Bergen–Gulen, Solund og Askvoll16.08.2022 – 15.08.2027 (2+2)NettokontraktVidar Hop Skyssbåt AS

Foto

Bybane og buss i Bergen sentrum: Sandor Dahl, Åsane Tidende
Ferje: Morten Wanvik
Kronstad bybanestopp: Iver Daaland Åse, Bybanen Utbygging
Bestillingsbuss i Samnanger: Roy Gunnar Blommedal, Skyss
Bybanekunst: Ingrid Dreyer, Skyss
Reisande: Morten Wanvik
Bybanen om vinteren: Morten Wanvik
Vestlandshuset: Karoline Rage, Skyss
Åshild Fossgard Sandøy og Jannike Fredin: Øyvind Strømmen, Skyss
Illustrasjonsbilete frå Florabassenget: Øyvind Strømmen, Skyss