Korleis utviklar kollektivtrafikken seg i bergensområdet? Takk vere automatisk passasjertelling har vi gode tal for både buss og bane i området som er dekka av byvekstavtalen.
| Kategori | 1. kv. 24 | 2. kv. 24 | 3. kv. 24 | 4. kv. 24 | 1. kv. 25 | 2. kv. 25 | 3. kv. 25 | 4. kv. 25 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Buss, byvekstavtaleområdet | 14 936 000 | 14 889 900 | 13 598 500 | 15 310 800 | 15 718 500 | 14 711 800 | 13 692 400 | 15 456 800 |
| Bybanen | 6 349 900 | 6 658 000 | 6 192 900 | 6 649 600 | 6 649 100 | 6 519 300 | 6 153 100 | 6 991 400 |
| – linje 1 | 4 905 400 | 5 221 800 | 4 834 900 | 5 127 700 | 5 054 500 | 5 020 000 | 4 696 600 | 5 345 600 |
| – linje 2 | 1 444 500 | 1 436 100 | 1 358 000 | 1 521 900 | 1 594 600 | 1 499 300 | 1 456 500 | 1 645 700 |
| Bybåtane | 203 200 | 234 900 | 193 400 | 210 500 | 204 900 | 214 800 | 216 017 | 216 001 |
Ser vi overordna på det har veksten i byvekstavtaleområdet i og rundt Bergen vore sterk i ei årrekkje. Dette har vore drive delvis av opninga av nye bybanetraséar. Bybanen utgjer med 26,3 millionar påstigande også ei ryggrad i heile kollektivsystemet.
Samstundes skal vi ikkje gløyme at fleirtalet av dei kollektivreisande er bussreisande. Suksessformelen for eit velfungerande kollektivsystem ligg i samvirket mellom ulike transporttilbod. I 2025 vart det bussane som hadde flest nye påstigande i absolutte tal, med kring 850.000 fleire påstigingar i løpet av 2025 enn året før.
Sterkast var denne veksten på nokre av hovudlinjene i Bergen, og på regionstamlinja mellom Os og Bergen.
Millionar påstigingar. Linje 400 er ny frå januar 2025.
Vis tala bak grafikken
| Linje | 2025 | 2024 |
|---|---|---|
| Linje 3 | 4,19 mill. | 4,13 mill. |
| Linje 4 | 4,74 mill. | 4,67 mill. |
| Linje 5 | 3,22 mill. | 3,30 mill. |
| Linje 6 | 3,71 mill. | 3,75 mill. |
| Linje 10 | 2,77 mill. | 2,68 mill. |
| Linje 12 | 2,42 mill. | 2,32 mill. |
| Linje 16E | 2,67 mill. | 2,61 mill. |
| Linje 19 | 2,62 mill. | 2,61 mill. |
| Linje 20 | 1,46 mill. | 1,56 mill. |
| Linje 50E | 1,25 mill. | 1,21 mill. |
| Linje 300 | 1,61 mill. | 1,54 mill. |
| Linje 400 | 1,36 mill. | – |
| Linje 460 | 1,31 mill. | 1,25 mill. |
| Linje 600 | 1,95 mill. | 1,81 mill. |
Det er også betydeleg vekst på Bybanens linje 2. På linje 1 var veksten på si side på berre 0,1 prosent. Ei forklaring kan vera at reisande i Årstad bydel som kan velje mellom dei to linjene i større grad har byrja å velja linje 2. På denne er det framleis god kapasitet, også i rush, medan linje 1 tidvis kan vere prega av trengsel.
Tala over inkluderer også fleire avviksperioder. I januar hadde linje 1 to dagar med driftsstans, som eit resultat av uvanleg store snømengder og vanskar med rydding av sporet. Sommaren 2025 var haldeplassane i Bergen sentrum stengte for begge bybanelinjene grunna vedlikehaldsarbeid. Ein periode var også haldeplassane Nygård, Florida og Danmarks plass ute av drift. Dette har påverka reisetal, og har også ført til utfordringar med den automatiske passasjerteljinga. Det siste er dekka opp gjennom å inkludere eit nedre estimat på tal påstigande som manglar i teljinga i tala for juli. Dei reelle påstigingstala er truleg noko høgare.
Vedlikehaldsarbeid får konsekvensar
Ser ein vekk frå dei nemnde avviksperiodene, er veksten på Bybanen noko høgare enn tala på årsnivå viser.
Samstundes har Bybanen no ein alder som gjer at vedlikehaldsbehovet på infrastruktur vil auke noko, og vi kan vente nye periodar med avvikskøyring som kan påverke trafikk og reisetal.
Vedlikehaldsarbeid påverka også fleire av dei største busslinjene i Bergen i løpet av 2025. Stengingane av Kalvedalsvegen og Michael Krohns gate har hatt negativ påverknad på dei mykje brukte linjene 5, 6 og 20. Samanlikna med 2024 mista desse tre linjene over 200.000 påstigingar i tredje kvartal.